Innelåst med så mange følelser.

Eg føler så mykje. Eg har så mange følelser. Men du veit ikkje om dei.

 

Eg er blitt ein ekspert. Eg kan vere strålande blid. Og samtidig ikkje vere det. Eg er blitt god på dette.

Aller mest har eg lyst å nå ut til deg. Fortelle deg alt. Men du spør spørsmålet; «Går det bra med deg?». Det er eit ganske ledande spørsmål. Kva trur du virkelig at du får til svar? Vi er oppdratt til å seie at det går bra. Det er ingen, svært få iallefall, som hadde fortalt deg at det ikkje går bra, og at dei er på veg til å rakne totalt foran augene på deg. Du får ikkje vite alt dette. Du får vite at det går bra. Og tenker at du gjorde di plikt ved å iallefall spørre. Og kan gå vidare med din dag etter den litt overfladiske, men hyggelige samtalen.

Følelsane mine er på nivå HØGT heile tida kan det følast som. Eg føler alt. Eg føler til og med korleis du har det. Og eg legger samtalen litt rundt korleis eg ser deg. Slik er det jo ikkje med alle, men mange. Eg veit kva du føler. For eg kan føle det sjølv. Eg kan ikkje sjå eit intervju utan å observere korleis dei føler seg. Både den som intervjuer og den som blir intervjua. Eg ser dei. Kanskje er det akkurat difor eg er så forsiktig med å avsløre ansiktsuttrykk sjølv. Fordi eg veit at det finnast fleire som er slik.

 

Uansett kor trist eg er. Eg holder det inni meg til eg er aleine. Heilt aleine. Eg treng ikkje gå langt for å vere aleine. Badet eller soverommet i overetasjen. Eller i stua når ungane har sovna. Eg gråter ofte. Du vil aldri få vite om det. Og du vil aldri få vite kor lei meg eg er. For eg viser ikkje følelser. Ikkje slike følelser. Eg viser glede. Ikkje smertene.

 

Eg har aldri klart å vere åpen om følelsane mine. Ikkje eingong då eg vart sendt til psykolog med spiseforstyrrelser som spesialfelt. Eg åpna meg aldri heilt. Eg slapp ho ikkje innpå meg. Eg var hard utanpå, og holdt på å briste inni. Eg holdt gråten så godt inne, at ho til slutt meinte at ho ikkje kunne hjelpe meg meir. Men det var fordi eg hadde gått ned så mange kilo og klarte meg så bra. Det ho ikkje visste var at eg hadde gått ned alle dei kiloane gjennom spiseforstyrrelsen. Som ho trudde at ho hadde hjelpt meg å avslutte. Beklager. Eg orker ikkje snakke om det. Difor skriv eg.

 

Når barnet mitt fekk ein kronisk, livsvarig sjukdom gråt eg til det var tomt.. mutters aleine på vaskeromsgulvet. Og aldri har eg grått foran nokon på grunn av denne evige sjukdommen vi har hengande over oss, kvar dag og kvar natt, time etter time.. Men aleine på rommet mitt, om nettene, når alle sover… Då er eg den einaste som er våken, fordi eg passer på jenta mi og blodsukkeret.. Då gråter eg. Når eg ikkje tørr å sove, fordi eg er så engstelig, og redd for kva som kan skje. Om det som har skjedd allerede eit par gonger vil skje igjen, og vi ikkje klarer å redde ho.. Eg ser ho forsvinne foran augene på meg. Ingen pust. Bleikare. Altfor fredelig. Eg orker ikkje sjå det fleire gonger..  Frykten tar meg. Ensomheten tar meg. Den evige kampen vi kjemper i stillhet her heime kvar bidige dag..  Og eg kunne ønske eg kunne nå ut til nokon. Men eg gjer det ikkje. For eg klarer ikkje. Aldri. Eg orker ikkje snakke om det. Difor skriv eg.

 

Når eg blir invitert på fest, på besøk, på cafe, ja kva som helst, pleier eg å takke høflig nei. Og dei gongane eg føler eg må, gråter eg mens eg prøver klesplagg etter klesplagg. Og eg gruer meg. Og av og til gråter eg fordi eg takka nei, fordi eg hadde kjempelyst, men eg orka ikkje, tørte ikkje, klarte ikkje. Eg vil så gjerne, men samtidig ikkje. Eg trur at mange forstår kva eg meiner. Du som er i det sjølv, du forstår.

 

Eg føler så mykje. Men du får aldri sjå det. Eg føler meg innelåst. Og føler at eg aldri kjem til å låse opp.

Følelsane mine får du aldri.

 

Heldigvis har eg klart å åpne meg meir dei siste månadane skriftleg. Mine sosiale medier hjelper meg stort. For ansikt til ansikt vil du ikkje få sjå det. Men gjennom kanalane mine, som denne bloggen, Instagram, og FB-sida mi, deler eg tankane mine skriftleg. Fordi eg bare MÅ få det ut på ein eller anna slags måte. Så eg vil takke alle som les og responderer på det eg skriv. Det gjer ufattelig godt. Virkelig. TUSEN TAKK!

 

I am not a talker, I am a writer.. 🙂

 

 

Takk for at du las.

Klem frå Anita