Snudd på flisa!

Eg vil ikkje vere lat. 

Eg vil ikkje vere ein sofasliter. Eg vil ikkje vere trist. Eg vil ikkje miste mange fine dagar på grunn av korleis eg føler meg.

Eg ønsker å trene. Eg ønsker å vere frisk. Sunn. Trene med barna mine. Vere aktiv med familien. Ha det gøy.

Uansett korleis eg ser ut. Uansett korleis eg føler meg.

****

Eg drømte lenge om bikinifitness. Og det var ein utruleg morsom og lærerik prosess eg gjekk gjennom då eg kom inn i Team LAlifestyle med Lene Alexandra, eg fulgte eg ein råbra diett i 6 månadar og det rant av 15 kg. Eg følte meg jo fantastisk, og full i energi av eit sukkerfritt, energigivande kosthold. I etterkant fekk eg vere forfattar og gjesteskribent på Lene Alexandra sin blogg, noko eg satte stor pris på, og det var ein stor ære å få vere bloggforfattarar hos ein kjendis. Råkult, rett og slett. Så gjennom 2016 og ein god del av -17 saman med LAlifestyle lærte eg kjempemykje, og eg er så glad for alt eg fekk vere med på i denne perioden.

****

Etter at eg gjekk opp igjen dei 15 kiloane har eg forstått at uansett kor bra ein diett og ein kostplan er, så er det endå viktigare å jobbe med hodet. Og det gjorde eg jo absolutt, men så tenker eg jo på dette: Kvifor har eg klart å gå ned 15 kg og klart å gå dette opp igjen på null komma niks? Kvifor har eg gått ned 5-10 kg mange gonger før, men då og har kiloane komt på igjen? Det må vere noko med denne prosessen som ikkje passar for meg, og hodet er framleis ikkje der det skal vere.

Derfor har eg no snudd på flisa. Eg er så lei av å tenke at eg skal ned så og så mange kilo, eg er drittlei av å slanke meg rett og slett! Eg har kutta ut å følge ein matplan, no følger eg bare magefølelsen. Men eg kjem ikkje til å slutte med foodprepping, det er nok komt for å bli i mitt liv. Ikkje dagleg og ikkje eit must, men noko eg ønsker å bruke iblant for å vite at eg får i meg næringsrik mat, og nok mat.

****

Eg har truleg gått opp nokre kilo sidan eg heiv vekta mi då eg runda 35 år, men så lenge eg jobber meg gjennom ein prosess, så får det bare vere slik. Det er faktisk KJEMPEDEILIG å ikkje ha fokus på badevekta meir. Eg prøver å ikkje tenke på vekta og utsjånad så mykje lenger, og konsentrerer meg heller om å ikkje overspise, om mindful eating og det å akseptere meg sjølv som eg er. Om å tenke over mine valg før eg tar dei. Og OM eg skulle overspise iblant, så ER det greit. Bedre å bare godta at det skjedde, og ikkje snakke seg sjølv ned. Tenk så mykje bedre det er å vere snill med seg sjølv! Mykje av det går innenfor emnet mindful eating.

Eg hadde, som nevnt i dagens Instagram-innlegg, ei ganske tøff helg med tanke på kroppskrigen som innhentar meg igjen dagleg, for etter 20 år i kroppskrig med seg sjølv er det ikkje enkelt å plutselig skulle føle seg bra tross alt anna. Men eg prøver. Prøver hardt. Tenker næringsrik mat foran kalorier. Tenker på korleis eg vil føle meg etter eg har inntatt maten, istadenfor å hive innpå kva som helst. Reflekterer over matvalg og måltider. Prøver å ikkje la mat styre kvar bidige time av kvar bidige dag.

 

Sjølvaksept er det eg ønsker meg, og eg har endelig forstått dette: «DU FINNER IKKJE LYKKEN VED Å FORANDRE DIN KROPP, DU FINNER LYKKEN VED Å AKSEPTERE DEN.» Derfor er dette mitt nye mission. Dette er ikkje lett, og eg kriger framleis kvar dag med tankar som vil snike seg inn i hodet mitt, tankar som saboterer min jobb med å akseptere meg sjølv. Dette er ein hard jobb, men eg trur det blir den viktigaste jobben eg nokon gong kjem til å gjere for meg sjølv.

****

Men hey! Ikkje tru at eg ikkje jobber meg mot nye mål og ønsker endringer altså! Hoho! Eg har så mykje eg har lyst å gjere! Men eg vil gjere det til tross for ekstra kilo! Hallo, eg er like kul uansett kva eg veg, ikkje sant?! Det tallet på vekta burde ikkje ha NOKO å seie! Så eg skal jobbe meg sterkare og sprekare uansett!

 

Så sjølv om eg er supertakknemlig for alt eg har, så vil eg alltid ha progresjon. Og sjølv om eg ønsker sjølvaksept og ønsker å drite i vekt-tallet, så er det ikkje dermed sagt eg at slutter å tenke god, fysisk form, trene bra, vere sunn og vere eit godt forbilde.

Eg KAN jobbe meg til bedre fysisk form, og samtidig akseptere meg sjølv der eg ER.

Eg KAN vere fornøgd og takknemlig for der eg er, sjølv om eg drøymer om MEIR.

Det ER lov.

****

Så min anbefaling fra meg til alle som ikkje har nådd dei kroppslege måla som blir satt, og som føler seg dritt på grunn av dette, då seier eg igjen: «DU FINNER IKKJE LYKKEN VED Å FORANDRE DIN KROPP, DU FINNER LYKKEN VED Å AKSEPTERE DEN.» Snu gjerne på flisa du og, om du føler at det er det riktige. Vi utvikler oss heile tida, så mål og drømmer kan endre seg, og det ER ok. Kjenn på det som er riktig for deg. Finn klarhet i kven du vil vere, og kor du vil, men aksepter deg sjølv som du er først. Begynn der. Det er ALLER viktigst.

 

Klem fra Anita