Blomkålpizza!

Den perfekte kvardagspizzaen!

Kven seier vi må ha pizza kun i helgene? Når pizzabunnen er basert på ein grønsak, må det jo bare vere bra?!

Blomkålbunn:

1 blomkål 

100 g revet ost 

2 egg 

1 ts salt

Sett ovnen på 250 grader. Mos blomkålbitar saman med ost og egg + salt med stavmiksar i ein stor bolle. 

*****

Smør blandinga utover bakepapir på steikeplate og steik bunnen i 15 minutt på 250 grader midt i ovnen. 

Når bunnen er forstekt kan du toppe den med alt du måtte ønske!

*****

Eg tok det vi hadde i kjøleskapet: 

Sukkerfri ketchup som eg smurte utover bunnen

Pølsebiter (skinnfrie pølser)

Ost 

Pepperonipølser 

*****

Pizzaen steikast i nye 15 minutt på 250 grader. Det avhenger frå ovn til ovn kor lenge du kan steike, og andre oppskrifter eg har sett har dei kortare steiketid, men i vår ovn funka det veldig bra med 15 + 15 minutt. 

Ser det ikkje godt ut?!

Bunnen min blei litt blautare i midten enn det eg håpa på. Eg prøvde utan saltet no første gong, men eg har lagt det inn under ingrediensar her, fordi eg trur bunnen kan bli endå bedre, og mindre mjuk, MED salt.

Bunnen er ikkje så kraftig og robust som andre bunner, så du kan med fordel spise den med kniv og gaffel.

Bunnen ga meg pannekake-feeling, så det smakte nesten pannekakepizza, bare utan pannekakesmaken 😉   

Mellomstemann likte denne pizzaen kjempegodt, iallefall når den var blitt kald, medan vi andre syns den var heilt ok. Så når eg prøvar igjen blir det med tilsatt salt i bunnen, og kanskje litt meir krydder og, for eksempel pepper.

 

 

Favoritten vår er dog framleis DENNE SUPERENKLE BUNNEN med karbonadedeig og løk blanda med tacopulver, toppa med ost, pepperonipølser og tortillachips. NAM! Og med rømme til, blanda med Holiday dip! 🙂 

Men FOR eit alternativ denne blomkålpizzaen er for dei som spiser glutenfritt eller lavkarbo!

Og super kvardagsmat!!

 

Klem frå Anita