Er du ikkje varm?!?

«Jo! Svetten renner nedover ryggen min, men det seier eg iallfall ikkje til deg!» tenker eg, medan eg svarer: «Nei, det går fint, eg sit jo i skyggen….»

 

Ha! Kven prøver eg å lure då? Eg som blir rød som ein tomat bare eg ser på spinningsykkelen eller oppoverbakken. Eg husker eg googla dette fenomenet, og prøvde å finne ut kvifor eg alltid var så innmari rød bare ved litt oppheting. Det har vore ei evig plage, men dess eldre eg blir, dess bedre går det jo. Å bare vere ein av dei som blir KNALLrød. Alltid like kjekt når folk må bemerke det og forresten. Kvifor?! Kvifor har nokre personer ei trang til å fortelle meg at «Er du varm?» eller «Oi, ja, eg ser du har trent.»

 

Ei stund begynte eg å fundere på kvifor EG måtte bli så glad i trening når eg blir så rød. Kanskje eg hadde sluppe blikk og min egen dårlege sjølvfølelse om det, om eg bare hadde hatt andre hobbyer? Noko kreativt med hendene? Teikning, maling, scrapping eller liknande? Men nei, det er ikkje meg. Då bruker eg heller tida på trening, fordi det er så mykje kjekkare. Så om mitt røde ansikt har hindra meg litt nokre gonger i barndommen, så gjer det iallefall ikkje det no. Ikkje meir enn at eg ikkje går på butikk rett etter spinningtime iallefall 😉

 

*****

Då Angelica var lita var vi på ei badestrand i Sandefjord. Ho bada, bygga sandslott og kosa seg. Eg kosa meg litt eg og, fordi eg såg at ho likte seg på stranda, men eg gråt inni meg. Eg sat på eit handkle på stranda, iført ein svart kjole, med svart tights, og svart cardigan. Svetten pipla nedover ryggen. Eg lengta etter å hive meg ut i vatnet og kjøle meg ned. Eg ville så gjerne bade med jenta mi. Som og ville ha meg med.. Eg elsker å bade. Bare det å kjenne på det å vere vektlaus, det å ta nokre svømmetak, å bare plaske i vatn. Eg digger det. Og eg har latt mitt syn på min egen kropp hindre meg i å gjere det eg liker så godt. Altfor lenge.

 

Dette er sommaren eg skal bade når eg vil. Gå med bikini eller badedrakt. Sole meg i kort shorts og bh på terrassen. Gå tur i singlet. Eg har jobba i heile 2019 med det mentale! Og no begynner eg å sjå at dette kanskje kan funke. Eg trur eg har innsett at eg er like mykje verdt, sjølv om eg ikkje er den tynne, slanke jenta eg trudde eg ville vere. Min verdi er ikkje lenger å vere tynn. Eller fit. Eg ER allerede aktiv og sprek, og ei god mor, kone og datter og alt det der. Eg har ikkje behov for å vere perfekt lenger. For ein befrielse. 

 

Eg deler ganske mykje av denne mentale reisa mi og heile prosessen på Instagram. Så det er bare å følge med der og: https://www.instagram.com/ptanitaveberg/

 

Eg har allerede hatt nokre solrike dagar ute på terrassen, der eg, for første gong sidan eg var ung, har tatt på meg shorts og singlet. Eg har allerede gått tur i shorts. Og ja, til og med singleten eit par gonger. Dette er truleg noko mange ikkje eingong tenker over når dei kler på seg for å jogge ein tur, lufte bikkja eller køyre ungdommen på trening. Men eg kunne ikkje gå ut av huset uten langarma genser og  bukse/tights. Det nærmaste du kunne sjå meg med når det gjelder lite kle, var som på bildet under. Svart t-skjorte. Laus og ledig så klart, og med god lengde på armane. Eg kunne ikkje vise noko skavanker. Ingen! 

Bilete er tatt av søster Linda då vi var i Dallas i fjor. For ein tur. Men for ein hete. Og eg med svarte klede, ponchoer, langarma, bukser…..

 

Men no. Eg føler meg FRI! Iallefall her heime. Endelig tør eg. Endelig får familien min sjå kva ein normal kropp er, med cellulitter som dei fleste kvinner har. Med valker som er gode og mjuke. Endelig føler eg meg fri. 

 

Men eg har mykje jobb igjen når det gjelder ute blant folk. Men eg gir meg ikkje no. No er eg i gang. Verda skal få sjå at vi er alle ulike, og ingen er perfekte. Normale kropper treng vi å sjå meir av. Spesielt i media. Eg skal gjere mitt beste med å tørre. Tør du ilag med meg då? Iallfall blant din egen familie? Dei elsker deg uansett. Den du er innvendig. Skallet ditt har ingen betydning. (Har den det, burde du kanskje ta deg ein prat med, eller bytte ut, partneren din..)

 

DU ER SÅ MYKJE MEIR ENN KROPPEN DIN! SLUTT Å ØNSKE AT DU KUNNE VERE NOKON ANNAN!

 DU ER SÅ MYJKE MEIR ENN KORLEIS DU SER UT!

 

 

Klem frå Anita