Når det ringer på døra..

Obs obs! Langt innlegg.

Kva gjer du når det ringer på døra? Reiser deg opp fra sofaen, lurer på kven det er på vei dit, og åpnar den, som om det er den mest normale ting i verda? Dei fleste gjer kanskje det? Vi kan jo ikkje vere like alle saman, for det hadde vel vore kjedelig?

Veit du kva eg gjer? Eg trudde aldri eg kom til å dele dette med nokon, fordi det har alltid vore så flaut og teit, men det burde ikkje vere det. Og eg veit at det er fleire som meg der ute. Så eg skriv dette innlegget i håp om at akkurat du ikkje føler deg så aleine om det.

Så tilbake til når det ringer på døra til Familien Veberg Hellevang.

Det ringer på døra, og eg er aleine heime. I det sekundet eg høyrer ringeklokka, sperrer eg opp augene, hjertet begynner å banke i rekordfart og pulsen blir høg. Eg begynner å skjelve, og eg sit først heilt pinnstille. Så prøver eg å tenke ut korleis eg skal klare å gjøyme meg utan at dei høyrer meg ute. Om eg allerede visste at det var komt ein ukjent bil på tunet, har eg allerede gått og gjøymt meg. Men om eg plutselig høyrer dørklokka, og eg ikkje veit kven som står der, lister eg meg til ein stad på golvet der ingen kan sjå meg om dei hadde sett gjennom eit vindu. Det ringer på ein gong til. Hjertet banker like fort, og eg bare ønsker dei vekk. Når eg høyrer bildøra lukke seg igjen, og bilen begynner å rulle nedover bakken vår, blir eg ekstremt letta. Når bilen er ute av syne og eg får litt tid på meg til å samle meg, slepper angsten taket litt etter litt. Men eg lurer jo så klart på kven som kom hit, og kva dei ville. Men eg er ikkje nysgjerrig på det at eg tør å åpne.

Om det plutselig ringer på døra, og eg ikkje har høyrt noko bil, er det stort sett vår kjære nabofamilie. Om eg veit heilt sikkert at det er dei, så går det bra. Men om eg ikkje veit, og ikkje er forberedt, så forblir nok den døra lukka.

Når familien er heime går det greit når det ringer på døra. Sjølv om hjertet mitt automatisk bankar fortare, så kan eg bare sende mannen for å åpne. Det verste då er at eg ikkje har peiling på kven som har komt til oss, og eg har ikkje fått psyka meg opp til å motta besøk. Men stort sett er det innsamlingsaksjoner (eller naboane), og eg kan roe ned igjen når eg høyrer det blir sagt «Hadet», og døra lukkast. Då slepper angsten taket igjen.

Eg veit ikkje kvifor eg er blitt sånn. Eg kan ikkje huske at…. jo, vent….  Gått av banen! No triller tårene.. Eg veit kvifor eg har angst for dørklokka! At eg har ikkje skjønt det før! Akkurat no når eg sitt og skriv det på bloggen bare hoppa det inn i hjernen min! Då må dette blogginnlegget bli endå lengre, og det beklager eg, men eg må bare fortelle kva som skjedde den gongen eg var ungdomsskuleelev… No skjelver eg mens eg skriv, men mest på grunn av at det var utruleg befriande å endeleg forstå.

Eg skulle heim frå skulen ein dag, og gjekk aleine. Eg gjekk frå ungdomsskulen, ned bakken til hovudvegen, og hadde så vidt komt ned dit, og begynt å gå heimover. Då stoppa det ein raud bil midt i vegen, og ein mann åpna vinduet og spurte kor eg skulle, og om eg ville sitte på. Det kom ingen bilar, så han køyrde ved sidan av meg, mens eg gjekk. Eg sa eg skulle opp i Oliverlægda, og sa vidare «men det går fint, eg går heim eg». Eg trudde han kom til å rulle opp igjen vinduet og køyre vidare. Men det gjorde han ikkje. Han sa eg kunne sette meg inn i bilen, og så skulle han køyre meg heim, fordi han skulle dit han og, i gata nedanfor.

Eg gjorde som han sa, og satte meg inn i bilen. Han køyrde meg heim. Derifrå tar det bare nokre få minutt i bil, og han insisterte på å køyre meg heilt til huset. Eg veit ikkje kvifor, men eg ga han telefonnummeret mitt(!). Kan hende fordi han sa at eg kunne få sitte på med han fleire gonger, om eg trengte skyss. Eg husker ikkje dette heilt, men mest sannsynleg. Eg gjekk ut av bilen, sa «takk for turen» og gjekk inn. Han køyrde av gårde.

