Fra feit til bikinifit

Tenker på alle som har gjort det før meg. Tenker på dei som har vore på scena i bikinifitness som var 100 kg nokre år tilbake. Tenker på dei som kan vise til før/etter-bilder. Før-bildene der man er triste, grå i huda, overvektige, føler seg mindreverdige, hovne føtter og fingre, sliten kropp og sliten i hodet. Men så dei etter-bildene. Friske og glade, utenfor fedme-faresonen, stolte av seg sjølv, fulle i energi og positiv tankegang med drømmer og planer. Kven ønsker seg ikkje ein slik forandring? Kven ønsker seg ikkje å føle seg stolt, takknemlig og lykkelig?

Eg veit eg gjør.

img_6197

Hei. Eg heiter Anita. Eg har fått den æren å gjesteblogge her inne hos Lene Alexandra. Eit par dagar i veka i nokre måneder kjem eg til å kikke innom her og skrive nokre vise ord. Okay.. Kanskje ikkje alltid så vise, men eg vil iallefall prøve å vere til inspirasjon og hjelp til dere på ein eller anna slags måte.

I mitt første innlegg i denne «bloggejobben» som eg kallar det så fint, fordi eg tar det veldig alvorlig og ønsker å gi dere gode budskap og verdifull lesning, vil eg bare dele litt av min fitnessreise og korleis eg landa her. Kanskje nokre av dere kan relatere dere til min lange ferd?

img_9393img_8887

Eg er allerede blitt 33 år gamal, og eg er komt dit at eg faktisk ikkje alltid husker kor gamal eg er. Eg har 3 barn, eg er gift med ein utrulig snill kar, og vi bur i eit grått hus høgt oppe i ein dal, eg liker å seie at vi bur på fjellet. Men dette skal eg ikkje gå så mykje innpå. Det som er viktig her er at eg får dele min tøffe reise, og at den kanskje kan vere verdifull for dere å lese om.

Eg har vore ein skikkelig jojo-slankar i mange, mange år. Eg har prøvd mange diettar. Grete Roede, Nutrilett, Vektklubben, eddik-tablettar og tablettar som gir deg mindre lysten på mat på resept. Men ingenting funkar om ikkje hodet er med. Tankane. Sjølvtilliten. Det aller, aller viktigaste man bør jobbe med, både før og under livsstilsendring er tankegangen vår.

Det var då eg vart saman med min mann at eg la skikkelig på meg. Sånn skikkelig. Oi, som vi kosa oss med god mat. Men eg kan ikkje gjere det i den skalaen eg gjorde utan å legge på meg. Iallefall ikkje utan å trene. Og på den tida var eg i veldig lite aktivitet. Sjølv om eg tidlegare har gått Idrettslinja på Sogndal Folkehøgskule, og sjølv om eg har spilt både volleyball, fotball og dansa i mine yngre år, har eg og hatt altfor mange år treningsfri. Eg har trent så mykje i periodar, at eg har blitt så lei at eg ikkje har orka å trene på mange måneder igjen. Eg har vore heilt inaktiv. Og eg har vore midt på treet. Ja, alle steder på skalaen.

Så det var då eg bikka 100 kg, 104 to be exact, og var høggravid med mitt andre barn, men vårt første, at det slo meg hardt. Eg ville ikkje leve slik meir. Var eg eit godt forbilde for jentungen min, og den lille babyen som skulle komme til verda? Nei. Ville eg vere ei mor med angst for å gå på butikken og ei mor som bare var trøtt heile tida? Nei. Ville eg vere ei mor som ikkje ville gå på stranda med barna fordi eg følte meg fæl? Nei, eg ville ikkje vere ei slik mor. Eg hadde allerede prøvd det. Eg satt i full bekledning, ja svart og, på stranda med jenta mi på då 5 år, fordi eg ikkje ville vise meg. No i ettertid veit eg jo at eg tiltrakk meg nok meir oppmerksomhet på grunn av min fulle påkledning på ein kokvarm sommerdag på stranda, enn om eg bare hadde kledd av meg og bada og kosa meg. Men hey, man lærer så lenge man lever. Og eg har jammen lært mykje i det siste.

