Fra trist og lat mamma til stolt og sunn treningsmamma!

Kven vil DU vere?

 

Eg har sjølv vore ei deppa og kjempelat mor. Eg kunne ligge på sofaen dag ut og dag inn, hive i meg alt eg kom over, og glo på tv heile kvelden. Eg visste ikkje vegen vidare, og eg visste ikkje korleis eg skulle komme meg ut av den onde sirkelen eg var komt inn i. Eg la på meg meir og meir, var mindre i aktivitet, blei mindre sosial, og blei til slutt ei kjempetrist mamma og holdt meg mest inne. Samtidig hadde eg eit STORT ønske om å vere noko heilt motsatt. Eg ville bli ei mamma mine barn såg opp til. Ei vaksen dame som eg sjølv kunne vere stolt over.

 

Ein dag var det nok. Eg måtte ta grep om livet mitt.

 

3 år seinare var eg utdanna personleg trenar og hadde eiga heimebedrift.

 

3 år deretter er eg her. Stolt, sprek og sunn mamma, personleg trenar, spinninginstruktør, styrkeløfter og livsstilscoach!

Og no hjelper eg andre å snu tankegangen sin. WOW!

Eg tilbyr eit coachingprogram der vi har personleg kontakt via e-post kvar veke. Du vil få ulike oppgaver og øvelsar som du skal jobbe med kvar veke, deretter rapportere til meg korleis det går. Du får og muligheten til å kontakte meg når som helst; Når du treng nokon å snakke med, når du har ein tung dag, eller treng ein ekstra push. Heile programmet går ut på å tenke meir positivt, endre og bygge bedre vaner og lære deg ulike teknikkar, slik at DU kan bli ein råare versjon av deg sjølv.

 

Dei som har sin egen coach, enten det er onlinecoach, mental coach, treningscoach eller anna, seier at dei aldri hadde klart å få til så mykje på eiga hand. Og det er jo slik at ein skjerper seg, gidder meir og tar seg sjølv i nakken, når ein har ein som følger med og forventer at du gjer noko. Og eg er ein snill og tålmodig coach, men og veldig ærleg, motiverande og pushande, og eg ser kva du har i deg, som kanskje ikkje du ser sjølv.

 

*****

 

VANENE VÅRE har alt å seie. Det er vanene som gjer at vi alltid faller tilbake i gamle tralter. Det er vanene som sitter fastlimt som må enten forbedrast, endrast eller fjernast. Vanene våre gjer oss til rutinemenneske nesten utan kontroll over eige liv.

 

Og attpåtil, det er vanskelig å endre vaner! Vi er vanedyr. Men utan endring forblir vi der vi kanskje ikkje ønsker å vere.

PS. Du treng ikkje å vere tynn for å vere ei suksessfull, sprek, inspirerande, sunn og rå mamma! Bare til info 😉

Kva vil du få ut av coaching-programmet: 

Vil du vere eit bedre forbilde for dine barn?

  Ønsker du å bli sunnare, sprekare, føle deg bedre?

Vil du ta ta tilbake kontrollen over mat og få eit godt forhold til mat igjen?
Kva med tankesett? Vil du tenke meir positive tankar og redusere negativ tankegang?

Kunne du tenke deg å lære teknikkar som gir deg meir overskudd og tid?

Vil du bli meir kjent med deg sjølv og kva du står for?

Komme nærmare dine verdiar og kva som er viktigst for deg?

Kunne du tenke deg å vere meir disiplinert og løsningsorientert?
Kanskje du vil klare å spare litt pengar og?
Alt dette skal du få lære meir om og du vil få uerstattelige verktøy og teknikkar som du kan bruke i ditt liv.
Eg har allerede vore gjennom ein testperiode med 90 menneske på dette programmet, der vi gjekk gjennom alt i intensive kurs. Fleire kunne fortelle i etterkant at dei har fekk mykje lærdom og kunnskap ut av kurset, at det var ein «eyeopener», at dei var mykje meir positive og brukar mange av dei effektive teknikkane i sin kvardag.
Eg ønsker virkelig å hjelpe fleire mødre som ønsker å vere gode rollemodeller. Kva for ei mor ønsker vel ikkje å vere bedre for barna sine? Barna gjør oss til å ville vere bedre menneske, og eg vil hjelpe deg å bli den beste mamma, medmenneske og suksessfull forbilde og rollemodell!
*****
Informasjon om betaling: 
Du kan velge å betale for 1 månad om gongen.
Du kan og velge å betale for eit kvartal om gongen.
Du kan og velge å betale for 6 månadar eller 12 månadar.
Dess lengre tid du betalar for, dess meir rabatt får du, sidan eg ønsker å følge deg lengst mogleg, så du får best mogleg hjelp til danne dine nye, gode vaner. Du får faktura tilsendt på e-post, og straks den er betalt, kan vi starte vårt prosjekt! 🙂
1 månad om gongen: 899,- 
3 månadar samanhengande coaching: 2249,- (Kvar månad blir då 750,-)
6 månadar samanhengande coaching: 3999,- (Kvar månad blir då 667,-)
12 månadar samanhengande coaching: 6499,-
(Om du betaler for hjelp av meg i 1 år kostar det altså KUN 542,- i månaden)
Dette er til informasjon sannsynlegvis den billigaste coachingen du vil komme over. Eg ønsker så inderlig å nå ut til andre mammaer, og vi har ikkje alltid den beste inntekten med så mykje utgifter i forhold til inntekt.

Vanene våre gjer oss til triste, late mødre eller spreke forbilder. Kven vil DU vere?

Send meg ein mail om du ønsker å endelig å bli den mammaen du alltid har hatt lyst til å vere, så startar vi reisa i dag!  –> ptanitaveberg@hotmail.com 

 

Klem fra Anita

 
– Your future is created by what you do today –