I desse coronatider…

For det første; Kvifor er det så mange som meiner at vi ikkje kan seie det?

 

«I desse coronatider…»?

 

La no folk kalle det kva dei vil, det er jo det det er, ei coronatid. Det er ein felles betegnelse på noko som plutselig skjedde heile kloden. Noko vi jobbar saman for å overkomme. Ein global pandemi som framleis ryster verda. Og kjem til å påvirke verda i lang tid framover. La no folk seie «I denne coronatida» eller «I desse coronatider» om dei vil det. What´s the big deal?

For det andre; Eg håper du har det bra i desse coronatider!

 

Eg trur vi er mange som har forstått endå meir kva som betyr mest for oss. Det har iallefall eg kjent litt på. Det å vere redd for at eg skal smitte nokon eg bryr meg om. Om eg skulle hatt smitten i meg, sjølv om eg kanskje ikkje merka det så godt, men kunne ha smitta min mamma eller pappa, eller mine barn, min mann, eller kven som helst, som kanskje ikkje hadde tålt det like godt. Eg er framleis redd for det, og eg er framleis forsiktig. Eg har hørt mange som ikkje trur det er så viktig, fordi vi tåler det sikkert.. Ja, men kva med dei som IKKJE gjer det?!

 

Ingen nye smittetilfeller her i Sunnfjord på ei god stund no, og det er flott, men det betyr ikkje at vi kan slippe heilt opp. Vi må framleis gjere vårt for at ei eventuell ny smittebølge kan bli holdt under kontroll.

I desse coronatider har eg vore heime nesten heile tida. Eg er ein av dei som elskar å vere heime, så det har gått fint for meg. Det var utruleg tøft i starten av heimeskuletida, men så gjekk det seg litt til, men eg var jo utslitt kvar kveld. No når barna er på skulen igjen, har energien og arbeidslysten komt tilbake, og eg bruker aleinetida mi på å lage kurs som lanserast i nærmaste framtid! Det blir utruleg spennande! Eg har investert i ein ny plattform, og jobber med å lære meg den, samtidig som eg lager kurset.

Ellers i desse coronatider bruker eg kroppen ved å gå tur. Muskelmassen min kjem nok sakte, men sikkert tilbake når eg begynner å trene styrke igjen, tenker eg. Eg nyter å gå tur med boffsen med god musikk eller lydbok på øyret.

 

Også har eg i desse coronatider stått litt på kjøkkenet og laga nokre nye matboksforslag. Desse finn du på IG. Men sa eg at eg hadde stått LITT på kjøkkenet? Det er løgn. Her lagar eg frokost til barna, og meg sjølv, lunsj og mealpreps, middager til familien, og gjerne kveldsmat også, så og seie kvar bidige dag, så LITT på kjøkkenet er vel ein underdrivelse.

 

Har ikkje du mage når du sitter, kanskje? 😉 

Og om ikkje onlinekursjobbing, matlaging x mange kvar dag og trimturer var nok, så holder eg på med å vise andre at det er heilt ok å ha litt mage i desse coronatider på Instagramkontoen min. (For nei, det er ikkje ein gravidmage.) For jammen er du ein herlig, kul og varm person innvendig, uansett korleis du ser ut. Visste du at du er meir enn kroppen din? Utsida di definerer ikkje DEG. Den du er finner du inni. Og det er den du er elska for. Husk det.

 

Takk for titten i desse coronatider… 😉

 

Klem fra Anita