Ikkje god nok?

Frå den gongen eg holdt på å gi opp draumen.

 

Frå den gongen eg var borte frå familien min i 2 veker for å ta praksisen i personleg trenar-studiet.

Frå den gongen eg  var milevis unna minstemann på hans aller første bursdag.

Frå den gongen eg gråt og savna bursdagsguten og familien min så enormt.

Frå den gongen eg holdt på å gi opp og droppe ut av PT-studiet.

Frå den gongen eg faktisk holdt ut, gjennomførte og klarte noko av det eg er mest stolt av i heile verda:

Å bli personleg trenar!

Ved sidan av mine aller største stoltheter, som er barna mine (slik blir det når ein får barn), er det å ta PT-studiet eit av mine største bragder.

Mest fordi eg i alle år har kjent på det å ikkje vere god nok, atletisk nok, flink nok, sprek nok.

Men eg ER jo bra nok!

Eg elskar tittelen min PERSONLEG TRENAR.

Og eg bærer den med stolthet.

Eg gråt av glede då eg bestod praktisk eksamen.

 

Eg gråt av glede då eg bestod teoretisk eksamen.

 

Eg gråter endå! Når eg får tilbakemeldinger fra kunder som kan fortelle at dei kjenner ei indre glede dei ikkje har kjent på årevis!

Tenk at eg, som «ikkje god nok» 30-åring endelig kunne seie at eg var PT, og ikkje minst då ha ei utdanning (innan noko eg elsker), det er framleis (7 år etter) verdens best følelse!

 

JAVISST ER EG GOD NOK! Eg kan jo klare alt eg bestemmer meg for! 🙂

 

 

Takk for titten!

 

Mvh Anita