Bli fri!

The opposite of addiction is connection! 

 

Bam! Det slo meg! «The opposite of addiction is connection!» Det er dette eg bare elsker med å lese bøker og artikler om emner eg søker meir kunnskap i. Det at eg kan lese i ei bok, og plutselig står det ei setning der som virkelig treffer! Det gjer heile boka verdt det! Les det igjen: «The opposite of addiction is connection» –> «Det motsatte av avhengighet er forbindelse.» Eller kanskje samhørighet eller tilhørighet er bedre å bruke i denne samanhengen. Eller kobling og tilknytning. Det spørs litt kva vi legg i betydningen.

 

Det som altså slo meg var jo at for meg personleg som har tenkt at eg har vore både sukkeravhengig og ein overspiser, så må min avhengighet til sukker og generelt mat og det å spise erstattast med noko anna. Å bytte ut avhengigheten med noko anna.

 

Det å finne seg sjølv, finne forbindelsen til seg sjølv, og lære meir om seg sjølv, vil vere eit betydelig verkemiddel for å kunne erstatte ein dårleg avhengighet med ein bedre.

 

Om man kan finne ein treningsform der ein finn tilhørighet kan dette ha kolossal effekt på ein person som tidlegare ikkje har følt seg «heime» nokon stad. For meg har eg funne dette. Treningen på Spenst Førde og Crossfit Førde. Eg har virkelig fått ein ny lidenskap innan trening, og det er Crossfit. Og der får eg også bygge meir styrke, som eg treng sidan eg har eit ønske om å konkurrere i styrkeløft. Yaiks, det er skummelt å seie det høgt. I tillegg til dette har eg virkelig funne ein tilhørighet inne i spinningsalen på Spenst Førde, der eg møter mine spinningvenner kvar veke. Det er så kjekt at dei faste spinnarane kjem på timane mine kvar gong, og så blir eg alltid så glad når nye fjes dukkar opp, og dei faller pladask for spinning, slik eg gjorde første gongen eg testa det ut for mange år sidan.

——————

Eg har lenge hatt lyst å skrive eit «Korleis halde vekta»-innlegg, men eg er virkelig ikkje den som kan mest om dette. Eg har jo gått ned 10 kg mange gonger eg! Meeeen…. Eg har gått dei ned, og dei har komt på igjen endå raskare. Å gå ned mange kilo kan vere hardt, men endå vanskeligare er det å halde vekta nede. Så igjen då, som ein «sukkeravhengig» og ein «overspiser», så treng eg å bytte dei «avhengighetane» med noko anna. For meg er det blitt trening og det å utvikle meg på det mentale plan, ved å lese bøker og gå ut av komfortsoner. Så sjølv om det er mange der ute som er mykje flinkare på å halde vekta enn meg, så vil eg likevel komme med nokre tips som eg trur kan hjelpe både meg sjølv og nokre andre som treng det. Derfor skriver eg dette innlegget i dag.

Så dere. Korleis halde vekta:

