S.U.G.A.R. – It´s what we do

but it´s never to late to do something about it.

Har du tenkt over kor mange gonger vi feirer med sukkerholdige matvarer? Eg har tenkt på dette lenge. Sukker og feiring. Det er kulturen vår. It´s what we do. Å feire alle dagar med sukker. Morsdag, valentinsdag, bursdag, 17.mai, påske, jul, juleavslutning, farsdag, bryllup. Why is that?

Med slike tradisjoner, kva vi kan gjere for å halde barna våre friske i barndommen?

Mangel på kunnskap om mat og korleis man forbereder det, mangel på sunne og rimelige alternativ, og negativ påverknad frå rollemodellar, som foreldre og media, gjer til at barn ikkje får den tilstrekkelige opplæringa for eit sunt, rikt og fargerikt kosthald dei burde ha.

IMG_5209

Sommer og sol, ikkje så mange måneder igjen, kva med ein supersunn saftis til barna?

Eg hadde ein dag der eg var så klar for ein ny dag. Eg starta dagen med meditasjon og visualisering, min powersang og nokre sangar til på lista mi, eg skreiv ned nokre punkter for kva eg er takknemlig for og eg var virkelig klar for ein dag full i effektivitet på mitt heimekontor, klar for å jobbe meg nærmare mine mål. Men så kom eg på min favorittgodis som låg i skapet. Den hadde eg kjøpt til dagen etter som var ein lørdag. Eg grubla litt, tok meg ein kaffi, og skulle til å begynne å jobbe. Men så tenkte eg at det skada jo ikkje å spise litt av det, om eg bare passa på resten av dagen, og sparte mesteparten til lørdagen. Veit dere kva det endte med? Eg la meg på sofaen, spiste godteri, såg på dokumentarer på Netflix (ja, desse om sukker for å gjere det endå meir komisk) og eg blei tristare og tristare. Heile dagen gjekk. Eg kunne ikkje skjønne kor arbeidslysten og den gode morgenfølelsen eg hadde var blitt av. Eg blei lat og lei. Eg kjente den dårlige samvittigheten tynga meg ned. Dette er det sukker gjer med meg. For meg er sukker gift. Sukkeret gir meg dårlig samvittighet, den reduserer effektiviteten min til eit minimum og den stjeler gledene mine. Då er det gale då. Sukkeret tok gleden min!

Og det er det den gjer. Først føler man lykkerus, men ikkje lenge etter blir det totalt motsatt. Eg prøver å fortelle meg sjølv kvar gong at det ikkje er verdt det. Men mitt fornuftige meg blir heile tida beseira. Mine lyster der og då tar over, eg klarer ikkje beherske meg eller bestemme over meg sjølv.

Velg dei sunne alternativa som gir næring til kroppen

Forholdet mitt til sukker, og mat generelt, er noko eg jobber med konstant. Eg ønsker meg den balansen. Og endå meir, eg ønsker meg den balansen for mine barn. For alle verdens barn. Vi er deira forbilder og rollemodeller, det er vi som må ta grep. Det er vi som må ta oss ei frukt etter jobb, ikkje ein bolle på butikken. Det er vi som må drikke vatn til måltida, ikkje brus. Det er vi som må gå fremst som eit godt eksempel. Det er vi som voksne, som foreldre, som har ansvaret for våre barns livsstilsvaner.

Eat less sugar. You´re sweet enough already.


Eg anbefaler desse dokumentarane:

The Kids Menu

Fed Up

Ei sukkeravhengig verd

Fruktfat er noko barna elsker, vi voksne må bare gidde å finne det fram istadenfor den enkle sjokoladen

Kanskje vi ein dag klarer å bytte ut sukker, iallefall i kvardagen? Det hadde vore noko det. Og ikkje misforstå, eg er FOR å kunne kose seg, ta ein dessert, spise lørdagsgodis, skeie ut innimellom, men det er i vanene våre alt foreligger. Og det vi kan og burde lære vidare til barna våre. Tenk på alt vi kan gjere for dei i tidleg alder, bare ved at vi går foran som eit godt eksempel.

Barna gjer det vi gjer, ikkje det vi seier dei skal gjere. 

Hjelp den neste generasjonen på ein sunnare sti, det er vel alt vi egentlig ønsker? Friske, sunne, glade barn som blir friske, sunne, glade voksne?

Følg meg på Instagram, og ikkje minst, LALIFESTYLEFOOD, for sunne alternativ og tonnevis med sunn inspirasjon. 

Skrevet av Anita Veberg