BIKINIFITNESS: Ein av mange bragder eg vil oppnå.

I am obsessed with becoming a woman comfortable in her own skin. 

Uansett kor lang tid det tar er det å stå på scena i bikinifitness noko som skal bli ein realitet for meg. Og eg HAR satt meg ein dato, men det holder eg for meg sjølv litt til. Det er snakk om år, ikkje måneder. Det er fordi eg har skjønt at eg må ha hodet og tankar med i vektnedgangen. Vi alle som vil bli smalare, meir fit og føle oss bedre vil jo at det helst skulle skjedd i går. Men kor lang tid har vi ikkje brukt på å komme oss opp i den vekta vi er misfornøgd med? Kor mange dårlege vaner har vi ikkje danna oss i løpet av desse åra? Det vil ta lang tid å gå ned i vekt, og klare å bli der! Når vi først har bestemt oss for at no er det nok, ja då må vi innebefinne oss med at det vil ta grådig lang tid å komme dit vi vil. Dette har iallefall eg sjølv erfart. Klart det fins dei som raser ned i vekt og er superflinke ei kort stund, det klarer eg også det, men nokre få klarer faktisk å bli der. Ikkje eg.

IMG_3728

Denne gangen skal det gå. Med bikinifitness-drømmen i sikte langt der framme. I mellomtida skal eg bygge sunne, stabile vaner og fokusere mykje på styrkeløft. For det er noko eg virkelig liker å bruke tida mi på. Løfte tungt. Eg vil bli supersterk. Å kombinere vektnedgang og styrkeløft er fullt mulig, bare eg tar meg god tid og danner vaner som holder seg!

IMG_9394

Eg er ei jente som virkelig ønsker å føle meg komfortabel i min egen kropp. Og eg er ei mamma som vil ha gode og sunne mat- og treningsvaner, både for meg sjølv og min familie. Eg har vore på ei slik fitness-reise i nokre år no, og eg kjem nok ikkje til å slutte med det heller. Eg vil at det skal vere ein del av meg.

IMG_1974

Kvifor skal for eksempel det å planlegge mat og måltider, og spise fra matbokser vere unormalt og litt sånn «fitnessfreak»? Kanskje nokre syns det bare fordi det ikkje er normalen? Kvifor er det normalt å spise brødskiver til 3 måltid kvar dag, og tenke på middagen dagen lang, fordi man ikkje har planlagt den? Ja, snakker av erfaring.. Eg ønsker ikkje dette, så eg gjer noko med det, og har absolutt ingenting imot at barna mine eventuelt skulle ønske å gå i mine fotspor. Heller det enn å bli late slasker som overspiser og ikkje er fysisk aktive. Ja, snakker av erfaring der og.

IMG_3647

No er eit av mine mål å komme ned igjen i vekt til der eg var i fjor høst. Eg la på meg nokre kilo igjen etter Bikiniakademiet var slutt, og det har vore svært vanskelig å komme inn igjen i gode rutiner. Man føler seg jo litt mislykka og blir litt sånn «Eg gir blaffen..»

IMG_3713

No tar eg det litt og litt, med hjelp av superinspirerande coach Vibeke i Lalifestyle. Matboksar, foodprep og nokre dagar med trening kvar veke. Ikkje all in som eg gjorde i fjor då eg var med i Bikiniakademiet. Denne gangen, iallefall for no, har eg nokre timar heilt av matplanen på lørdagskvelden. Men ellers er det matboksar og foodprep som er det viktigste for meg no. Eg vil ha eit sånt liv, og då må eg sjå på på det som om det er det som normalt. For meg er det dette som skal vere normalt. Eg har vore fascinert av dei som lever slik lenge, så kvifor skal ikkje eg gjere det og? 🙂

IMG_3745

Så, om nokre år skal eg stille i bikinifitness. Ja, det skal eg. Men for no blir det meir fokus på å gå sakte ned i vekt, trene godt og lage kjempegode, sunne vaner som funker for meg og min familie. Det er derimot kanskje ikkje så mange år til eg blir med på styrkeløftstevne! Det er også eit mål eg har satt meg. Men eg må ned nokre kilo for å komme i den vektklassen eg vil vere i, så det er jo eit ganske fint og tilstrekkelig mål. Tar det litt og litt no, eg fokuserer på å få til dag for dag.

Eg har det aldri bedre enn når eg får til system og balanse i kvardagen, og for meg inneheld det systemet matboksar, foodprep og nok fysisk aktivitet. DÅ har eg det bra då! 🙂

Klem fra Anita