Familieauke! Kvalp på ønskelista??

6.mars blei familien vår mykje større. Vår snille Eira vart mor for første gong.

Det blei 5 nydelige, velskapte kvalpar.

Hadde ikkje Eira vore ei flink, beskyttande mor hadde vi kosa med desse vakre knortane konstant. Men fred må dei få iblant så klart. No er dei blitt 11 dagar gamle, og i kveld fekk eg sjå at den eine såvidt begynner å åpne auga sine. Eg er blitt heilt hodestups i desse kvalpane, men dessverre har vi jo ikkje kapasitet til å beholde dei. Når dei blir 10 veker gamle er planen å selge dei til fornuftige hundeelskarar som kan ta vare på dei for alltid. Difor legg eg i dag ut bilete av våre fine 5, så dei som virkelig ønsker seg, og veit at dei har tid til ein ny venn, kan begynne å tenke på saken. Vi har 2 små frøkner og 3 store gutar.

 

MARKUS

 

FLUFFY

 

LEGO

 

MAIKEN

 

MOLLY

 

Lego, Fluffy, Molly, Maiken & Markus

 

Borna fekk velge namn på kvar sin, og vi vaksne har og ein kvar. Ikkje verst at vi fekk 5 kvalpar, når vi er 5 i familien, det passa jo perfekt, så vi kunne ha ein kvar. Sjølv om det dessverre kun er for eit par månadar..

Dei fine 5 er blanding av siberian husky og alaskan malamute, som den fine hundemammaen vår er, og border collie som hundepappaen er. Vi kjem til å ta ein symbolsk sum for dei, men sidan dei er blandingsrase blir det ikkje ein sjokkerande sum. Det er heilt ok å reservere DIN kvalp no. Vi har allereie nokre interesserte, så ikkje vent for lenge. Ta gjerne kontakt på mailen min: ptanitaveberg@hotmail.com, om du er ikkje er venn med meg på FB (for då er det enklare å prate der.) 🙂

Så, har DU ein kvalp på ønskelista? 🙂

 

Klem frå Anita