Havrebrød med gulrot – kun 3 ingrediensar!

Havrebrød med kun 2 ingrediensar er ein storfavoritt her i hus, men denne søndagen blir det med 3 ingrediensar, fordi eg har tilført ein grønsak! Supert, eller kva?? Takkar Kristine for det tipset!

 

Du blander saman desse 3 ingrediensane: 

 

100 g havregryn (eg brukar store) 

2 egg

2 små, raspa gulrøtter 

Legg klattar på bakepapir på steikeplate. Eg fekk 6 små brød. 

Steikast midt i ovnen på 200 grader i ca. 15 minutt. 

Sidan eg gjer det superenkelt for meg sjølv, er det ikkje tilsatt salt, bakepulver eller noko søtning. 3 ingrediensar utan søtning gir ikkje kjempemykje smak, men med pålegg er dei veldig gode! Kan absolutt nytast utan pålegg og! Heilt opp til deg!

Håpar du likar desse vanvittig enkle havrebrøda fullpakka med næring! 

 

 

Ønsker deg ein nydelig søndag!

Klem frå Anita