Endelig lørdag!

   Lørdagar er så herlege!!

Alle kan sove lenge (sjølv om vi gjerne ikkje gjer det), vi kan nyte ein god helgefrokost saman (sjølv om vi ikkje alltid får gjort det), og vi kan nyte familietid ilag alle (sjølv om det ikkje alltid blir sånn). Uansett er lørdagar den beste dagen i veka. Fredagar er nesten på topp den og, men lørdagar er jo aller best?!

I dag har eg og jentungen tatt oss av lørdagshandelen, som egentlig kun foregår på Europris (godteri) og Rema 1000 ved sidan av, der vi handla inn biff og diverse til kveldsmat. Jentungen var og innom eit par butikkar for å finne seg eit billig bilete å ha på rommet sitt, men ingen hell i dag. Bedre lykke neste gong. Ho er iallefall utruleg flink som kjøper sine egne ting for sine egne pengar. Ikkje alltid så klart, men eg trur jo, og håpar, at det hjelper ho i seinare år at vi er litt strenge på å ikkje gi ho alt ho vil ha for våre pengar. Ho sparer pengar frå både bursdag og jul (sjølv om ho klarer lett å brenne av nokre hundrelappar på shopping i helgene), og ho får pengar for å lese bøker. Det kan du lese om HER om du vil. Når vi var ferdige på lørdagshandel, kom vi heim der alle gutane i familien var ute i sola og kosa seg. Plutselig har vi sola heilt til 15.30! Nice.

       No er det blitt lørdagskveld, og vi skal virkelig kose oss saman alle 5. Biffen er allerede spist, og godisen er funne fram. Ungane får ein stor sjokoladenisse i dag, julegodteriet er jo så billig no. Så denne nissen var stor stas. I tillegg får dei litt av snopeposen, og eg gledar meg til å spise min favoritt: Dei rosa hjertene med skum og gele! Bubs er og ein storfavoritt. Og crispy sjokolade med mjuk kjerne? Slurp.

Først blir det ein barnefilm som vi ser ilag, deretter når gutane har bada og komt seg i seng, skal eg og Angelica sjå Bølgen. Vi har sett den før begge to, men den er jo ganske spennande då?! Heilt til slutt når ho har krøpe under dyna, avsluttar eg og mannen med ein actionfilm tenker eg. Håper du har ein amazing lørdag!!

 

Klem frå Anita