img_8717img_6246

Etter at eg hadde fått min åpenbaring som høggravid om at eg ikkje kunne holde på sånn, las eg alt eg kom over på Internett om fitness, sunt kosthold og trening. Eg bestilte meg min første PT-time, og møtte opp der kun 1 måned etter fødsel. Eg blei hekta. Hekta på treninga, hekta på den utrolig digge ettertreningsfølelsen. Eg blei hekta på lykkefølelsen av å føle meg flink, sunn og sprek. Så inspirert var eg at nokre år seinare, i fjor faktisk, blei eg utdanna personlig trenar sjølv. Den bakgrunnen bruker eg no mest for egen del, og for å bistå andre, men eg jobber ikkje som det, då eg har ein anna heimebusiness.

Men på veien fra overvektig til å bli PT var det og mange knall og fall. Eg har vore under kniven i desperat forsøk på å få flatere mage. Vel, den magen ble rund som ein ball, langt ifra det legen lova. Eg såg gravid ut, og fekk og spørsmål om det. Det var ein lettelse å faktisk bli gravid etter den operasjonen. Då blei magen min rund på grunn av naturlige årsaker. Spiseforstyrrelse. Ja, vore innom der og. Eg overspiste som ein helt, og sprang på badet etterpå for å fjerne den dårlige samvittigheten. Dette pågikk heldigvis kun i 1 års tid, eg forstod at det var virkelig ikkje bra for kroppen min, eg skal tross alt ha denne kroppen heile livet. Den skal bære meg gjennom heile dette livet, så den må takast godt vare på. Framleis er det jo knall og fall nokre gonger, men det er slik livet er. Man prøver, feiler og lærer. Noko mestrer man, og noko mestrer man ikkje. Men det fins ikkje dårlige erfaringer, bare læringserfaringer. Husk på det, så blir livet mykje enklare. Mindset you know.

img_6195

Eg kom over noko Tina Hellstrøm og Lene Alexandra søkte folk til hausten 2015. Då hadde eg lest om fitnessverden, streama fitness-eventer på pcen, og lagra vilt mange fitness-bilder på Pinterest i nokre år. Eg søkte liksågodt eg. På det Lene og Tina søkte jenter til. Tenkte at eg kom nok ikkje til å komme gjennom nålauget likevel, men kvifor ikkje prøve?! Vel, nokre måneder seinare var eg medlem av Team LA Lifestyle. Ei ny reise mot eit heilt nytt liv var i gang. Eg og 14 andre fantastisk fine jenter hadde tidenes fitnessreise april – oktober 2016. Eg gjekk ned 15 kg, lærte vilt mykje om meg sjølv, fant ut at eg virkelig elsker fitnesslivet og at eg vil gjere alt eg kan for å halde på denne livsstilen.

img_9176img_9172

No er eg atter ein gang med i Team La Lifestyle, som har fått eit så fint navn som BIKINIAKADEMIET. Her er vi 35 jenter der nokre har som mål å stå på scena våren 2017, nokre av oss vil på scena hausten 2017, og andre ønsker seg ei rå livsstilsendring. Vi starta 1.desember og eg gleder meg til denne fenomenale reisa som går over dei 4 neste månedane.

img_9813img_9944

Eg ser så fram til mitt råeste før-og etterbilde om nokre måneder. Ut på hausten neste år skal denne dama vere langt fra feit, bare fit. Tenk den følelsen da! Who´s with me?! <3

img_7045

Eg trur eg må sette strek no. Eg hadde litt på hjertet i dag, sidan eg vil dere skal forstå meg og bli kjent med meg gjennom dei kommande månedane mens eg blogger her hos Lene. Om dere vil bli kjent med meg på andre plan har eg både Snapchat: Neeten og Instagram: ptanitaveberg

Eg har og min egen blogg om dere vil lese meir om dei forrige 6 månedane med Team La Lifestyle: ANITAVEBERG.COM

img_8930

– YOU CAN CRUMBLE OR YOU CAN CONQUER –

– LA Lifestyler Anita