Nøkkelen til endring?

Eg har funne nøkkelen. Endelig fant eg den. Dette skal få meg akkurat dit eg vil.

Det er ikkje rart eg har vore jojoslankar nr.1 i så mange år. Eg har vore så innmari flink i periodar, og då går det lett når eg er «in the zone». Men det skal ikkje mykje til for at eg faller av heller, og då går det jo heilt skeis. Sånn totalt 100% feilspor! Det er nesten litt morsomt, no når eg har skjønt kvifor det er slik.

IMG_2489

Eg som trudde det var fordi eg mista motivasjonen og derfor datt eg av. Nei, eg kan seie det at det er ikkje motivasjonen sin feil. «Eg finn ikkje motivasjonen» er ikkje noko du vil høyre fra min munn lenger. Motivasjon er søppel. Veit dere kvifor?

Fordi det ligger såååå mykje meir bak. Ja, vi kan vere supermotiverte, og alt går etter planen, og vi føler oss på topp. Men høyr no, no kjem nøkkelen. Det er VANENE DINE du må finne ut av. Ikkje motivasjon, inspirasjon, og bla bla. Det er så klart kjempegøy med bilder, sanger og alt som får oss meir motivert, og det bruker eg så klart også, all the time! MEN, det er ikkje der nøkkelen ligger. IT IS IN THE HABITS!

HABITS 

HABITS 

HABITS..

HABITS! 

Så lenge du ikkje endrer vanene dine, over tid, og får det inn som ei rutine, nett som at du kler på deg før du går ut av huset om morgenen, for du går jo ikkje ut naken (!), så vil du falle av gang på gang. Det fine med at eg har gjort akkurat det såååå mange ganger (ikkje gått ut naken der altså, men falt av mitt eige suksesshjul), er jo at eg har lært så mykje av det. Så du må feile mange ganger før du får det til. Du LÆRER i ein stadig «on-going process», du mislykkast ikkje.

img_9394

Dine vaner må komme over tid, og du må virkelig bestemme deg for at du skal få det inn som ei vane. Og kvar gong du glipper, og vanen du trudde var blitt ei fast rutine, ja då bare tar det enda litt kortare tid kvar gong etter fallet, at du kjem deg innpå igjen. TIL SLUTT blir det ei vane.

Så kva er ei god vane? Kva vil DU endre? Begynn med noko veldig enkelt og gjennomførbart. Det må vere enkelt for at du skal gidde å gjere det. Kva med eit glas vatn FØR du spiser frokost ilag med kosttilskuddene? Eller at du alltid starter dagen med favorittsangen på høgt volum for å få meir glede og action å kickstarte dagen med?

Det er faktisk slik at du treng ikkje KUTTE UT VANER du har. Om du MÅ ha den lille sjokoladen til ettermiddagskaffen, kan du heller LEGGE TIL ei ny vane med at du tar 20 (eller maks) knebøy på stedet FØR kaffipausa! 😉

img_0949

Eg har fått inn nokre sabla gode morgenrutiner (synes eg sjølv da). I forhold til det EG vil utrette i livet, så er det iallefall midt i blinken for meg. Eg ønsker å bli ei rå karrierekvinne innen det yrket eg jobber i, ei skikkelig businessmamma med trygg økonomi og frihet i kvardagen for meg og familien. Eg vil og bli den sprekaste versjonen av meg sjølv eg kan bli, eg skal bli sterkare, føle meg fantastisk i egen kropp og vere den beste rollemodellen eg kan for mine barn. Eg vil hjelpe andre som ikkje har det like godt som oss i livet generelt, og hjelpe dei eg jobber med til å oppnå det dei drømmer om. Eg har mange drømmer, som eg skal realisere, og da trengs det skikkelig gode VANER.

IMG_4389


Her kjem mi faste morgenrutine:

Kl.05.00 TRENING:

Eg startar dagen med trening (no for tida er det jogg-intervall i 30 minutter, deretter rundt 1 time med styrketrening, og nokre dagar crossfit eller spinning i tillegg. Dei dagene eg har treningsfri, går eg tur og mine daglege heimeøvelsar.

 

Kl.08.00 MINI MINDSET MORNING ROUTINE:

1. Mindset-kurs (du finn mykje av det på nettet, eg følger no Dave O´Connor, og har tidlegare tatt kurs med Niyc Pidgeon).

2. Meditasjon/visualisering (eg ligger og høyrer på Blueprints, som får meg til å visualisere målene mine som om dei har allerede skjedd, heilt magisk!)

3. Powersang (Footloose) og heimeøvelsar (squats, pushups, pullups)

4. Gratitudes (eg skriver ned nokre punkt over kva eg er takknemlig og glad for kvar dag).

I tillegg til desse faste rutinene, går eg rundt lunsjtider tur med bikkja, leser bok 10-20 minutt og ser på motivasjonsvideo/jobbwebinar.

Dei dagane eg har trening seinare på dagen, feks når eg har spinningtime kl.10.00, eller er med på WOD el.l. bytter eg bare om på rekkefølgen, altså tar mini mindset morning routine først, deretter trening.

img_0117

Om kvelden har eg fått ei vane med å skrive ned kva eg har fått gjort jobbrelatert den dagen. Ei såkalla «The Done List». Sidan eg jobbar heimefra treng eg å sjå at eg gjer nok kvar dag, for det er jo ikkje kvar dag som er like supereffektiv som andre. Det er enda ein grunn til at eg må ha faste vaner å gjere kvar dag, så eg får gjort alt eg skal i jobben min dagleg. Dermed er jo DISIPLIN enda eit nøkkelord når det gjelder både jobb og treningsrutiner.


Så. No håper eg at eg har fått klargjort noko av det som må til for at du og skal klare den endringen du vil i livet ditt, uansett kva det måtte vere. Finn vaner du ønsker å ha, noko som får DEG dit DU vil. Ikkje bruk mine vaner om dei ikkje passar for deg. Finn det som passar deg, noko du kan fortsette med og få inn som fast rutine. Begynn med 1 enkel vane, så kan du fylle på med fleire når den første virkelig sitter.

img_9625

For å komme dit at du klarer å holde på sunne og gode vaner du har lyst å beholde, bør du jobbe med din personlege utvikling (mindset-kurs, meditasjon, lese bøker, gå ut av komfortsoner osv) og bare «LEARN AND GROW» mens du prøver og prøver igjen. Quitters never win. Er du ein quitter? Nei, det var det eg trudde. Just keep on going, and never ever quit trying.

Lag gjerne eit SKJEMA for endring også 🙂

Klem fra Anita