Bare bittelitt pinlig berørt

blir eg når eg ser i statistikken kva innlegg dere klikker dere inn på.

Ikkje at eg er egentlig flau over noko eg har skreve før, men fordi eg har skifta så meining den siste tida. Når eg ser dere har klikka dere inn på innlegg som dette, blant mange andre frå bikinifitnessdiett-tida mi, så er det jo ei heilt anna jente med heilt andre tankar enn det eg har no. Men det var utruleg gøy altså! Det var blant anna då eg falt for foodprepping og lærte meg matplanlegging og blei god på det. For inspirasjon, sjekk ut profilen min HER. Kanskje eg heller kan bidra til eit sunt og næringsrikt kosthold der no, med litt meir balanse, istadenfor go all in-tendensen eg hadde.

Eg hadde virkelig lyst og tenkt til å stå på scena i bikinifitness. Eg hadde virkelig tenkt å bli minus 60 kg. Der har eg ikkje vore på så mange år at eg ikkje veit lenger. Eg husker veldig godt eit tal. 64 kg. Men då følte eg meg heller ikkje tilfreds. Men det tallet har eg ikkje sett sidan eg vart gravid med eldstejenta for 13 år sidan. Og då hadde eg sikkert vore gjennom ein slags slankekur då og.

 

No er 64 eit tall eg truleg aldri kjem å sjå igjen. Eg var nede på 78 kg rett etter bikinifitness-dietten eg gjekk på i 2016, og eg følte meg heilt vilt bra. Eg trudde eg ville mykje meir ned, men slik eg føler det no, når eg er mange kilo tyngre igjen, så var både helsa, formen og kroppen perfekt ved 78 kg. Om eg kjem meg dit igjen, blir det fordi eg vil vere frisk og rask, ikkje for å bli noko sylfide som hadde fått endå meir spiseforstyrrelser på grunn av ein konkurranse der eg måtte ned så mykje i fettprosent at eg hadde blitt veldig mentalt sjuk.

Det var mange som tok kontakt då eg uttrykte ønske om å stille i fitnesskonkurranse, dei var bekymra for meg. Og det forstår eg veldig godt. No. For eg er ikkje sterk nok mentalt til å klare det å gå opp igjen i vekt. Eg er glad eg har skjønt det. Eg heier jo på alle som er med på slike konkurranser, for dei har stålvilje og gjer det dei drøymer om. Og eg har blitt kjent med mange vidunderlige menneske som elsker fitnesslivet med diettoppkøyringer og konkurranser, og eg er så glad for dei. Men EG er ikkje  psykisk sterk nok til å gjennomføre noko sånt. Eg orker ikkje endå meir kroppskrig, meir alvorlege spiseforstyrrelser og eit endå kraftigare forstyrra forhold til mat enn det eg allerede har.

Men igjen, eg lærte utruleg mykje på den perioden eg var med i Lene Alexandra´s bikinifitnessteam, og eg har beholdt mange av dei næringsrike, mettande og ikkje minst smakfulle måltida eg lagde då. For sunn og god mat, DET er det! Så sjølv om eg heldigvis har forstått at dette var ein draum eg ikkje kunne oppfylle for meg sjølv, så er det ei læring eg tar med meg for resten av livet, fordi eg lærte så mykje. Både om meg sjølv og om sunn matlaging og planlegging. Ingenting er så gale at det ikkje er godt for  noko! 🙂

 

 

Klem frå Anita