  • MINDFUL EATING som eg har skreve om HER. Der finner dere mange tips som er kjempenyttige når det gjeld å halde vekta og, for det går hand i hand vil eg seie. I mitt neste kurs til hausten blir dette eit stort fokusområde, og eg gleder meg kjempemykje til å hjelpe endå fleire, endå bedre! Du er hjertelig velkommen til å sende meg ein mail for meir info om kurset, det er fullt lov å melde seg på og få garantert plass allerede no.
  • Etter ein vektnedgang vil kroppen prøve å komme seg opp igjen der den har vore før. Derfor er det så viktig å ikkje falle totalt av lasset når ein først faller. Komme seg opp igjen på hesten raskt. Snakkar av erfaring. Å hive i seg alt som var «forbudt» under vektnedgangen, og kanskje i tillegg plutselig ha ei treningspause, det anbefalast ikkje. Men å kunne kose seg med eit og anna måltid iblant er bare bra for oss. Bare vi ikkje gir oss sjølv dårleg samvittighet for utskeielsen. Om utskeielsen er planlagt, er det heller absolutt ingen grunn til at ein skal utsette seg sjølv for personleg negativ omtale. Det gjer bare vondt verre. Vær snill mot kroppen din. Gi den det den treng av næringsrik mat, og når den ikkje får akkurat det, ikkje tyng den ekstra ned med kjeft og stygge ord til deg sjølv. Kroppen din (og du!) fortjener bedre.
  • It´s all in the habits! Les DETTE.
  • Legg ned bestikket ved kvar matbit. Kjenn på konsistens, smak, tygg det godt og gjer munnen heilt tom før du løfter opp igjen bestikket og lager klar ein ny munnfull. På denne måten kan metthetsfølelsen bli meir tydelig endå raskare, ergo du spiser mindre ved måltider og får tid til å virkelig smake på maten.
  • Spis alt du har lyst på! Bare det ikkje er kun junk food og smågodt kvar einaste dag. Unn deg det du har lyst på iblant. Samme som eg skreiv over her, unn deg utskeielser. Når vi veit at vi har lov og KAN spise det vi liker best, så er det mykje enklare å spise den litt sunnare, meir næringsrike maten oftare. Vi tvinger ikkje oss sjølve til å holde oss unna alt vi craver, vi bare sparer det til dei gongane vi har mest lyst på det. Spiser vi mykje mat fra bunnen av, med mykje grønsaker, frukt og næringsrik mat i vekedagane, kan lørdagsgodisen absolutt vere ein del av ditt kosthold. Eller fredagstacoen eller søndagsbuffeen. Gi kroppen det DEN vil ha, så kan du spise det DU vil ha iblant og. For eg lover deg: Det er ikkje kroppen din som vil ha godis, junk eller is, det er hodet ditt, tankemønsteret ditt. Kroppen din vil ha energi, den vil vere frisk og sunn, og den ELSKER å vere i aktivitet. Og for å kunne vere i aktivitet, må den ha energigivande, næringsrik mat. Bli venn med kroppen din. Lytt til dens signaler. Dette kan du og lese meir om i blogginnlegget om mindful eating.
  • Som eg starta dette innlegget med: The opposite of addiction is connection. Finn noko du kan «bli avhengig» av. Noko som er positivt og bra for deg så klart. Om trening og fysisk aktivitet kan gjere deg mindre obs på konstante mattanker, cravings og i tillegg få deg opp av sofaen, så er det lite som er bedre enn det. Kva liker du å gjere? Kva gjer deg glad? Tenk deg godt om: Kva treningsform ville du ha gjort om du kunne starte, eventuelt fortsette, med? Er det ein idrett du dreiv med som barn som du virkelig angrer på at du ikkje gjorde noko meir med? Det er aldri for seint! Er det noko du har så innmari lyst å teste ut, men ikkje tørr? Allier deg med nokon, og prøv! Enten det er ein venn, nokon i slekta du tvinger med deg eller du bestiller ein prøvetime hos ein personleg trenar eller liknande. Husk. Det er aldri for seint å starte. Du kan finne deg sjølv i å elske det, og til slutt vil du aldri vere det foruten, fordi det gir deg så mykje glede! Bare prøv.
  • Finn ein ny hobby. Det MÅ ikkje vere fysisk aktivitet som gjer at du klarer å halde vekta. Du kan fordype deg i ting du bryr deg om. Om du ikkje veit kva du er lidenskapelig opptatt av, prøv ut diverse ting du kanskje kan like. Det kan vere alt fra kreativt fingerarbeide og maling, til å ta kurs i mental trening og lære deg å snakke foran forsamlinger. Det kan vere skuespill eller det kan vere å skrive betydningsfulle artiklar online. Vi har så mykje ubrukt potensiale i oss. Og det er ditt ansvar å vise verda kva ditt store spesialfelt er. For alle har eit. Noko vi er bedre på enn mange andre. Kva er ditt? Utforsk og ikkje gi deg før du finner det. Bruk av tidlegare livserfaring og bruk drømmane dine. Det er kun du som kan hjelpe andre mennesker med den kunnskapen du har inne i deg. Bruk det.

 

EAT LIKE YOU LOVE YOURSELF.

MOVE LIKE YOU LOVE YOURSELF. 

SPEAK LIKE YOU LOVE YOURSELF. 

ACT LIKE YOU LOVE YOURSELF. 

                                         – Tara Stiles

Kanskje dette innlegget om å halde vekta ikkje var heilt det eg såg for meg i starten, der eg såg for meg punkt for punkt, konkrete fakta etter fakta, om kva man kan gjere for å halde vekta. Og det fins sååå mange fleire gode tips der ute. Internett har det meste dere søker etter. Men som dere kanskje ser, det er i hodet vårt svaret ligg. I tankane våre. I kva vi tenker om oss sjølve og kva vi trur vi sjølv kan få til. Det er eit veldig psykisk arbeid å gå ned i vekt. Og å bli der. Eg jobber til den dag i dag med det, og eg lærer utruleg mykje på vegen. Derfor skal ein aldri gi opp, uansett kor mange gonger ein går opp igjen desse trasige kiloane. For så lenge vi ikkje blir venn med kroppen vår, ikkje skaper bedre rutiner som fester seg, og så lenge vi ikkje trur på oss sjølve, så vil vektnedgang forbli vektoppgang.

Kanskje det er på tide å bare drite i vekta, og heller fokusere på oss sjølve som enkeltindivider og kva vi kan gi av verdi til andre mennesker? Det har ingenting å seie kva tal som står på vekta! Når vi står der på badet og skal utsette oss for endå eit nederlag. Når vi trår på den vekta kan heile dagen bli ødelagt og vekta kan få oss til å føle oss mindreverdige! For er det noko eg har sett gjennom mine 2 kurs Prosjekt Overvektig og drittlei, og som eg sjølv har følt på, så er det at talet på vekta er vanvittig destruktivt! Jenter som har komt seg ut i frisk luft og bevegd på seg når dørstokken er høg, trena på treningssenter for første gong på mange år, jobba med tankegangen, spis sunt og bra, og har vore eit forbilde for barna sine, og til og med er blitt smalare på målebandet, så ser dei ikkje alt dette potensialet! Dei ser kun det dumme talet på vekta! Og det ødelegger. Det ødelegger heile prosessen. Er det på tide å hive badevekta, og heller fokusere på potensiale, prestasjoner, kva du kan gi som menneske til andre, fokusere på helse og utvikling, og kor glad du kan vere i kroppen din, uansett korleis den ser ut?! Ja, det er det. Slå opp med badevekta og bli fri! Ferdig snakka. I´m done.

 

Mother Theresa didn´t walk around complaining about her thighs. She had shit to do. – Mel Wells

 

Klem fra Anita

 

Snap: Neeten 

IG: ptanitaveberg