Summervibes for my ombre

Det er fredag og det er helg! Etter ein super spinningtime med fantastiske medlemmer på Spenst Førde bar det strake vegen til Floke Jølster. Der venta som vanlig ei smilande Melinda, og eg kom brasande inn i ei fart, rødspruta og svett i håret etter trening.

IMG_3345

Kvifor er det slik at nokre av oss har så mykje varme i kroppen at man blir heilt fullstendig tomatrød på trening?! Eg har alltid vore «ein av dei», og i dei yngre år sminka eg det vekk. Eg prøvde iallefall det beste eg kunne. MEN det er jo klin umulig å sjå normalfarga ut når eg trener. Då eg var ung og hadde store komplekser for den røde fargen (og då meiner eg ikkje sånn «søt og frisk med rosa kinn», her snakker vi SPRUTRØD!) tok eg på masse pudder for å skjule det. Trist å tenke på no egentlig, at det plaga meg så veldig. Det gjorde ikkje akkurat saken bedre at eg ofte stod i forsvar på fotballbana, og på ein kamp sneia ballen borti meg på vei inn i mål, og dei elendige vinnarane på det andre laget påstod at «sminkedukka scora sjølvmål». Eg husker at det føltes trist å bli kalla sminkedukke, når alt eg egentlig ville, var å sjå normal ut. Med normal farge i ansiktet til tross for at eg trena hardt, sprang mykje og vart varm i trøya. No har eg lært å leve med det, vel nesten, eg kan ikkje gjere noko med det, og eg får iallefall vist at eg har trena då, haha.


Iallefall. Eg kom inn dørene hos Melinda, meget rød etter trening og oppkava, fordi eg ville ikkje komme for seint til timen. Då var det herlig å setje seg ned og endelig slappe av og bli dulla med. Vi tok i litt mørkere farge øverst, så det blei litt ombre i håret mitt. I love! Deretter vask og deilig massasje. Når håret var føna og kaffien drukke, laga ho frisyre på meg.

IMG_3349 IMG_3350

Superfint og sommerlig sommeroppsett 🙂


Kunne ønske eg kunne stikke innom hos Melinda kvar dag eg, det hadde vore noko det.

 IMG_3347

No er det helg for alle i familien. Vi har kosa oss med taco og vore ute på terrassen for det meste. No sneik eg meg inn for å skrive litt, men det tar vel ikkje lange tida før dei kjem inn ein etter ein. Det er snart leggetid for dei minste, og når dei er i seng, skal eg finne meg eit iskaldt glas sukkerfri brus og sjå nokre episodar av nyaste sesong «Orange is the new black». Ahhh… fredager altså.

Om du vil følge Melinda og hennar miljøvennlige Floke frisørsalong på Facebook finn du ho HER.

Vil du booke time hos ho, kan du bestille HER. Det kan eg absolutt anbefale, sjå bare HER og HER.

Vi sjåast i morgon vi, Melinda, då er det jentungen som skal «til pers» og ho gledar seg. 🙂

– GOD HELG – 

Følg meg gjerne vidare på Snapchat: Neeten.

Klem fra Anita