Fra feit til fit

Hei. Eg heiter Anita. Eg har fått den æren å gjesteblogge her inne hos Lene Alexandra. Eit par dagar i veka i nokre måneder kjem eg til å kikke innom her og skrive nokre vise ord. Okay.. Kanskje ikkje alltid så vise, men eg vil iallefall prøve å vere til inspirasjon og hjelp til dere på ein eller anna slags måte.

I mitt første innlegg i denne «bloggejobben» som eg kallar det så fint, fordi eg tar det veldig alvorlig og ønsker å gi dere gode budskap og verdifull lesning, vil eg bare dele litt av min fitnessreise og korleis eg landa her. Kanskje nokre av dere kan relatere dere til min lange ferd?

img_8887

Eg er allerede blitt 33 år gamal, og eg er komt dit at eg faktisk ikkje alltid husker kor gamal eg er. Eg har 3 barn, eg er gift med ein utrulig snill kar, og vi bur i eit grått hus høgt oppe i ein dal, eg liker å seie at vi bur på fjellet. Men dette skal eg ikkje gå så mykje innpå. Det som er viktig her er at eg får dele min tøffe reise, og at den kanskje kan vere verdifull for dere å lese om.

Eg har vore ein skikkelig jojo-slankar i mange, mange år. Eg har prøvd mange diettar. Grete Roede, Nutrilett, Vektklubben, eddik-tablettar og tablettar som gir deg mindre lysten på mat på resept. Men ingenting funkar om ikkje hodet er med. Tankane. Sjølvtilliten. Det aller, aller viktigaste man bør jobbe med, både før og under livsstilsendring er tankegangen vår.

Det var då eg vart saman med min mann at eg la skikkelig på meg. Sånn skikkelig. Oi, som vi kosa oss med god mat. Men eg kan ikkje gjere det i den skalaen eg gjorde utan å legge på meg. Iallefall ikkje utan å trene. Og på den tida var eg i veldig lite aktivitet. Sjølv om eg tidlegare har gått idrettslinje på folkehøgskule, og spilt både volleyball, fotball og dansa i mine yngre år, har eg og hatt altfor mange år treningsfri. Eg har trent så mykje i periodar, at eg har blitt så lei at eg ikkje har orka å trene på mange måneder igjen. Eg har vore heilt inaktiv. Og eg har vore midt på treet. Ja, alle steder på skalaen.

Så det var då eg bikka 100 kg, 104 for å vere nøyaktig, og var høggravid med mitt andre barn, men vårt første, at det slo meg hardt. Eg ville ikkje leve slik meir. Var eg eit godt forbilde for jentungen min, og den lille babyen som skulle komme til verda? Nei. Ville eg vere ei mor med angst for å gå på butikken og ei mor som bare var trøtt heile tida? Nei. Ville eg vere ei mor som ikkje ville gå på stranda med barna fordi eg følte meg fæl? Nei, eg ville ikkje vere ei slik mor. Eg hadde allerede prøvd det. Eg satt i full bekledning, ja svart og, på stranda med jenta mi på då 5 år, fordi eg ikkje ville vise meg. No i ettertid veit eg jo at eg tiltrakk meg nok meir oppmerksomhet på grunn av min fulle påkledning på ein kokvarm sommerdag på stranda, enn om eg bare hadde kledd av meg og bada og kosa meg. Men hey, man lærer så lenge man lever. Og eg har jammen lært mykje i det siste.

img_8717

Etter at eg hadde fått min åpenbaring som høggravid om at eg ikkje kunne holde på sånn, las eg alt eg kom over om fitness, sunt kosthold og trening. Eg bestilte min første PT-time, og møtte opp der kun 1 måned etter fødsel. Eg blei hekta. Hekta på treninga, hekta på den utrolig digge ettertreningsfølelsen. Eg blei hekta på lykkefølelsen av å føle meg flink, sunn og sprek. Så inspirert var eg at nokre år seinare blei eg utdanna personlig trenar sjølv.

Men på veien fra overvektig til å bli PT var det mange knall og fall. Eg har vore under kniven i desperat forsøk på å få flatere mage. Vel, den magen ble rund som ein ball, langt ifra det legen lova. Eg såg gravid ut, og fekk og spørsmål om det. Det var ein lettelse å faktisk bli gravid etter den operasjonen. Då blei magen min rund på grunn av naturlige årsaker. Spiseforstyrrelse. Ja, vore innom der og. Eg overspiste som ein helt, og sprang på badet etterpå for å fjerne den dårlige samvittigheten. Bulimitendensane pågikk for alvor i 1 års tid, og kjem igjen her litt no og då, og framleis har eg tøffe dagar.. Men eg forstår at det ødelegger kroppen min. Eg skal tross alt ha denne kroppen så lenge eg lever. Den skal bære meg gjennom heile dette livet, så den må takast godt vare på.  Man prøver, feiler og lærer. Noko mestrer man, og noko mestrer man ikkje. Men det fins ikkje dårlige erfaringer, bare læringserfaringer. Husk på det, så blir livet mykje enklare. Mindset.

*****

Eg kom over noko Tina Hellstrøm og Lene Alexandra søkte folk til hausten 2015. Då hadde eg lest om fitnessverden, streama fitness-eventer på pcen, og lagra vilt mange fitness-bilder på Pinterest i nokre år. Eg søkte liksågodt eg. På det Lene og Tina søkte jenter til. Tenkte at eg kom nok ikkje til å komme gjennom nålauget likevel, men kvifor ikkje prøve?! Vel, nokre måneder seinare var eg medlem av Team LA Lifestyle. Ei ny reise mot eit heilt nytt liv var i gang. Eg og 14 andre fantastisk fine jenter hadde tidenes fitnessreise april – oktober 2016. Eg gjekk ned 15 kg, lærte enormt mykje om meg sjølv, og fant ut at eg virkelig elsker fitnesslivet.

img_9176

No er eg atter ein gang med i Team La Lifestyle, som har fått eit så fint navn som BIKINIAKADEMIET. Her er vi 35 jenter der nokre har som mål å stå på scena våren 2017, nokre vil på scena hausten 2017, og andre ønsker seg ei rå livsstilsendring. Vi starta 1.desember og eg gleder meg til denne fenomenale reisa som går over dei 4 neste månedane.

img_7045

Eg trur eg må sette strek no. Eg hadde litt på hjertet i dag, sidan eg vil dere skal forstå meg og bli kjent med meg gjennom dei kommande månedane mens eg blogger her hos Lene. Om dere vil bli kjent med meg på andre plan har eg både Snapchat: Neeten og Instagram: ptanitaveberg

Eg har og min egen blogg om dere vil lese meir om dei forrige 6 månedane med Team La Lifestyle: ANITAVEBERG.COM

img_8930

– YOU CAN CRUMBLE OR YOU CAN CONQUER –

– LA Lifestyler Anita