Fløyelsmjuk betasuppe

Denne suppa vart virkelig ein suksess her hos oss. Så god var den at heile 10 liter vart slukt i bursdagsselskapet til 7-åringen, og vi måtte lage ny helga etter for å kunne smake skikkelig på den sjølv. Då laga vi 11 liter, som vi framleis har igjen av i frysen, som vi tar opp når vi har lyst på betasuppe til middag. Om du vil ha noko kjempegodt til middag, planlegg no. Handle, forberede, lage, spise. Mmmmm!!

HANDLELISTE:

1 pakke potet

1 pakke gulrøtter

1 kålrot

1 purreløk

1 svineknoke

1 pakke pinnekjøtt

2 pakker middagspølser

1 pakke byggryn

Kjøttbuljong

 

*****

INGREDIENSER:

15-20 poteter

15-20 gulrøtter

1 heil kålrot

1 purre

1 svineknoke

1 pakke pinnekjøtt

2 pakker middagspølser

1 pakke byggryn

2 kjøttbuljonger

 

FRAMGANGSMÅTE:

1.Legg byggryn i vatn kvelden før, og legg pinnekjøttet i vatn kvelden før.

2.Neste morgon skal pinnekjøtt og svineknoke dampast i ca. 3 timar.

3.Kutt opp 15-20 poteter, 15-20 gulrøtter, 1 kålrot, 1 purre, 2 pakker middagspølser. Dette kan og gjerast kvelden før. Rensk og 1 heil pakke med pinnekjøtt og 1 svineknoke.

4.Begynn med å koke opp det som trengs lengst koketid: Gulrøtter, kålrot og poteter. Tilsett 1-2 kjøttbuljonger.

5.Etter ca. 30 minutt tilsett purreløk og middagspølser.

6.Tilsett og byggryn saman med purreløk og pølser.

7.Etter nye 30 minutt tilsett ferdig renska pinnekjøtt og svineknokekjøtt.

8.La suppa koke på relativt lav varme til grønsakene er mjuke. Smak langsmed. Det kan ta 1 time eller meir. 

Og då var den deilige betasuppa fiks ferdig!! Eg håper eg ikkje har gløymt noko no, og eg håper virkelig dere vil teste! Fordi den er så enormt god!

NYT 🙂 

 

Klem frå Anita