Når drømmer går i oppfyllelse

er det stort sett på grunn av hardt arbeid. Vi må virkelig ville det!

 

Og denne gongen ville eg det virkelig! For ein glede, lettelse og lykke på ein og samme tid! Det å ha mi eiga bedrift var lenge drømmen. Og slik blei det. Lenge med eiga bedrift ønska eg å lage eigne digitale produkt. Og slik blei det.

 

For 6 år sidan tok eg personleg trenar-utdanninga. Det var ein tårevåt hurrafølelse den dagen eg fekk bestått. Eg som i vaksen alder var så misunnelig på alle som hadde ein tittel, eit yrke, ein karriere. Endelig var eg der og.

 

For rundt 3 år sidan begynte tankene rundt egne kurs og digitale produkt å slå rot. Eg skjønte ikkje korleis andre klarte å lage slike kurs. Eg var sjølv ein av dei som kjøpte slike kurs, og utdanna meg på det personlege plan gjennom dei. Og eg lærte så mykje. Difor kom tanken om «kvifor ikkje meg?» Kvifor kunne ikkje eg få til å lage slike digitale produkt? Eg hadde jo og mykje på hjertet, mykje eg har vore gjennom som eg har lært av. Etter masse hardt arbeid og frustrasjon, med dei små seirene innimellom, sit eg her med mine egne digitale produkt. Endelig er eg her og. Det var verdt det. Virkelig.

 

No når første kurs er ute, har eg gjort grunnarbeidet. Den største jobben til no. Ved å lære meg korleis absolutt alt fungerer. Framover kan eg fokusere på skriveriene mine, lage nye kurs, markedsføring og sosiale medier. Når eg får hjelpe mennesker til å ha det bedre, både fysisk og psykisk, då har eg virkelig komt dit eg ville. Når eg kan hjelpe mennesker gjennom «driten» på ein litt enklare måte enn kva eg sjølv gjekk gjennom.

 

Mitt første kurs vart om grunnleggande vanedanning. Det kan du lese om her. Neste påmelding for det kurset er 1.september 2020.

 

Mitt første gratis produkt vart om sjølvaksept. Ei sjekkliste for å klare å ha det bedre med seg sjølv gjennom sommaren. Den kan du laste ned gratis her.

 

Mitt neste kurs blir eit større kurs. Der vil vi gå innom både mental trening og intuitiv matforståing. Det blir truleg lansert i 2021.

 

Eg må få takke alle som har støtta meg og heia på meg.

Dei som følger meg og dei som kjøper produkta mine. Eg hadde ikkje klart det utan dere.

Tusen, tusen takk!

 

 

Klem fra Anita