På tide å bestille den frisørtimen??

Alle fortjener ein avslappende, deilig hårbehandling i fylkets beste frisørsalong!

 

/REKLAME/ Og når eg seier BESTE, så meinar eg det. Reklame og samarbeid til side. Eg anbefalar ikkje noko eg ikkje digger sjølv, og eg meinar det med hånda på hjertet at det er ingen salongar som kan måle seg med Floke Jølster. Om dere har lest frisør-blogginnlegg frå meg tidlegare, så veit dere kvifor eg liker den så godt. Det er ingen salong eg har vore på tidlegare som gir meg den roen eg får på frisørsalongen på Jølstraholmen. Hadde det vore mykje andre kundar og frisørar kavande rundt meg, travle telefonar og konstant folk innom, så hadde det vore lite avslappande for meg som kunde. Når eg skal ha egentid, vil eg ha det rolig og behagelig.

Også må dere lese endå litt lenger, for å komme til ein overraskelse!

*****

Eg fekk ein nydelig farge og verdens deiligaste hårvask med massasje, alltid ein fryd å vere i stolen hos Melinda! I tillegg fekk eg prøve ein nyhet! LYNG er ein 100%  produktserie for hår. Hårserien er laga for å ta vare på både helsa vår og miljøet, fordi du og eg fortener ei grøn verd! Lyng stammar frå Voss, og ideen er å skape dei ultimate hårprodukt for alle: For deg som går til frisør, for frisøren og for miljøet. Den er miljøvenleg, sertifisert og bærekraftig, og NYNORSK! To frisørkjeder vann faktisk Årets nynorkspris i år, og ein av dei var så klart….. ja, du skjønte det; Floke! Grunderen bak Floke og Lyng-serien Irene Stana har sagt at pengepremien ho fekk på 50 000 kroner vil ho nytte til utvikling av nye tekstar til denne nye grøne produktserien 🙂

 

Både eg og jentungen falt pladask! Eg digger at det er nynorsk på boksene, dei er kjempefine og enkle i designet, og dei lukta seriøst himmelsk!! Aldri har eg lukta på hårspray og hårskum som luktar godt i det heile tatt, men desse lukta bare heilt nydelig!

 

Inkje anna –

Makelaus hårskum

er eit skånsamt hårskum som er utvikla for å gje godt hald til frisyren gjennom heile dagen. Den er lett å føne på og hjelper deg å få volum i frisyren og det resultatet du er ute etter. Inkje anna er i tillegg varmebeskyttande og gir beskytting mot UV-strålar. Passar perfekt for tynt, fint hår som treng volum og fasong, og for tjukkare hår som treng ekstra hald. Og du vil elske den! Ei så nydelig lukt på badet kvar dag, ja takk!

 

 Fønvind –

Hurtigtørkande hårspray

er ein skånsom hårspray som er fin å bruke som avslutning på stylinga,  då den gir frisyren volum, godt hald og ein flott glans. Sprayen er varmebeskyttande og gir vern mot UV-strålar. Passar for både tynt og tjukt hår for volum og godt hald. Personleg likte eg kor godt hald det blir i håret når eg bruker denne, og den lukter nydelig denne og!

 

No, over til overraskelsen!!

– Oppdatering 16.09.19: Rabattkoden og tilbodet er ikkje tilgjengelig meir –> Melinda på Floke Jølster har lyst å gi dere ein overraskelse. Eit fantastisk tilbod. Og eg får lov å dele dette tilbudet med dere alle. Det blir ein kampanje som går over 2 veker. Så om du treng eit frisørbesøk, no er tida inne! Alle som bestiller time på Floke Jølster på nettet i veke 36 & 37 får heile 20% på heile behandlinga! 20% rabatt er ganske mange hundrelapper som du kan spare ved å bestille time fra og med mandag 2.september til og med lørdag 14.september! No gjelder det å booke inn tid så fort som mogleg, før det blir fullt! Husk å skrive inn rabattkoden Anita20 i notatfeltet der du bestiller, for å benytte tilbodet.

 

Du kan bestille via Fixit.no eller laste ned den smarte timebestillingappen Fixit!

 

Nyt ei fantastisk hårbehandling på fylkets finaste frisørsalong du og!

Også må eg seie takk til min kjære frisør Melinda då. For at du fortsatt velger meg.

Vi starta vårt samarbeid då eg var i vektnedgangsfokus og hadde bikinifitness i sikte. Planen var å komme seg på scena og stille i fitness, men når planen endrast til plus size styrkeløfter, står ho meg likevel bi. Når eg no har avslutta alt som heiter diett, for å få eit meir normalt forhold til mat og kropp igjen, står ho framleis bak meg og fiksar håret mitt. TUSEN TAKK! Eg er så takknemlig.

 

 

Takk for at du les.

Klem frå Anita