Angelica elsker scena!

  As for my girl, I’ll raise her to think she breathe fire.

Forever Successdays 2016 med eit snev av diabetes

Eg og jenta mi gleda oss veldig til å vi skulle til Oslo ilag. For meg er desse jobbeventene årets høgdepunkter. For Angelica var det veldig spennande å skulle bli med til Oslo og ha jentehelg på hotell. Angelica var i bursdagsselskap fredagskvelden, og det blei seint i seng. Vi skulle tidlig opp og avgårde til Bringeland flyplass. Då eg målte ho, ho har ein sensor på armen der vi scanner blodsukkeret, var ho høg, så eg satte meir insulin som går inn i kroppen via ei pumpe ho har. Men ut på natta våkna eg av at ho gjekk på do, og ho sa at ho hadde vore på do 3 gonger allerede. Då måtte eg måle igjen, og ho var så høg i blodsukkerverdi som ho aldri har vore før. Utanom då ho vart innlagt når diagnosen blei eit faktum og ho hadde over 40 i måling.

Vi måtte til med urinprøve midt på natta, og eg som aldri har opplevd så høgt før blei engstelig og ringte legevakt. Vi fekk etterkvart beskjed om å komme på sjukehuset, med mest sannsynlighet for innleggelse. Vi reiste rett ned på sjukehuset og einaste som gjekk gjennom tankane mine var syreforgiftning. Vi hadde jo ikkje fått ho ned i verdi endå, og med ein del timar med så høg blodsukkerverdi kan det vere livsfarleg. Eg hadde lest i mine papirer og på nett, mens vi venta på telefon frå sjukehuset, og der stod det ord som koma, bevisstlaus, død.

IMG_7376

Heldigvis då vi kom på sjukehuset hadde verdiene falt. Det var ein stor lettelse! Vi blei på sjukehusstova nokre timar, fekk frokost og fekk lov å reise heim igjen, sidan blodsukkeret no var blitt lavere og vi følte det var under kontroll. Då var det strake vegen til flyplassen. Der vart ho veldig høg igjen i verdi, og eg lurte på om eg tørte å reise. Men legen hadde beroliga meg med at om det skulle oppstå noko kunne vi bare ringe til Ullevål og få hjelp der. Ein ting er sikkert. Jenta mi har ikkje flyskrekk. Ho syntes det var kjempegøy og var heilt gira på flyet. Eg prøvde å stresse ned fra alle tankane med litt pepsi max og mindset-lesing, men det var jammen ikkje så enkelt.

 IMG_7383 IMG_7384

Helga var fantastisk. Det er heilt sikkert og visst. Men samtidig så innmari tøff. Eg føler ikkje at eg har rett til å klage, sidan det ikkje er eg som er sjuk, og er kvalm, svimmel og får ein stressa kropp ved å ha så varierande blodsukker. Men ho er mitt ansvar, og eg er så redd for ho at det gjer vondt. Denne helga var den tøffaste helga på lenge. Eg fekk hjertebank kvar gong ho skulle målast, og det gjorde vi OFTE, i og med at vi måtte passe veldig godt på. Og dei gongane ho var veldig høg eller veldig lav blei eg så engstelig. Dei gongane verdiane var på ok nivå, high-fiva vi og pusta letta ut. For ei lita stund.

  IMG_7642

Vi klarte ikkje å få kontroll på blodsukkeret denne helga. Og det gjorde oss rimelig utslitt. Eg var heilt tom mandagen, men det hjalp å snakke med diabetessjukepleiaren som vi går jevnlig til kontroll hos. Og eg har lært mykje. Eg har lært at eg ikkje skal setje for store dosar insulin sjølv om ho er veldig høg, og så klart skal ho spise mat med trege karbohydratar. Det er så mykje som spelar inn. Tankane til Angelica kan og spele inn. Og det at ho gledar seg veldig til noko ho skal. Og det å reise. Kor mykje ho har vore i aktivitet. Det er ein veldig «omfattande» sjukdom. Det gjorde godt å snakke med min kollega Bjørn som også har diabetes. Han beroliga meg litt mens vi var i Oslo. Men det beste av alt var å komme heim. I trygge omgivelsar.

