Det er IKKJE urettferdig!

You have to be able to push away from all the stuff that everyone else is eating. 

Denne veka har det gått superdupert med matplanen. Til og med helga har gått over all forventning! Det er så kjekt når alt går så lett! Søtsuget har ikkje vore tilstades, og no skal ferieveka på tur planleggast. Den skal gå så i detalj at det ikkje er rom for feil. Og for dere som tenker no at dette høyrast travelt og kjedelig ut, å måtte planlegge og følge ein matplan på ferie, så er det ikkje det. Men det er no meg. Eg er glad eg ønsker å ha kontroll, og ikkje la alt stå til tilfeldighetane.

IMG_3946

Eg får så utrulig god hjelp av Vibeke, og ho hjelper meg å setje opp ein plan som er perfekt for meg og gir meg litt rom for det eg ønsker å kunne kose meg med på ferie. Ja, eg får grille pølser, og eg får min faste lørdagskveld fri. Dette blir så spennande.

IMG_3949

Torsdag laga eg mat til heile denne helga og mandag. Dette består av 3 bokser kvar dag + havregryn og proteinpulver som eg har til frokost kvar dag + mørk sjokolade og diverse til kveldsmat. Tenk at eg klarer å kun spise 20 g sjokolade kvar dag då, utan å spise heile plata!? For meg er det ganske kult. Men hadde det vore melkesjokoladen med oreo som låg i skapet heile veka, så er det ikkje sikkert det hadde gått like greit. Med kun 2 ruter liksom. Med Oreo Melkesjokolade. Nei, det ser eg ikkje som oppnåelig!

IMG_3961

Fredag kosa eg og familien oss med vår faste fredagstaco. Min tacovariant er litt sunnare og enklare enn familien sin variant, og sjølv om eg elsker dei store tortillalefsene, og med mykje ost på toppen, så var dette så godt at eg klarte ikkje anna enn å seie «mmmmm» mens eg åt. Så godt var det!

IMG_3940

Etter tacoen fant eg fram snacks, og om ikkje dette ser fristande ut, så veit ikkje eg! Eg hadde det meget fint med frosne druer, nøtter, kalorifritt peanøttsmør og mørk sjokolade. MERK: Kun 2 ruter sjokolade. Resten av sjokoladen er kun for bildet sin del;)

IMG_3976

Lørdag hadde eg 3 måltider med kylling og salat, alt stod klart i kjøleskapet når eg våkna, og då det er ganske enkelt å følge planen. Eg reiste på Europris og kjøpte smågodt og anna digg kl.14, deretter på trening og løfta tungt, for så å reise heim og lage ferdig pizzaen. Bunnen hadde eg laga tidlegare, så det var bare å klæsje saman fyllet og steike heile pizzaen ferdig. Pizzaoppskriften finn du HER.

IMG_3975

Kl.18 vart det pizzakos rundt bordet, deretter masse godis! Det er så deilig å ha nokre timar av matplanen bare for å føle at eg kan spise fritt og ha skikkelig lørdagskosekveld med familien. Men det er kun lørdagskveld. Ellers i veka følger eg planen. Eg veit så utrulig godt at resultatene kvar veke hadde komt mykje raskare om eg ikkje hadde hatt det frie spisevinduet lørdagen, men det gjer ingenting. Eg er glad eg har vore gjennom så mange vektnedganger og deretter vektoppganger, at eg skjønner at denne gongen er det greit at det går litt tregare. Om eg bare går ned 1 kg i måneden, så er eg fornøgd. Bare eg har det bra i prosessen, og kjenner mestring, så kan det så lang tid som det tar.

img_0745

Eg er inneforstått med at eg ikkje kan spise alt det dei andre spiser, eg må planlegge bedre og spise sunnare i stor grad, og eg må gjere dette til ei vane som eg kan fortsette med. Og eg syns ikkje det er urettferdig. Eg har syntes det før altså, det skal seiast, så eg forstår korleis mange tenker, som føler dei går glipp av alt det «gode» andre spiser, når dei skal prøve å gå ned i vekt. Men eg har mål eg skal nå, og måten eg gjer det på no passer meg utmerket. Eg føler ikkje at eg går på diett, eg danner meg heller verktøy som eg kan bruke seinare, eg lærer så mykje og eg finn ut av kva eg «tåler» og kva eg ikkje mestrer i forhold til mat. For eksempel det å ha liggande godis i skapet frå ein lørdag til den neste. Det passar IKKJE meg.

 Eg og Vibeke er altså i full gang med å planlegge den kommande veka på camping, det blir så spennande! Følg med på Instagramstory og Snapchat (Neeten), om du vil, eg skal prøve å oppdatere måltider og treningsaktivitet så godt eg kan, og så blir det spennande å sjå om eg klarer å gå ned, holde vekta, eller går opp i vekt i ferieveka!

Klem fra Anita