Å tenke seg til suksess

 

Etter samtale med Lene Alexandra i dag har eg tenkt mykje. Setter du av tid til å tenke? Eg og Lene snakka om mål og delmål, kva som er viktig her i livet, korleis vi ønsker å vere, om at gode ting tar tid og at vi trenger å vere takknemlige for alt vi får til, og kunne klare å sjå oss sjølve og våre personlige seire utenfra.

IMG_9677

Fotograf: John Andresen Treningsklede: Bodyshapes.no

Eg har hørt at dei som kjem dit dei vil i livet tenker. Dei setter av tid til å bare tenke. Det gjorde eg i dag. Eg tenker over kva eg har oppnådd, vore gjennom og så ser eg meg sjølv i framtida og kven eg ønsker å vere. Det å sette av 20 minutter bare til å tenke. 1 dag i veka. Er det noko du kunne gjort trur du? Uten mas fra mobil, tv. Uten forstyrrelser fra barna. Det gjer jo veldig godt å bare … vere …

IMG_0683

Når eg går tur med huskyjenta vår tenker eg mykje. Det er ofte då eg kjem på idear og ting eg vil gjere som kan hjelpe meg framover. Og andre gonger bare kjenner eg på godfølelsen eg har inne i meg, over kor fint livet er no og kor takknemlig eg er for det eg har. Eg smiler gjerne for meg sjølv når eg går på tur. Kanskje ser folk dumt på meg, men eg klarer ikkje la vere. Musikken som fyller hodet mitt med gode tankar får meg til å smile.

IMG_9510

Det går faktisk an å bruke tankane for å bli suksessfull. Iallefall som eit av hjelpemidlene. Sett av 20 minutter denne veka, og bare ligg og tenk. Ta med deg noko å skrive på og med. Du skal sjå det plutselig dukkar opp noko nyttig, enten det er noko du vil gjere, hjelpe andre med, eller noko du drømmer om som du vil få ut i livet. Lykke til og god mandagskveld 🙂

Anita, LALifestyler.