Fra blyantstrek til fylde og form.

Det var lenge in med augebryn tynne som blyantstrekar. Den tid er forbi. 

Eg har nappa augebryn sidan eg var 15 år. På vidaregåande farga eg håret rødt og tegna litt rødfarge inn i augebryna for at det skulle matche. Deretter vart augebryna tynnare og tynnare, og til slutt tegna eg dei syltynne med svart kajal og det var lite av dei ekte augebryna under. Deretter, og det er jo bare nokre få år sidan, tatoverte eg augebryna.

No er det in med meir naturlege augebryn med ekte hår igjen (heldigvis), og eg har sjølv latt augebryna vokse ut igjen. Eg har følt meg som ein «bushman» iblant, men det er jo bare ein vanesak. Men eg ønska meg mørkare og meir markerte augebryn med med fylde og form, og då ville Natalie at eg skulle prøve Henna farge. Skilnaden på vanleg farge og Henna er at Henna er naturleg farge og den skal vere pleiande for brynhår og skal vare i fleire veker om gongen. Supert, tenkte eg! Lets do it!
Sjølv om trendar kjem og går er heldigvis fyldige augebryn framleis noko mange ønsker å ha. Kraftige «mannebryn» var i vinden ein periode, men no går det over i meir fokus på det naturlege. Fyldige, naturlege augebryn med ekte hår. Og det er ein kjempebra trend! Alt som er naturleg er bra. Både for oss voksne og våre små barn og ungdommar som veks opp i ei tid der naturleg faktisk ikkje lenger er nødvendigvis det normale. Dumt, men sant.

—————

Det tok 30-40 minutter å ta Henna-fargen i, og eg fekk beskjed om å ikkje få sjokk når eg skulle sjå meg i speilet. Det var veldig uvant! Men samtidig grådig tøft! Etter eit par dagar gjekk det aller mørkaste over, og eg var storfornøgd! Det var så herlig med fyldige augebryn, som eg slapp å tegne tjukke og mørke sjølv før eg skulle ut dørene.

Snapchat: Neeten

Den mørke fargen skulle holde i opptil 6 veker. Eg vil seie at den varte i 4-5 veker. Det kan hende det er avhengig av kvar enkelt. Eg trenar og svettar mykje. Dusjar ofte og tar morgenstell og kveldsstell. Eg er blitt mykje flinkare på hudpleierutinar etter at eg blei forhandlar for egne hudpleieprodukt, og eg vaskar, rensar og smører hud og hår med glede for å beskytte og pleie.
———————

Eg veit kun om Vippeexperten Natalie de Kor som bruker Henna endå i Førde. No har ho flytta til nytt lokale, som ligger i 1.etasje på Elvetorget. Der tilbyr ho vippeextensions, farging og forming av bryn, permanent vippebøy, laminering av vipper + lash-botox og microblading. HER kan du sjå prisar og bilder frå mi første vippebehandling hos Natalie.

Bur du i Førde og omegn, eller bare skal forbi, og har lyst på ein liten oppfriskning, enten det er vipper eller bryn, kan du kontakte Natalie på telefon 90 232 633 eller du kan like sida hennar og sende ho ein PM HER. Du kan og følge ho på Instagram HER.

Klem fra Anita