Overspising er no´dritt!

Food is not your enemy. Food is a team player. It wants to nourish your body, to support your life. 

 

Det kan umulig bare vere meg som hater overspising, men som gjer det likevel. Som sitter i min trygge sofakrok med tankar om kor verdilaus eg er, samtidig som eg stappar i meg mat som gjer kroppen min vondt. Det må bli ein slutt på det. Så her kjem ei lita oversikt over kva vi kan gjere for å unngå overspising! Dette skriver eg for min egen del, for dei som deltar på kursa mine, og for alle andre som kan finne hjelp i det.

 

Først litt konkrete tips:

 

Oppkutta grønsaker i kjøleskapet som man kan forsyne seg av når man får lyst på noko. Og det seier seg sjølv at dei som sliter med overspising bør la vere å ha eit «godteskap» eller fristelsar liggande rundt om i huset, då frister jo det mykje meir enn dei grønsakene i kjøleskapet, uansett kor lett tilgjengelige og fine, freshe og fargerike dei er.

 

Oppkutta, fargerike grønsaker på middagstallerken og mesteparten av fatet kan vere grønsaker. Om man då overspiser på grønsaker, er det jo bare bra. Meir grønt, meir fiber, meir mettande mat og mindre av alt det andre.

 

Sukkerfri tyggegummi er kjempesmart å putte i munnen etter måltider. Det kan hindre småspising mellom måltider, det gir bedre ånde og er bra for tenna. Legg ein tyggis klar ved tallerkenen din, og om du har bestemt deg for at du skal bare spise ein porsjon, så stapp tyggisen i munnen straks du har spist opp. Det kan hindre meir «innstapping».

 

Vatn, både før, under og etter måltider. Det metter og er den beste tørstedrikken.

 

Ikkje gå på handletur svolten. For all del! Spis deg fornøgd med eit planlagt måltid før den planlagte handleturen og handle inn sunn og næringsrik mat. Og ikkje kjøp 2 for 1 på ein tirsdag, fordi du skal ha det i helga som kjem. Det forsvinner inn i matholet lenge før den tid, så la heller vere, og kjøp 1 på lørdag.

 

Foodprep. Planning is key. Følg ein matplan og lag maten du skal spise på forhånd, ha det klart i matbokser. Det er virkelig så mykje lettare å spise i begrensa mengder når maten står klar i kjøleskapet, og du kan ta ein matboks som er ferdig tilberedt når du kjenner svolten komme snikande.

 

Har du fleire tips, så tar eg gjerne imot og kan legge dei til her etterkvart!

 

Her er tips som kom inn:
– «Tips til overspising- nokre vaner er vanskelig å gi slipp på. Tenk på kva du kan legge til istadenfor kva du må kutte ut.
Så eg tenker på alt det sunne og gode eg kan ete; Frukt, ein god salat, smoothie, og prøver å gjere det til ei vane å ete noko sunt når eg craver noko å ete. Eller finne aktiviteter og kjekke ting eg kan gjere. Det kan vere lurt å ha ei liste over desse tinga. Eg har iallfall blitt flinkare til å velge ein sunn ting når eg craver noko å putte i munnen.»
– «Når eg har lyst til å ete noko eg ikkje bør så er det for å «mette» ein følelse. Noko som mangler. Til dømes når eg er stressa og ønsker å slappe av, då ønsker eg eit friøyeblikk. Eller når eg blir lei eller deppa, og ønsker å bli glad. Då prøver eg å tenke ut kva som gjer meg glad og prøver å heller gjere dette. Eller når føler ein mangel på noko, og det er nok ein grunn til at eg har overspist og har gått og leita i skuffene etter noko å putte i munnen for å dempe det egentlige behovet. Mitt behov har vore å bruke kreativiteten, lage noko, kose meg med dette. Så når eg tenker at eg har eit friøyeblikk i kvardagen der eg gjerne kunne tenke meg å fylle det med å ete noko godt, så har eg bytta det ut med litt tid på hobbyrommet.»- «Ha snacks mindre tilgjengelig. Og kanskje heller ha litt tyggis eller noko sunt lett tilgjengelig viss eg absolutt må ha det.»

