Den dagen eg ble kone! Del 3: Vårt første møte

I dag feirer vi 3 år som rette ektefolk.

På denne dagen for 3 år sidan var det 2 spente menneske som skulle erklære sin kjærleik til kvarandre med ringar, prest og kyrkje, fest og middag, og mange inviterte gjestar. Godt var det når dagen endeleg kom, og godt er det som er gjort. Ein gong får vere nok. Vi er iallefall enige enn så lenge at det var første og siste gongen. 😉

*****

Vi valgte å ha vårt første møte før sjølve vigelsen i kyrkja, fordi vi ønska å ta bilete ute i dagslys. Vigelsen var satt til kl.13, og då hadde det bare blitt stress om vi skulle rekke gode bilete etter det, sidan middagsgjestene skulle møte kl.15 på Åmot Operagard.

Brudgom Chris og forlover Kim kom til bryllupssuiten (som eg og jentungen hadde bestilt kun til oss 2 kvelden før), og då hadde altså eg og min snart ektemann vårt første møte ute i gongen på Rica Sunnfjord Hotell. Vi stod på kvar vår side av ein vegg og holdt hender før vi i det heile tatt fekk sjå kvarandre. Fotografen fekk tatt fleire bilete frå denne seansen, men dessverre har eg litt problem med å laste opp nokre bilete. Difor blir det meir frå då vi køyrde opp i Sundsdalen, der vi bur, der vi tok mange bilete ute i snøen. Litt bilete kjem her:

                                              

Veldig fornøgd med bileta ute i det magiske vinterlandskapet. I Sundsdalen har vi meir snø og meir sol enn dei fleste, og med fantastisk utsikt, naturen som næraste nabo og skogmystikken rundt oss, var det her vi ville ta bilete, sidan det er her vi ville bygge og bu. Ikkje at vi sjølve har bygd huset vårt, men vi ordner på det, maler og bygger på, og har fått det ekstra koselig med spotter og meir utelys. Min kjære Chris har nyleg gjort seg ferdig med vårt nydelige stakittgjerde, og med julelys på gjerdet slik som no, er det heilt perfekt. 🙂 Neste plan er å fylle ut tunet, så det blir endå større. Vi ser fram til mange fantastiske år her oppe, og vi nyter det fredelige livet i fine Sundsdalen!

****

Kan hende dere må vente heilt til neste bryllupsdag 12.12.19 for Del 4: Vigelsen. Men det blir jo koselig å legge ut eit innlegg kvar bryllupsdag nokre år framover då. Synast eg iallefall.

 

Klem frå Anita