4 land på 14 dagar

Actually, the best gift you could have given them was a lifetime of adventures..

Når eg reiser på ferie liker eg å oppleve mykje. Gjerne litt ekstraordinære ting, iallefall meir enn å bare ligge strak ut på solsenga. Misforstå meg rett, det kan vere akkurat avslapping på strand eg treng nokre gonger, men mest av alt ønsker eg større minner, om eg kan kalle det det. Derfor drog eg med meg familien min til Berlin i sommer, etter at vi hadde vore i Legoland. Då får vi alle litt viljen vår, ikkje sant?

Vi starta ferien 1 veke før skulane var slutt. Dette fordi ei helg i juni, kvart år, reiser eg på årets gøyaste, mest spektakulære firmafest i Sverige. Dette året skulle vi uansett ha tidleg ferie, og dermed blei familien med til København denne helga. Vi overnatta 1 natt på Nes Camping i Norge, før vi køyrde over grensa, shoppa litt for lenge på Nordby Køpcenter og reiste vidare til Gothia Towers. Gothia er eit av Europa´s største hotell med 1200 rom og suiter, 5 restauranter og ein spektakulær spasalong med svømmebasseng der golvet er av glas. Ikkje bare bare for oss som er bittelitt redd for høgder. Forever Living Products spanderte hotelloppholdet på meg og min mann, det einaste vi måtte betale var den nette sum av 200,- for våre 3 barn.

Vi hadde utsikt rett over til Liseberg, og gutane satt heile laurdagskvelden med godteriposane fra svenskegrensa og studerte alle karusellane, fargane og folk som gjekk inn og ut. Søndagen var gutta boys med pappaen sin på Universeum, som også var rett over gata for hotellet, medan eg og Angelica tok Forever-bussen til firmafesten, som vi kallar Summerparty.  

Summerparty holdast alltid på slottet vårt. Vi kallar det slottet, fordi det opprinnelig er akkurat det, og sidan 1978 har det vore hovedkontoret til Forever Skandinavia. I år feira vi altså 20 år i Skandinavia! Eg var og i USA for å feire 40 år der, i april i år, som du kan lese om HER om du vil.

På Summerparty møtast forhandlarar frå Norge, Sverige, Danmark og Finland, og det er alltid ein glede å vere blant ein så positiv folkemasse som alle IFBO´s (Independent Forever Business Owners) som kjem hit. Vi får høyre eksepsjonelle foredrag, og det er desse lærerike timane eg liker aller best med eventene til Forever. Dei får inn verdenskjente mennesker til å snakke for oss, i tillegg til forhandlarar som har gått vegen før oss og viser oss korleis det kan gjerast.

Heile Summerparty er basert på eit nytt tema kvart år, og i år var temaet Ameican BBQ. Alle som vil kan kle seg ut, og her er det ikkje få som slår på stortromma. Alle partytelta, sjølve slottsparken som vi er i, og barane der vi får drikkevarer og snacks er pynta og dekorert i perfekt stil til temaet.

Vi får og muligheten til å shoppe, både produkter, materiell til heimebutikken, bøker om network marketing, business og personleg utvikling, gadgets, vesker, t-skjorter, treningsklede og mykje meir.

Etter ei helg i Sverige som gjekk alt for fort skulle vi vidare. Summerparty over for denne gong, og eg kjem tilbake neste år.

****

Vi hadde forhåndsbestilt plass på Stena Line fra København. Der hadde vi og bestilt buffet på forhånd og brukte timane på båten mest i matfatet. Det første vi såg når vi køyrde av båten i Danmark var faktisk aloe vera-planter langs vegen. Det var eit riktig fint syn det, etter ei inspirasjonsrik helg på firmafesten der aloe vera er essensen i heile firmaet vårt. 

Vi hadde 1 veke i campinghytte i Danmark. Eit par dagar slappa vi av på campingen, dei andre dagane var vi i Legoland, Lalandia, køyrde ut til kysten Hvide Sande, og var på ein liten, men kjempekoselig, familiedreven dyrepark.