– «Når eg kjøper smågodt prøver eg å kun kjøpe den mengda eg klarer å ete på ein gong. Kroppen min har begynt å seie ifra ved å bli skjelven og uvel når eg et for mykje sjokolade (det kan komme etter 4-6 ruter melkesjokolade)- så det er ikkje så fristande å ete for mykje av dette lenger.»

Så, over til noko eg har begynt å sette meg meir inn i, både for egen del og for mine kursdeltakarar. Mindful eating.

Eg og andre som lett overspiser driver jo med mindless eating. Så la meg først fortelle litt om det. Tankeløs spising. Mindless eating er når du spiser etter at du er blitt mett og ignorerer kroppens signaler. Mindless eating er følelsespising, for eksempel når du er trist, stressa, slapp, sjuk eller kjeder deg. Mindless eating er når du spiser aleine, på tilfeldige stader og på tilfeldige tidspunkt. Mindless eating er når du trøstespiser egendefinert kosemat. Mindless eating er når du spiser og gjer andre ting samtidig, altså multitasking. Mindless eating er når du tenker på maten som eit sluttprodukt.

Mange som kjenner seg igjen i tankeløs spising?

Då kan vi gå over på det som vi kan heller starte med fra no. Bli venn med mat. Tenke over kva vi spiser, kortid vi spiser og korleis vi føler oss før vi spiser. Mindful eating. Mindful eating er når du lytter til kroppen og stopper når du føler deg mett. Mindful eating er når du spiser fordi kroppen treng det, for eksempel ved magerumling og lavt energinivå. Mindful eating er når du spiser med andre, for eksempel til middag med familien, når du spiser til planlagte tider og på planlagte stader. Mindful eating er når du spiser mat som er næringsrik for kroppen. Mindful eating er at du kun spiser når du spiser, og får konsentrere deg om måltidets smaker, konsistens, farger osv. Mindful eating er når du tenker over kor maten kjem fra, korleis den blir til og kva den kan gjere for kroppen din.

Eg trur personleg at mindful eating er vegen å gå for overspisere. Iallefall er det ein av fleire gode knagger man kan begynne å bruke. Eg veit at det skjer ikkje på eit blunk, dette krever tid og øving. Men kva om eg seier at mindful eating kan bidra til vektnedgang? Det kan rett og slett hjelpe til med dei ekstra kiloane vi bærer på, det kan bidra til bedre matvaner og det kan minske stresset vi har rundt mat. Mat treng ikkje å vere vår fiende, det kan vere noko vi koser oss med uten dårleg samvittighet. Og dette krever mykje øving for oss som føler at mat er vanskelig. Men eg veit at vi kan bekjempe dette og. Det bare veit eg.

Men mange faktorer speler inn. Vi må føle at vi fortjener å ha eit godt forhold til mat. Vi må bli venn med kroppen vår. Bli meir glade i oss sjølve og den vi er nett no. Bli venn med maten. Bli venn med kjøkkenet der vi kan utforske, eksperimentere og lage nye matrettar med friske fargar og næringsrik mat. Det kan gjerast spennande og vi kan kose oss med mat og matlaging. Lære oss nye, gode middager. Friske, energigivande frokoster. Lette lunsjer. Eg  veit vi kan klare dette. Det blir ikkje lett å fjerne ei heil livstid med kroppsbesettelse, men det ER mulig. Eg seier ikkje at du skal slutte å jobbe for å bli smalare, sterkare, lettare eller den du drøymer om å bli. Men eg vil du skal vere glad i den du er akkurat no, den kroppen du har akkurat no, medan du jobber deg mot ditt mål og din drøm. Bli venn med mat og bli med venn med kroppen din.

Så, for å avslutte dagens skriblerier, så vil eg bare seie: EAT MINDFULLY. STOP EMOTIONAL & MINDLESS EATING. Eg har egentlig lyst å skrive meir, men eg får spare på noko til seinare innlegg. Takk for at du leser og kommenter gjerne med dine tankar. Om du likte dette blir eg glad for tilbakemelding. Riktig god helg og øv deg gjerne på MINDFUL EATING i helga 🙂

– LYKKE TIL OG GOD HELG –

 

Klem fra Anita

Snap: Neeten 

IG: ptanitaveberg