Di lille lus!

Kva går ofte hand i hand med skulestart? Jo, det skal eg fortelje deg. 

LUS som kravler rundt i håret ditt! Og for dei som ikkje har opplevd det tidlegare; Heldige dere og fortsett å halde dere unna! Følelsen av lus i håret er fryktelig. Jepp, eg har opplevd akkurat dette.

****

For nokre år sidan fekk vi alle 5 i familien lus! Det var sommartider. Det var faktisk før skulestart. Første lusa har truleg hoppa villig inn i håret ved skuleslutt den sommaren, og jobba hardt i nokre veker i sommarferien.

Eg såg at jentungen sat og klødde seg i håret ein ettermiddag. Eg hadde lagt merke til at ho klødde ein del i hodebunnen over ein periode, noko eg og hadde begynt å gjere. Så eg fant ut at no måtte denne kløinga i håret sjekkast. Jentungen var først ut. Eg trudde jo, og håpa så klart, at det ikkje var noko der. Men yaiks! Det var ein heil landsby! Eg sjekka meg sjølv også, med ein lusekam over eit kvitt håndkle som låg på golvet. Det falt store, kravlande lus ut av håret mitt! Dei fomla rundt på håndkledet eg hadde lagt ned, og på kammen eg hadde brukt var det både lus og flassliknande egg!

Gutane vart deretter sjekka, og jammen var det små lus og egg der og. Store tiltak vart satt igang. Alt av sengetrekk, puter og dyner, madrasser, tepper og klede vart hamstra opp i søppelsekker. Alt vart plassert ute på terrassen under eit stort heimelaga plastduktak. Det vi fekk plass til i frysen vart stappa inn der. Vi måtte kjøpe og ta i bruk sterke lusemiddel for å bli kvitt lusene. Alle gutane snaua seg, medan eg og jentungen tok mykje meir enn bare 1 lusekur. Stakkars håret mitt den sommaren, det fekk verkeleg køyrd seg. Det var ein lang prosess, for oss alle, vi får bare vere glade for at vi kan lære av alt, og er meir på vakt etter å ha vore gjennom det ein gong før.

Kvar gong eg no klør i hodebunnen kjenner eit lite stikk av nervøsitet. Tenk om? Men det har heldigvis ikkje skjedd fleire gonger. Og eg skal virkelig gjere mitt aller beste for å unngå at det skjer! Så sjekk dere for lus, både born og vaksne. Det er bedre å sjekke ein gong for mykje, enn ein gong for lite. Hadde eg vore borti hodelus i håret mitt før, hadde eg nok sjekka det mykje tidlegare enn eg gjorde den gongen. Eg har lært.

****

Eg var hos min flinke frisør MelindaFloke Jølster på fredag, og fekk farga ettervekst og dei forbaska små grå som til stadighet viser seg. Føler meg ikkje så gammal, men håret beviser at eg begynner å dra på åra. Innvendig føler eg meg ikkje som ein 35-åring med grått hår. Men eg er visst det 😉

Bildet er frå ein tidlegare fargebehandling hos Floke Jølster 🙂

Etter ein behagelig og avslappande fargebehandling med min oransje favorittshot i frisørstolen, og deretter deilig hårvask med dei magiske frisørhendene til Melinda, fekk eg oppfriska fargen min og fjerna all ettervekst. Og om ikkje det var nok, eg har no alt eg treng for å bekjempe lus i heimen! Derfor vil det no komme litt informasjon frå Floke om hodelus, korleis sjekke håret for lus, og behandling.

****

  • Hodelus: Små insekt uten vinger som må suge menneskeblod fleire gonger dagleg for å overleve. Fargen på dei kan vere gråkvit og brunaktige til nesten svarte. Lusene er 1-2 mm lange. Bare menneske kan vere vert, og alle dei 3 utviklingstrinna foregår i hodebunnen til menneske.
  • Lusenes innverknad på helse: Hodelus er ikkje kjend for å vere sjukdomsbærar. Dei kan derimot forårsake infeksjonar. Sår i huda klør, og den som har lus vil ofte klore seg sjølv i hodebunnen, med mange små sår som følge. Desse såra blir ikkje sjeldan betente og må behandlast.
  • Korleis sjekkar eg håret for lus? Riktig metode for å påvise lus er viktig. Den som nettopp er smitta, har ofte mindre enn 10 lus. Då kan det vere vanskeleg å oppdage at ein faktisk har lus. Lusesjekk bør alltid utførast i tørt hår. Begynn med å riste håret kraftig over ei kvit flate, for eksempel over ein kvit vaskeservant eller eit kvitt papirark. Kontroller alle partiklar grundig. Lus og egg avskrivast ofte som flass, så forstørrelsesglas kan vere nyttig. Vaksne kan utføre denne testen på seg sjølv utan hjelp. Finn du lus, veit du at du har lus og må behandlast. Dette metoden fastslår imidlertid ikkje om du er lusefri. Levande lus og egg sitter normalt svært godt fast, så denne metoden må supplerast med kjemming med lusekam av god kvalitet. Inspiser kammen nøye, gjerne med lupe eller forstørrelsesglas. Finner du lus eller egg, må du behandlast. Det vil IKKJE gå over av seg sjølv, og du vil garantert få plager og smitte andre.

 

  • Behandling: Floke anbefalar at du forebygger med Lavender & Rosemary Sjampo fra John Masters Organics (den brune flaska). Om du har funne lus, anbefalast det å bruke Rosemary & Peppermint Conditioner fra John Masters Organics (den kvite) som lusekur. Pensle den i tørt hår, i hodebunnen, og dekk til med plasthette. La den virke over natta. Gjenta behandlinga i 2 omgonger med ca. 10 dagars mellomrom. Då vil ein kunne utrydde alle luseluringane. Første behandling fjernar riktignok alle levande lus, men om ein unnlater å behandle gong nr.2, vil egg kunne klekkast og vakse opp til ein ny koloni.

Og for ein som elskar aloe vera-produkter, gleder det meg å lese at første ingrediens i den forebyggande lusesjampoen er Aloe Barbadensis! Eg har alltid visst at lus ikkje liker aloe vera, og kanskje det er difor eg ikkje har hatt lus sidan vi hadde det første gong? Eg føler meg iallefall meget godt rusta til å møte haustens luseluringar! 🙂

Du får ikkje komme her igjen, di lille lus!

****

Bestill time hos Melinda på Floke Jølster HER

eller stikk innom ho på Jølstraholmen! 🙂

 

Klem fra Anita