Hoppeputa bak hytta vår var MYKJE i bruk 🙂

I Legoland var det første vi gjorde å møte Lego Batman. Skikkelig kult for våre 2 minste, og det er dette dei nevner når eg spør dei om kva dei likte best og husker fra Legoland.

Så mange imponerande bygningar! NASA var ein av mine favorittar.

Sjølv om vi kosa oss veldig med LEGO-kaffi,

Ben & Jerry is, utstillingar, karusellar og alt anna Legoland har å by på,

så blir det litt slik som på bildet over og. Køer, litt venting og litt slitsomt iblant er det jo med parkdager… 😉

****

I Lalandia blei vi nesten forfjamsa når vi kom inn. Eg hadde forventa eit badeland. Ja, eit stort badeland. Men ingenting i nærheten av dette. Det vi kom inn til var Syden! Det var palmer og blå himmel. Det var bygninger med restauranter, cafeer, butikker og aktiviteter. Det var koselige gater og det virka som om vi var ute ein deilig kveld i eit behagelig varmt Syden-land.

Og sjølve badelandet var ikkje mindre imponerande! Med bading, sklier, mat og endå meir bading kosa vi oss der i 6 timar.

Etter ein slik badedag, vart det den enklaste kvelden av dei alle på ferie å få barna til å falle i søvn.

****

Den mest vindfulle dagen (virka det som for oss når vi kom dit iallefall) køyrde vi ut til kysten, og tenkte vi skulle få bade på dei deilige, lange, kvite strendene som er i Danmark. Men denne dagen var det nesten folketomt, og dei få som var der måtte til med jakke, hette og langbukser. Sanden svei på leggane, sanden kom i augene våre og det var ikkje akkurat den ideelle stranddag.

Men vi fekk no sjå kor fint det var på Danmark´s strender i det minste! 🙂

****

Eit besøk innom Skværup Zoo var midt i blinken etter snart 1 veke i Danmark. Ein liten, familiedreven dyrehage, men likevel med så mange kule dyr! Vi vart ikkje utslitne av å gå for mykje heller, for dyra var nærmare kvarandre enn det vi tidlegare har opplevd i f.eks Kristiansand Dyrepark. Her var det korte distanser, men like mykje spennande å sjå.

Caps-gjengen planlegger ruta 🙂

Vi fekk sjå dyr vi aldri hadde sett før, slik som denne sværingen og ein stor svart panter. Den største panteren i Europa var det sagt. Så uansett kor lite noko er, kan det vere veldig bra også. Vi var iallefall meget fornøgde med å ha tatt turen til Skværup Zoo. Uten å vere komplett utmatta i etterkant av eit dyrehagebesøk.

****

Første veka på ferie allerede overstått, siste veka skulle vi tilbringe i storbyane i Tyskland. Første stopp var Hamburg. Den byen vart egentlig valgt kun fordi den var på vei til Berlin, men den hadde mykje å tilby.

Vi valgte å bruke den einaste heile dagen vår der i Planten Un Blomen, ein kjempestor, fantastisk fin park med mange leikeplassar, restaurant og kafear, elvar og fontener, og ikkje minst nydelige blomstrar og forskjellige små skogar.

Og det eine sjølvsagte måltidet vi iallefall måtte ha i Hamburg, det var så klart hamburger. Denne restauranten låg inne i Planten Un Blomen, og den burgeren var fenomenalt god!

2 fine folk i ein djup pauseprat i parken 😉

Vi gjekk heile dagen. Fra kl.10 om morgenen for å gå til parken, deretter nokre timar i parken på veg til sentrum. Der handla vi litt på nokre butikkar, før vi tok samme vegen tilbake igjen gjennom parken. Og derifra var det endå 1 time å gå til hotellet. Slitne folk tilbake på hotellet, rett i seng og lade opp til ny biltur dagen etter.

