Å bli der er eit valg.

You are 100% responsible for your life. Stop whining and do something about it. 

Kva er det første steget mot å komme ut av ein depresjon og ut av eit stort, svart hol? Det er å bestemme deg for at du ikkje er villig til å bli der du er! Du har bare 2 valg i dette livet: Gi opp eller gi det eit forsøk til. Du kan gi opp. Og det har eg gjort mange gonger. Men så har eg reist meg igjen. Å feile er enkelt og greit ein mulighet for å starte på nytt igjen. Bare denne gongen meir intelligent enn forrige gong. Vi lærer av alle feil vi gjer. La det vere ein læring, ikkje eit svik mot deg sjølv. Å falle er eit uhell, å bli der er eit valg.

IMG_8287

Vi har bare 1 liv. Skal du virkelig ligge der og synast synd på deg sjølv og la vekene, månedane og åra gå? Skal barna dine sjå deg slik? Minnast deg slik? Ønsker du det same for dei? Barna ser på sine foreldre som sine store forbilder og rollemodeller. Dei vil vere akkurat som deg. Like fin og flink som mamma og like sterk og kul som pappa. Du må vere den du trengte då DU var yngre. Du lager faktisk eit ekte menneske dei første åra. Gjer dei sterke i sinn. Fortell dei kvar dag at dei kan klare ALT dei vil her i livet. Alt startar i barndommen. Lær dei å gjere godt for andre. Dei skal få kjenne på det å hjelpe andre og finne glede i det. Verda treng folk som dette.

IMG_7746

Det kan vere mykje som gjer at ein kjem inn i noko ein sjølv vil kalle ein depresjon. Eg har hatt mykje eg kunne legge skylda på for mine nedturer. Men eg lært at det kun er eg sjølv som kan bestemme over mitt liv. Ikkje kva som har skjedd med meg. Livet er 10% av det som skjer med deg, og 90% korleis du ser på det.

Mange kan tru på deg, men det betyr ingenting om du ikkje har trua på deg sjølv. Det einaste som står mellom deg og den du ønsker å vere er den tåpelige historien du fortsetter å fortelje deg sjølv om at du ikkje kan klare det. At du ikkje er god nok. At du ikkje er verdt noko. Tenk på alle som er glade i deg. Er du sikker på at du ikkje er verdt noko? For foreldra dine? For søskena dine? For hunden din? For vennane dine? For barna dine? For barna dine er du heile verda. Du betyr mest. Gå og gi barnet ditt ein ekte klem og fortell at du elsker dei. At du ønsker alt det beste for dei. At du fra no skal vise dei kor magisk livet faktisk kan vere.

IMG_6288

*****

For deg som har lest så langt (tusen takk), så kan eg fortelje at dette blogginnlegget skreiv eg for ca. 4 år sidan. Då var eg sjølv på veg oppover frå min depresjon, og hadde det veldig bra fordi eg tok tak i livet mitt. No har eg falt litt igjen, og kjemper meg gjennom kvar dag. Eg har lagt på meg igjen, eg har lite arbeidslyst, eg har lite energi og er slakkare i matfronten enn på lenge. Den sosiale angsten er komt tilbake, og mindreverdighetsfølelsen regjerer litt meir enn den burde få lov til. 

 

Men så er det slik at det kun er ein liten dagleg action som skal til for at ein skal kjenne håp og mestring- Om ein fortset å gjere den lille daglege aktiviteten neste dag og dagen deretter, vil det oppstå eit momentum. Eit momentum som gjer oss meir positive og gir oss guts til å fortsetje, og til å gjere endå meir. For det er faktisk slik at vi GÅR ikkje gjennom dei tunge tidene, vi VOKSER gjennom dei. Eg som gjekk inn i stormen er ikkje den same når eg kjem ut av stormen. 

 

Eg ville egentlig bare fortelje dette. At eg har ei tung tid og vil vere åpen om det. Kanskje dette bare var eit innlegg til meg sjølv, som ein påminnelse om at eg er sterk, smart og vil alltid klare å komme meg ut av det svarte holet eg fell ned i nokre gonger. For vi står alle oppreist endå, vi har gjort ein bra jobb så langt. Og livet skal ikkje vere lett. Livet er ikkje ein dans på roser. Det er tøft, og vi må gjennom mykje for å sette pris på det vi har. Takk for at du las, så snakkast vi igjen snart. 

 

Klem frå Anita