Evig følgesvenn og plagsom veninne

Verdens diabetesdag er i dag 14.november.

Det er koseleg at diabetes har sin egen dag. Men eg hadde likt endå bedre at det var heilt unødvendig med ein slik dag, for draumen er jo at det ikkje hadde fantes diabetes, og at bukspyttkjertelen fungerte utmerket hos alle.

  

Denne kroniske sjukdommen tok over livene våre, og vart ein heiltidsjobb dag og natt. Den har erklært seg sjølv som følgesvenn til evig tid, hos min tapre datter Angelica. Frøken Dia er den plagsomme veninna som ikkje bryr seg om kva Angelica ønsker, kva ho skal, eller kva ho føler. Det er Frøken Dia som styrer skuta her.

Men vi er takknemlige på same tid. Vi er takknemlige for Frøken Insulin. Utan ho og våre andre duppedingser, som nåler, pumpe og sensorer, hadde truleg livet til min kjære datter blitt meget kort. For mange, mange år sidan var det å få diabetes ein dødsdom.

Merk: Eg snakkar om diabetes type 1. Ikkje type 2 som ein kan få ved fedme, alderdom og livsstil. Viktig skilnad som media kan lære seg å understreke og forresten.

Sprøytestikk

Blodsukkermåling

Sjukehuskontroller

Lavt blodsukker

Høgt blodsukker

Rare blikk

Gjentakande spørsmål

Mange misforståelser

Avbrutt søvn

Herjande følelser

Dette er bare litt av den ekstra kvardagen til Angelica som Frøken Dia gir ho. Ei rimelig plagsom veninne til evig tid..

Angelica, du er så tapper.

 

Eg håpar alle som er ramma av diabetes, både diabetes type 1, type 2 og type 3, har hatt ein fin dag. Kva seier du? Visste du ikkje at det fantes ein diabetes type 3? Joda, bare les blogginnlegget til ei diabetesmamma HER.

 

Og HER kan du lese litt meir om då mi Angelica fekk diagnosen den dagen i mai for nokre år tilbake.

 

Takk for titten.

Klem fra Anita