Vel framme i Berlin og klar for siste skikkelige feriested før heimreise.   

Første dagen i Berlin gjekk vi til Brandenburger Tor (porten i bakgrunnen). Deretter tok vi ein hop on-hop off-buss, så vi fekk sjå litt av byen. Vi fekk sjå utruleg mange flotte bygningar og monumenter, og ikkje minst fekk vi sjå Berlinmuren.

****

A mind stretched by new experiences can never go back to it´s old dimensions. Travel. Learn. Grow.

****

Dag 2 i Berlin reiste vi til Oranienburg for å oppleve Sachsenhausen Concentration Camp. Først brukte vi 4(!) timar på å komme oss dit, fordi vi måtte bytte fleire tog, og gjekk inn på feil tog eine gongen. I tillegg måtte vi gå langt fra togstasjonen i Oranienburg for å komme dit, og vi gjekk til og med for langt, og måtte gå eit godt stykke tilbake og inn ein anna vei. Typisk oss tenkte vi. Det var og 32 grader denne dagen, lite ventilasjon i togene, og lite skygge der vi gjekk, så om vi var varme, klamme og slitne egentlig heile dagen? Ja.

Men det var verdt det. Sjølv om det er grusomt å oppleve ein slik stad på nært hold og lære endå meir om kva som faktisk skjedde her, og kva forhold desse uskyldige menneska levde under, så er det ein del av historien til vår verden som vi aldri kjem til å gløyme.

I det kvite hovedbygget hadde dei tyske ledarane kontor, og øverst ein terrasse dei kunne holde utikk, eventuelt skyte ifra. På bakken der det ligger mykje steinar på bildet, var det brakker tidlegare. Brakker fulle i mennesker som visste at dei kom til å dø snart. I velkomsttalen fekk dei høyre at einaste måten dei kom til å komme seg ut fra leiren på, var som aske gjennom pipa..

I patologi-bygget fekk vi først sjå undersøkelserommet. På desse kalde, harde benkane blei vanlege mennesker, akkurat som deg og meg, tvungen til å bli forska på. Mange blei sjuke eller forgifta av sprøyter og behandlinga dei fekk her, og mange døydde av ulike medisiner som dei var forsøkskaniner på.

I kjellaren av patologi-bygget var det fleire gasskammer. Store gasskammer. Det er vanskelig bare å skrive om det merkar eg. Å vite for ein smerte nokre mennesker har tilført andre mennesker, som ikkje hadde nokon grunn til egentlig måtte vere der. Det er så rart at nokre menneske trur at dei kan råde over eit anna folkeslag, og tru at dei er noko bedre enn dei. Eg klarer ikkje å forstå det. Det var maktsjuke menneske som Hitler og hans ledargruppe som aldri skulle ha komt til makta, for makt var alt dei ville ha..

I etterkant har eg sett nokre filmar og dokumentarer om 2.verdenskrig, og på kun 1 dag vart det skutt 30 000(!) uskyldige jøder. På 1 dag! Ikkje i Sachsenhausen, men ein anna stad der menneska blei stilt på rekke, skutt i hodet, og deretter falt dei ned i den lange, djupe grava dei hadde gravd ut sjølv. Rekke etter rekke. Å stille seg opp der, og vite at «No dør eg, og eg kjem til å falle ned på alle dei døde menneska, og forsvinne for alltid..» Menneskeutslettelse på sitt verste.

Opp denne trappa fra kjellaren i patologi-bygget blei menneske som omkom i gasskammeret, trilla opp i ei vogn og vidare til massegrava eller ovnen. Det kunne ligge meterhøge rekker av døydde, nakne mennesker bortover veggane i kjellaren på desse husa. Det er snakk om å drepe fleire 100 uskyldige menneske kvar dag, bare fordi nokre trudde dei var bedre enn andre. Igjen, det er heilt ubegripelig å forstå, og eg kan vel bare gi meg på å prøve å forstå kva som foregjekk i hodet på menneske som Hitler og hans gjeng..

