Loppemarknad, lansering og liv i håret

«Du får komme opp og få ein god massasje og kur, slappe av litt og berre være»

/Reklame/ Då Melinda inviterte meg til massasje, kur og det å bare vere, etter at eg hadde delt dette blogginnlegget, var eg ikkje sein å be. I dag etter min faste spinningtime på Spenst Førde, og styrkeøkt deretter, køyrde eg rett opp til Floke Jølster for å bli dulla med.

Eg forguder denne frisørsalongen. Ingen kjas og mas, bare roleg og stille med behageleg musikk. Ja, her kan ein virkelig bare vere. Her kan ein virkelig slappe av, og etter 2 timers treningsøkt var det deilig å lade opp igjen her.

 

Eg har aldri vore så fornøgd med ein frisørsalong som Floke Jølster, kanskje fordi eg ikkje visste kva eg trengte tidlegare. For mykje folk rundt meg gir meg for mykje tankar, og då eg vil bare heim igjen til mi lune hule. Men her kan eg virkelig slappe av og nyte den gode atmosfæren, og samtidig bli dulla med. Og eg elsker massasjene til Melinda! Kva er vel ikkje meir behagelig enn ein massasje i hodebunnen?!

I dag friska vi opp igjen fargen, skjulte dei små grå og i endane tok Melinda i ein shot-a-lot. Det roa ned det gule skjæret nederst, og ga ein kaldare tone, og mykje glans. Litt stussing på tuppane til slutt + tørking, og håret skinner igjen som bare Melinda kan!

Men altså, er det sånn det ser ut bak etter at håret har vore oppe i hestehale på trening?! (Før-bildet) Ein smule skalla-feeling baki der?! Haha! Jaja, hår som har delt seg fikser Melinda lett 😉 Bare sjå kor mykje sunnare, friskare og meir strålande håret ser ut etter å ha blitt dulla med hos ho!

Melinda viste meg ein ny hudpleieserie som nettopp er lansert. Bare sjå på dei lekre krukkene! Serien heiter Evolve Organic Beauty og er vegansk og ikkje testa på dyr. Dei er håndlaga med naturlege og økologiske oljer og supermat frå heile verda. Dei er produsert i små porsjonar for å garantere ferskhet og høg kvalitet. Desse var så utrulig fine!

Bare sjå oppi her då! Ser jo ut som sjokolade og karamell og melisglasur! 😀

 

Og du, trur du ikkje Melinda har fått i gang eit loppemarknad i helga som kjem?! Som ho styrer på, driftig og flink dame det der!

Ho inviterer til loppemarknad lørdag og søndag, og i salongen vil det vere mykje tilbud og, blant anna lanseringstilbud på den nye hudpleieserien Evolve! 15% rabatt får du på dei deilige krukkene med blant anna «sjokolade» og «karamell» om du titter innom i helga! Les meir om sjølve loppemarknaden HER.

Og om du har lyst å bli kvitt noko som andre kan ha glede av (utanom store møblar), stikk innom Melinda med det før lørdag!

 

Etter endt salongbesøk satte eg meg i bilen med mitt velluktande hår, musikk på full guffe og godfølelsen tok meg. Etter mange timar ute av huset skulle det bli godt å komme heim tenkte eg. Vel heime igjen var det fantastisk nok rolege tendensar, dei 2 eldste hadde komt heim med skulebussen ein time før meg, så eg var rimeleg spent på korleis det gjekk i heimen. Barna er ikkje akkurat perlevenner alltid. Men i dag hadde det gått kjempebra, og dei satt i nyesofaen og las lekser når eg kom inn døra. Etterpå gjekk vi ut litt medan det framleis var dagslys. Vi har det jammen fint oppe på fjellet.

Du kan bestille time på Floke Jølster HER om du vil. Og stikk innom Jølstraholmen i helga for gode tilbud hos Melinda og loppemarknad! Takk for i dag, kjære Melinda, og for at du hjelper meg å halde håret i perfekt stand! 🙂

 

Takk for titten.

 

Klem frå Anita