Spraytan i Førde

Summer is over, but your tan doesn´t have to be! 

Den følelsen når du våkner om morgenen med bronsefarga hudfarge og føler deg superfresh. Då eg og familien skulle på hotellferie, måtte eg ta meg ein tur til spraytan-dama mi. Og eg som tidlegare ikkje eingong bada med barna mine på grunn av dårleg sjølvtillit kunne no sprade rundt i badedrakta med brune bein og lekker tan.

¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨

Eg har jobba meg mentalt gjennom det å kunne bade med barna mine. Eg gløymer aldri den sommaren eg satt på stranda i kokande varm hete, og jentungen ville at eg skulle bade med ho. Dette er no 6 år sidan. Eg hadde på meg svart kjole og svart lang, tjukk cardigan og lata som eg ikkje var varm. Det rant nedover ryggen, og eg ville bare derifra. Var det noko eg skjønte då, så var det at eg ikkje orka å vere der eg var (mentalt), og eg måtte ta grep om eg skulle kunne ha det gøy med barna mine på ferier og eventuelt på andre eventer som skulle oppstå. Og eg liker det IKKJE, å trakke rundt i så lite tøy på kroppen, men eg gjer det likevel. Eg bader med barna mine, og har det kjempegøy. Vi alle har det kjempegøy. At eg ikkje bare gjorde det tidlegare. Men eg har lært. Så eg måtte vel bare gjennom det for å forstå.  Så på det området har eg virkelig vokst og det er eg så glad for. Endelig kan eg bade med barna mine og faktisk kose meg på stranda eller i bassenget. Uten mental trening hadde eg nok endå ikkje klart dette.

¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨

Eg har lyst å rose spraytan-dama June som har sin egen lille salong heime. Når ho får kunder tar ho bare fram det nette kabinettet sitt og er klar for service. Det er både koselig, det går raskt og fargen blir kjempefin!

Ho har det som trengs av utstyr, og gir råd og tips om korleis bevare fargen best mogleg. Om nokre syns det er skummelt fordi det er flaut, så har June sett alle typer fasonger, og det er ingen grunn til å ikkje tørre å prøve! Eg står der med spredte bein og armer, med kun stringtrusa på, og det følast heilt ok. «Tjohei, her er jeg»! June bryr seg ikkje, så det bør ikkje du gjere heller. Og det er og noko eg tenker mykje på. Oss menneske. Vi bryr oss jo lite om korleis andre ser ut. Vi funderer, overanalyserer, tenker og bryr oss mest om oss sjølve! Ikkje andre! Slik er det bare, og heilt greit i denne settingen er det jo egentlig.

Om du ønsker billig, holdbar og lekker solbrun farge kan du ta kontakt med flinke

June Øyren på pm

eller

SMS: 90129677

*****

Vi hadde ei superkoselig badeweekend på Hotell Alexandra. Barna storkosa seg, og det gjorde eg og!

Meir om vår fine bade- og buffehelg i morgen.

– Your life isn´t yours if you constantly care what others think – 

Klem fra Anita