Diverse utstyr som blei brukt for å banke og slå fangane.. Støvlane vart også mykje brukt for å sparke dei i hel..

Det var ikkje mykje privatliv dei fekk.. Toaletta stod rekke på rad. Vaskane også. Og her kom vaktane inn som dei ville og terroriserte og torturerte uskyldige menneske…

Sengene stod tett i tett både oppover og bortover. At dei ikkje var verdig noko meir plass var tydeleg.. Her var det og så mykje sjukdom, infeksjonar og svolt at mange fangar døydde før dei rakk å bli tatt av dage av vaktane eller gasskammeret..

Fangedraktene dei fekk når dei kom inn. Reknar nok ikkje med at dei fekk nye heller, eller at dei vart vaska..

Inne i nokre glasutstillingar såg vi bøker med bilder av fangane. Det var litt spesielt at av alle bøkene som låg lukka, låg den eine åpen, og der var det ein fra min heimstad. Helge Bydal overlevde 2 år i tysk fangenskap. I alt var det 13 personar fra lille Førde som sat i tysk fangenskap, 12 av dei kom heim i live, inkludert Helge Bydal.

Området var så stort at det var ikkje til å fatte. Og dette var bare ein liten del av leiren fekk vi sjå på denne steinen når vi var på veg ut av konsentrasjonsleiren. Vi var kun inne i den lille trekanten midt på kartet vi! Det er vanskelig å sjå det for seg. Og bare tenk på kor mange slike leirar som blei bygd bare i åra 1940-1945, i fleire land.

Det er virkelig heilt uvirkelig, heilt ufattelig, at noko sånt har foregått. Det er skrekkelig grusomt og fryktelig interessant på samme tid. Eg er takknemlig for at eg fekk med meg familien hit. For om det er noko vi kjem til å hugse fra sommarferien 2018, så er det dette lærerike, rystande møtet med Sachsenhausen konsentrasjonsleir.

****

Dagen etter besøket på konsentrasjonsleiren reiste vi heimover igjen. Nokre timar køyring opp til Puttgarden i Tyskland, inn i Danmark via ferja Puttgarden-Rødby, deretter brua over til Sverige. Og ganske nærme Norge fant vi ut at vi måtte finne oss ein stad å sove. Og vi fant den perfekte plassen. Ein liten campingplass ved vatnet.

Vi fekk vår eiga kjempefine hytte, med tilhøyrande hage, utestue, hagebenk, og til og med ei ekstra sovestue med ei køyeseng og ein do. Men alle barna ville sove i den største hytta, så vi samla oss alle inn i den. Barna på sofaen i stua, og vi voksne på hedersplassen på soverommet. Den beste senga eg hadde sove i heile turen!

Her var og så og seie ingen småkryp, ingen edderkopper oppover veggane og lite fluer og andre insekt. Vi sat ute til langt over midnatt og såg på den fantastiske utsikten på den stille og rolige campingplassen.

Morgonen etter fekk vi deilig, fersk frokost i resepsjonsbygget der dei og hadde ei kjempekoselig spisestue. Utsikten fra frokostbordet var uslåeleg, dessverre fekk eg det dårleg med på bildet. Kaffien tok vi ute, der vi og fekk nyte den nydelige utsikten og den friske morgenlufta litt til.

Angelica prøver å holde fast brødrene, så mor får ta nokre fine bilder før avreise. Og ein ting skal vere sikkert, denne plassen kjem vi tilbake til!

Etter mange timar på vegen kom vi heim til Førde. Alltid godt å komme heim, der ein kan roe ned og tenke tilbake på dei fine minnene som vart skapt på våre 14 dagar gjennom 4 land; Norge, Sverige, Danmark og Tyskland.

WHERE TO NEXT? 😉 Spania faktisk.

Life is not measured by the breaths we take, but by the moments that take our breath away.

 

Klem fra Anita