Ikkje lenge etterpå, eg veit ikkje eksakt kor lang tid etter, om det var 30 minutt, ein time eller meir. Hustelefonen ringte, og eg svarte. Det var han mannen som hadde køyrd meg heim nett i stad.. Han lurte på om eg ville komme ned til han. Han var aleine heime, kunne han fortelle. Han fortalte at han budde i huset rett nedanfor, i kjellarleiligheta. Det han kanskje ikkje visste, og eg ikkje fortalte der og då, var at det var ein av mine slektningar han budde, og leigde, hos. Eg husker ikkje noko meir av det vi snakka om, anna enn at eg kunne få massere han på ryggen, eller at vi kunne massere kvarandre.. Eg sa «nei, det kan eg ikkje». Eg fortalte at mammaen min kom til å komme heim veldig snart. Eg husker ikkje meir av kva eg sa, men vi sa til slutt hadet. Eg vart sittande i stolen.

Plutselig ser eg ein raud bil køyre forbi kjøkkenvinduet. På veg oppover. Men eg var bombesikker på at det var den bilen. Og eg hadde rett. Han var bare lenger oppe i vegen for å snu. Han kom køyrande nedover igjen, senka farten og parkerte der han hadde sluppe meg av. Eg hadde på denne tida rokke å låse inngangsdøra, og sjekka at verandadøra var låst og, og så sprang eg inn på rommet mitt.

Det ringte på.. Den følelsen er kanskje den følelsen eg får kvar gong eg høyrer ringeklokka no. Hjertet banka, eg skalv og var kjemperedd. Han tar i dørhandtaket, og kjenner at det er låst. Dørklokka gir fra seg den grusomme lyden ein gong til. Eg holder fast rundt meg sjølv, og kjem på at døra nede i kjellaren som vi går inn frå garasjen står åpen.. Men endeleg høyrer eg bilen starte. Mannen i den raude bilen forlater huset mitt. Eg sjekkar at han ikkje har parkert nede ved garasjen, og går ned dit og låser døra.

Eg visste at mamma ikkje var ferdig på jobb endå, og ringte ein kompis. Han kom så fort han kunne for å vere der med meg til mammaen min kom heim. I etterkant har eg fått vite at mannen i den raude bilen blei kasta ut av leiligheta, og sambuaren med barn forlot han. Eg veit og no at han fekk sparken frå jobben sin i det offentlege, der han hadde forgrepe seg på nokre av sine pasientar.. Eg veit ikkje kva som hadde skjedd om eg hadde latt han få viljen sin, og eg hadde gått ned på besøk til han. Eg veit heller ikkje kva som hadde skjedd om eg ikkje hadde låst døra heime den dagen. Eg er glad eg ikkje veit.

I vaksen alder har eg sett denne mannen ein gong til. Det er få år sidan. Eg var ute med barna mine og huskyjenta vår. Vi gjekk tur bortover vegen. Ved ei hytte stod det ein bil, og ein mann. Eg kjente han straks igjen, og panikken innvendig var vanskeleg å skjule. Men eg er vant til å skjule følelsane mine, så eg prata med han nett som ein vanleg person. Eg bare håpte at han ikkje skulle kjenne meg igjen. Han ville ta bilde av Eira (hunden vår) og påstod at han skulle sende det til avisa, om det skulle dukke opp fleire ulvehistorier frå dalen. Vi har opplevd at det har streifa ulv her, den siste vart skutt når den gjekk vidare til Naustdal. Men han meinte altså at Eira skulle få skylda om folk trudde det var ulv her igjen? Eg skjønte det ikkje heilt, men eg hadde andre tankar i hodet, enn å skulle bekymre meg for sånt tullprat.

Han fortalte at han skulle sjå til hytta, fordi det var venner av han som eigde den. Eg sa at vi hadde og hytte litt oppi bakken, og når han spurte etter namnet på oss, sa eg det slektsnamnet han kjende ifrå den gongen han vart kasta ut av sin huseigar. Han virka litt forfjamsa, avslutta samtalen og satte seg inn i bilen. Då snudde eg og barna og gjekk heimover. Eg var livredd for at han skulle komme køyrande akkurat når vi var på vei opp bakken til vårt hus, så vi gjekk forbi vår innkjørsel og fortsatte langs vegen heilt til han var køyrd forbi. Aldri i livet om han skulle få vite kor eg og mine dyrebare barn bur no.

Heldigvis har eg eller barna aldri sett han igjen, og eg håper vi aldri gjer det.. Mannen i den raude bilen som ga mamma angst for dørklokka…

 

Tusen takk for at du las så langt. Eg setter pris på deg.

 

Klem frå Anita