Jakten på lykke

KROPP ER TOPP!

Kropp er topp uansett korleis den ser ut! Alle kropper er «sommerkroppen» og «bikinikroppen»! Ikkje sant?! Og det meinar eg virkelig! All ære til alle ulike kropper i bikini! Men personleg syns eg det er vanvittig vanskelig.. Korleis greier dere det? Dere som går med singlet, dere med bikini og dere med bukse uten å måtte ha ein overdel som går nedanfor rumpa? Eg misunner dere så sjukt, dere skulle bare visst!

 

Og eg og skal klare det ein dag. Å kunne gå med singlet utan å vere redd for blikk. Å kunne drite i korleis armane ser ut, og bare føle meg som ei av alle som så klart går med singlet (og ikkje langarma) på kokvarme dagar. For eg har cellulitter på overarmane av alle ting.. Det er ikkje like normalt som appelsinhud på lår og rumpe, men nokre av oss har på armar og, i tillegg til på rumpe og lår. Men etter mange vektnedganger veit eg at cellulittane forsvinner meir og meir. Kanskje ikkje fullstendig, men det er ikkje det eg er ute etter, for litt skal vi kvinnfolk ha, det er heilt normalt og ikkje noko vi bør skamme oss over. Men er det då dumt av meg å ville gå ned nokre kilo for å sleppe å ha mykje cellulittar? Eg føler at eg ikkje heilt klarer å stå for den «kropp er topp, no matter what!» då. Men det er jo det eg egentlig vil, og egentlig meinar! Eg synast vi alle burde like oss sjølve slik vi er. Og eg digger dei som gjer det, så vilt respekt for dere altså! Men sjølv syns eg jammen det er vanskelig..

 

For øyeblikket får eg det altså ikkje heilt til. Så eg må gjere noko med det. Derfor har eg bestemt meg for å delta i eit styrkeløftstevne i år. Og eg skal melde meg på i ein vektklasse under den vektklassen eg er i no. På denne måten får eg trene meir, eg går ned i fettprosent og eg blir lykkeligare. Om det er noko som gjer meg lykkelig, så er det TRENING. Derfor vil eg fokusere mi tid på dette mot mitt kommande stevne. Det blir så spennande!

Så då er det bare å begynne å planlegge. Først ut er kommande veke. Vi startar i det små, med ei veke om gongen.

 Denne veka blir sjåande slik ut:

Frokost: Havrebrød med kokt egg + smoothie

Lunsj: Samme som frokost, kjøleskapsgraut eller preppa matboks

Middag: Ulike middager med familien, med fokus på mest mulig grønsaker og reint kjøtt. Tallerkenmodellen er ein fin peikepinn, og med mest mulig fargar

Kveldsmat: Cottage cheese med bær og mørk sjokolade, eller speltlompechips med salsa + proteinshake

Eg trur dette skal bli ei bra veke med tanke på mat.

 

*****

 

Eg håper å få trent 4 dagar denne veka + gåturer med voffsen.

 

Mandag: Crossfit (Open 19.1) + gåtur

Tirsdag: Gåtur

Onsdag: Spinning og 1 PT-time + gåtur

Torsdag: Gåtur + spinning

Fredag: Crossfit (Open 19.2) + gåtur

Lørdag: Styrkeøkt + gåtur

Søndag: Gåtur

Og kva skal eg så gjere for å bli meir glad i meg sjølv?

Det første eg kjem på er å skrive kva eg er takknemlig for kvar dag med kroppen min. Kva den kan gjere, og minne meg på kva eg likar med den. «Gratitudes» skriv eg jo allerede kvar dag, så framover får det med kroppen vere prioritet å vere takknemlig for. Det andre eg kjem på er at eg kan sjå Youtube-videoer og TedTalks. Der har eg allerede funne mykje bra inspirasjon, frå dei som har lært seg å like seg sjølv og dei som kjemper same kampen. Og så klart maten eg spis. Eg veit at mat vi inntek kan ha mykje å seie for om vi er deprimerte eller meir energiske og glade! Visste du dette?!? Tenk på det om du føler deg veldig sliten og nedfor i perioder du ikkje har så godt kosthald, kanskje det er noko i det eg skriv her? Ellers er turar og trening det som gir meg mest den kjempeglade følelsen, og det gjer meg stolt av meg sjølv, så fysisk aktivitet er sjølvsagt i ein prosess mot å like meg sjølv. Og det å ta seg tid til barna, leike med dei, kose med dei og le med dei. Eg elsker å sjå barna mine glade og fornøgde!

Eg gleder meg så innmari til månadane framover mot stevnet. No skal eg bli sterkare og ikkje kvile på laurbæra. Eg har allerede utstyret eg treng, for dette har vore min draum lenge! No skal det ikkje utsetjast lenger! I år skal det skje! 7.september 2019 skal eg løfte på mitt første styrkeløftstevne! I løftedrakt og alt som er! Gjett om det blir utanfor komfortsona då?!?! Men akkurat difor skal eg jobbe meg framover med å bli sterkare både mentalt og fysisk! Gleder meg til å dele tida framover med DEG!

 

 

Takk for titten.

 

Klem frå Anita