NY JOBB!!

Året 2012 starta eg min egen livsstilsendring med å møte opp til PT-timar.

 

Det var REDNINGEN og vegen ut av depresjon, sosial angst og overvekt.

Eg er framleis ikkje slank og stram, men eg har skjønt at man må ikkje vere det for å ha det bra!!

Livet har endra seg totalt sidan den gong, og min største lidenskap og hobby blei raskt styrketrening!

Herlighet. Eg forstår det nesten ikkje sjølv.

 

Min nye jobb!

Eg er no PERSONLEG TRENAR på det største og beste treningssenteret i by’n!!

Klarte eg virkelig å endre livet mitt så fullstendig?!?🤩

 

Då eg brydde meg for mykje om korleis eg såg ut, og aldri klarte å bli tynn, trudde eg at eg var mislykka.

Om du føler det slik no, om du er overvektig, eller bare ikkje har det bra, så er eg her for deg!

Om eg kan hjelpe andre menneske slik Spenst Førde, dei personlege trenarane der og trening har hjelpt meg, så er det drømmejobben!!

 

Om du for eksempel ikkje tørr å gå på treningsenter; Eg har vore der!

Om du føler deg for tjukk eller for usikker til å trene her; Eg har vore der!

Eg orka ikkje lenger å sjå livet mitt bare smuldre vekk, og eg trur det er altfor mange som har det slik akkurat no..

Du er meint for så mykje meir enn å sitte inne og vere redd for kva andre syns om deg! Det er DIN tur no! Og eg er her for å hjelpe DEG!!!

Eg har sjølv gått ned 10 kg sidan i sommar ved å fokusere på helsa først, og eg kan hjelpe deg i haust og vinter, med både vektnedgang, styrke og bare det å komme seg i bevegelse.

 

Helsa vår er prioritet nr.1, og har vi ikkje helsa, står den øverst på ønskelista!

Og trening? Det er for ALLE!

 

Kontakt meg gjerne.

E-post:

ptanitaveberg@hotmail.com

 

 

Klem fra Anita