IMG_5555

Men over til alt det fantastiske som skjedde Successhelga 2016! Så mange fantastiske forelesere, musikk og magisk stemning. Mange i teamet var på scena og mottok recognition for fleire nivå. Retailers – der ein har kvalifisert seg til egen nettbutikk og heimeside. Assistant Supervisors, Supervisors, Assistant Managers. Vi har våre navn, og det er kanskje vanskelig å forstå for dei som ikkje er kjent med dei, men det er navn på ulike nivå i vår markedsplan og karrierestige. Markedsplanen i Forever er noko eg likar aller best, fordi den gir så mykje til dei som gjer jobben. Og sjølv om ein når eit nytt nivå og ikkje kan falle ned igjen, må ein likevel holde businessen ved like for å ha inntekt. Så late seg kan vi ikkje, og det er eg glad for 🙂 Eg elsker jobben min.

 IMG_7458 IMG_7596

Det å oppleve alt dette med både gamle og nye venner er ein god følelse. Vi er saman om dette, og vi jobber alle saman og som eit team. Og når vi møtast på slike events har vi det så utrulig kjekt. Vi får ein følelse av tilhørighet. Og det er veldig viktig. Det å føle tilhørighet til det ein jobbar med. Og mestring. Mestrer vi jobben vår, og vi elsker det vi gjer, blir det ein lidenskap, slik det har blitt for meg.

IMG_7657  IMG_5608

Angelica elska å stå på scena. Første gongen vi var oppe, for at eg har kvalifisert meg til Hellas-tur syntes ho det var skummelt. Andre gongen vi var oppe, for bilbonus, som er ekstra månedsutbetalinger kvar månad i 3 år, ville ho bare opp igjen fleire gonger. Dessverre vart det ikkje fleire gonger for ho denne helga. Då må ho vente til ho mor går opp endå eit nivå på karrierestigen 😉

Noko eg kjem til å fokusere fullt og heilt på gjennom årene som kjem med Angelica er at ho skal tru at ho kan «breathe fire». Med det meiner eg at på 2 år i jobben har eg lært så vilt mykje om det å utvikle meg sjølv som eg skal videreføre til Angelica. Det er min jobb å hjelpe ho å forstå at ho er rå. At ho kan klare ALT. At ingenting kan stoppe ho om ho virkelig bestemmer seg for noko og at ho bør gå for sinnsjuke store drømmer. ALT er mulig. Og det har eg nettopp lært sjølv. Og gjett om eg bruker det for alt det er verdt.

IMG_7541

Min business er den beste i verden. For meg. Network Marketing er ikkje perfekt. Men den er bedre. Eg skal nå drømmene mine. Og utan denne muligheten hadde eg aldri klart det. Eg har utvikla meg til å bli meir den eg ønsker å vere. Noko som har gitt meg meir sjølvtillit. Eg er så takknemlig. Dere skulle bare visst. Livet smiler.

Sjølv om nokre dagar er tunge, som den stressande helga vi opplevde mens vi var på Successdays, så er eg likevel så glad i alt vi har. Denne veka har det vore mange pod-feil på pumpa til Angelica, og eg har måtta reise ned på skulen meir enn 1 gong for å bytte pumpe på ho eller hente ho. Diabetes er ein stor utfordring for oss, men eg er så takknemlig for at eg kan velge å ha Angelica som førsteprioritet og sette meg ned med jobben min når det passar oss. Det er ikkje mange som har det på den måten. Så eg er veldig, veldig takknemlig.

 No sit Angelica og ei vennine i klassen og kosar seg med godis og film på iPaden. Snart skal dei legge seg. Gutane mine sover søtt. Mannen min er på fest hos mitt søskenbarn og feirer nytt hus. Eg jobber. Eg ser ikkje Netflix og eg diller ikkje med andre ting. Eg er fullt fokusert på det som må til for at eg skal komme meg på neste luksustur. Businessen skal ta av i høst. Er du med?

Snapchat: Neeten