I prøverommet..

Eg gjer så godt eg kan med å sjå blid ut og late som ingenting…

 

Eg går optimistisk inn i butikken. Eg har eit håp om å finne noko nytt og fint. Dei har eit enormt utvalgt og mange fine klede. Eg må då klare å finne noko som vil vere fint på meg i dag?

 

Eg går rundt og sjekkar på stativ, bord og hyller. DEN toppen var fin! Tørr eg i det heile tatt sjekke om dei har størrelsen min i denne? Hadde den vore fin på meg?  Eg flytter fingrane lenger og lenger bak på stanga. Tenk om nokon ser at eg må heilt bakerst på raden, og kanskje ikkje løfte av noko uansett? …. XS, XS, S, S, M, M, XL. Eg tar sjansen på å prøve XL, og tar den over armen. Tenker tanken å starte mitt eige klesmerke, bare fordi eg er så lei av at det alltid er i overflod av størrelser i dei små og normale størrelsane, men så ekstremt lite utvalg i dei litt større. Og kvifor er det ikkje XXL her for dei som måtte trenge det??

 

DER var ei fin bukse, med tjukt stoff som eg likar, muligens fordi eg ikkje foretrekker å lyse opp appelsinhuda på lår og rumpe.. Eg sjekker størrelsane. 36, 36, 38, 38, 40, 42. Nei, 42 blir nok for lite, og det nederlaget orker eg ikkje, så den lar eg bare henge. Eg finn ei bukse som ser nokolunde grei ut, men ikkje på langt nær så fin som den forrige. Ja, for Gud forby, at vi finn klede vi faktisk har lyst på! 36, 38, 38, 40, 40, 42, 44, 46. Flaks. Eg tar med meg 44 og 46 i den. Tar alltid med 2 størrelsar om eg kan, i tilfelle den eine ikkje passar. For når eg først er i prøverommet, vil eg gjere meg ferdig den eine gongen.

 

Å stå i eit prøverom med den største størrelsen du fant i butikken, og at den likevel ikkje passer. Noko av det passar, men det blir for tett innpå kroppen likevel. Eg har for lengst blitt rosa i ansiktet og blank i panna. Små svettedråper renner nedover ryggen, og eg har bare lyst å sette meg ned og gråte i det lille, varme rommet. Knapper og glidelåser på buksene eg håpte skulle bli med meg heim kjemper imot meg, og den fine toppen henger ikkje laust og ledig som på utstillingsdukka. Eg prøver uendelig mange plagg, og blir meir og meir skuffa over meg sjølv for kvart plagg som gjer til at eg ser ut som Michelin-mannen.

 

Det endar med at eg kler raskt av meg dei siste plagga, men eg ventar litt med å ta på meg igjen dei kleda hadde på meg frå før. Fordi eg er så varm. Eg ryddar roleg i kleda, medan eg håper at rosafargen i ansiktet skal roe seg litt. Sjølv om eg veit at for meg tar det lang tid å kjøle ned eit varmt ansikt. Eg håper det ikkje står nokon utanfor, som har venta lenge, og veit kor lenge eg har vore der inne..

 

Eg gjer meg klar for å gå ut. Eg lar nokre av kleda henge igjen i prøverommet, så dei andre i butikken ikkje ser kor mykje eg faktisk hadde med meg inn. Noko tar eg med meg ut igjen, bare for å kunne bistå dei hardtarbeidande damene som er på jobb denne dagen. Eg gjer så godt eg kan med å sjå blid ut og late som ingenting, og prøver å skjule det rosa ansiktet, medan eg heng tilbake kleda.

 

Deretter spring eg nesten ut av butikken. Rett til bilen. Hiv av meg jakke og skjerf og kan endelig roe ned igjen. Endelig ferdig. Men så varm, så trist og så oppgitt..

 

Den sosiale angsten fekk jammen prøvd seg i dag. Eg gjekk på shopping. Men det endte som det pleier…

 

Eg køyrer heim. Neste gong blir det shopping i nettbutikken..

 

 

Klem frå Anita