Mest lyst å stappe i meg godteri og sjå på reality!

Fleire som har den følelsen ofte?

For den kjem ganske ofte. Enten det er smågodt, noko knasande salt eller saftig kakebakst eg har lyst på, og enten det er reality, Game of Thrones eller ein altoppslukande film eg har lyst å bare slappe av med, så er det ein reell virkelighet dette. At eg har mest lyst til akkurat dette.

Det er jo litt drit.

Men det er heilt normalt. Kanskje nokre av oss har lyst til dette litt oftare enn andre, men det og er jo heilt normalt. Vi er alle ulike. Og bra er det.

Men så er det jo slik at dess meir vi stapper i oss søtsaker og ligger late på sofaen, dess mindre energi får vi. Ofte er det dette som trengs for å koble av og roe ned, noko som er heilt greit, men blir det for ofte må vi tenke oss litt om.

Kvifor ønsker vi dette så sterkt? Kvifor lenger vi etter sofaen og smågodtposen? Kvifor er dette høgdepunktet av dagen eller veka?

Det treng ikkje vere sånn.

Men det må virkelig ein innsats til.

Eg har mange gonger komt inn i ein vond sirkel som har vore vanskelig å bryte ut av. Men eg har fått det til kvar gong. Uansett om det har tatt veker, månadar eller faktisk år.

Noko som virkelig har hjelpt meg er å ikkje gape over for mykje på ein gong. Det tok lang tid før eg forstod at DET faktisk var noko som gjekk an, at eg ikkje trengte å gå fullstendig av skaftet for å plutselig endre ALLE vanene på ein gong, men når eg endelig skjønte det, så har det gått enklare.

Det å reise på trening og få til ei treningsøkt, uansett om økta er kort eller lang, litt halveis eller kanonbra, er ein vanvittig god følelse, og noko som virkelig gir meg meir energi, meir livsglede og ikkje minst lyst til å gjere det på nytt!

Eg prøver ikkje å totalt endre vanen om å ligge på sofaen, men eg prøver å legge til ei vane om å bruke tid på trening.

Eg prøver å legge til meir grønsaker på middagstallerkenen.

Eg prøver å sove litt meir og litt bedre.

Eg prøver å drikke litt meir vatn enn før.

Høyrast det så innmari vanskelig ut?

Kanskje ikkje umulig iallefall, slik som ein sukkerfri, lavkarbo diett med 5 dagers treningsveker i 3 harde månadar?

Eg har veldig lyst å hjelpe nokre få utvalgte menneske no i 2021 med dette.

Eg ønsker å bli ein bedre personleg trenar med fokus på livsstilsendring og då VARIG endring. Eg ønsker ikkje at endringane skal gå for fort, men sakte og stabilt. Litt om gongen. Steg for steg.

Eg vil hjelpe deg som har eit vanskelig forhold til mat, og som ønsker ned i vekt (fettprosent). Eg vil hjelpe deg som ønsker å bli ein av oss som trener på treningssenteret. Eg vil hjelpe deg som er dritlei av å kun ligge på sofaen. Du skal absolutt få lov å ligge på sofaen, men vi skal erstatte nokre av dei timane med styrketrening, matplanlegging, søvn og gåturer. Eg vil hjelpe deg som ønsker noko meir ut av livet, men som står fast der du er no.

Om du kunne tenke deg mi hjelp til akkurat dette, kan eg tilby LIVSSTILSENDRING-PAKKA 2021!

Denne innebærer:

60 PT-timar

Kostholdsveiledning

Kroppsanalyser

Mental trening

Bygging av nye vaner

Gave når fullført kurs

Og ikkje minst; Eit bedre liv!

Frå start og resten av 2021(!) får du oppfølging av meg personleg, så lenge du møter på trening og gjer det vi avtaler. Vi setter opp trening og oppgaver etter ditt tidskjema, men jobben må gjerast når planen er satt.

Ønsker du eit heilt nytt liv innan juleferien 2021?!?

Send meg ein epost PTANITAVEBERG@HOTMAIL.COM om du ønsker pris og har lyst å avtale eit møte!

Klem fra Anita