No more curlycurl

Å trene ofte er ikkje bare bare. Åneida. Eg må vaske håret. Ofte. Og kva må eg gjere kvar gong eg har vaska håret? Joda, 20 bedrøvelge minutter med  retting av hår etterpå. Det tjukke, lange håret mitt må i tillegg vere heilt tørt. Å lufttørke det tar ein heil evighet, og skal eg noko anna den dagen er ikkje lufttørking eit alternativ. Jaudå, store verdensproblem her ja. Eg har lenge misunt dei som har naturleg, stritt hår. Tenk for ein grei kvardag. Men ja, eg veit, ein vil ha det ein ikkje har, uansett, slik er jo det alltid.  Men altså, håret mitt er ikkje vel bevart. Når eg ikkje retter det ut er det heilt desorientert. Flatt på toppen og brusete nederst. Mine slitte tupper hjelper vel heller ikkje på resultatet. Å klippe seg er ikkje akkurat kvardagskost for meg. Men eg lover, eg skal bli flinkare.

Tok turen til koselege Floke Jølster i dag eg. Dei hadde besøk av ei som skulle lære dei å gi keratin-behandling. Det er ikkje lenge sidan eg fekk vite kva denne behandlinga var og kva den kunne gjere, men det tok meg meget kort tid å finne ut at DET ville eg ha. Flinke frisøren Melinda Tefre som er eigar og driftansvarleg hos Floke Jølster gjorde til at eg kan no benytte 20 minutter fleire gonger i veka på heilt andre ting enn utretting av hår! Hurra!

IMG_5080IMG_5078

Ei søtare dame skal du vel leite lenge etter. Etter å ha vore i salongen til Melinda i 4 timar, og blitt føna så eg kunne sovna og blitt dulla i håret, fått kaffi i stor kosekopp, høyrd på behageleg musikk og prata om laust og fast, ja, det er nok ikkje tvil om at eg tar turen tilbake.

IMG_5072 IMG_5085

Melinda er endeleg tilbake på salongen etter ei stygg bilulykke i januar. Nokre menneske må gjennom meir enn andre, og Melinda er ein av dei. Ho er sterk. Rolig. Og ei herleg, skjønn dame som det står respekt av. Du kan lese meir om ho på bloggen hennar: http://melindatefre.blogg.no/

IMG_5082 IMG_5083

Keratin-behandlinga som eg fekk i dag er ei utglattande pleiebehandling. Den gjer til at eg ikkje må rette håret mitt på 6 måneder! Det er jo rein lykke! Det positive med at det ikkje er varig er jo at ein KAN jo faktisk savne krøllene sine etterkvart? Kanskje? Eller ikkje. Men anyway, 6 måneder før eg må ta ny behandling. Det er jo heilt briljant! Håret mitt er supermjukt no, og rett og stritt ikkje minst, og eg fekk ein mykje friskare, litt lysare tone i håret. Eg er kjempefornøgd!

IMG_5081

Ei behandling for hår over skuldrane kostar 2700,- 

Hår frå skuldrane og nedover er 3700,- 

Behandlinga tar 3-4 timar og held i opptil 6 månadar.


Tadadadaaaa…..

Sjå skilnaden her dere: 

IMG_5086 IMG_5087

Håret er mykje friskare, ein mykje finare farge, det ser mykje sunnare ut, og ikkje minst, det er ingen krøller!

På før-bildet ser håret mitt livlaust og slitt ut. Men no er håret mitt endeleg i stil med korleis eg føler meg på innsida, litt sånn tjohei!!

Følg Melinda og salongen hennar:

Facebook: Floke Jølster

Tusen takk for ein fortryllande dag med ei førsteklasses behandling!