Super Star Birthday Cake

Diskobursdag med heile klassen i gymsal krever ei disko-inspirert kake. Eg baka i mange timar i går, slik at 4 superstars som skulle feire sine 11 år kunne få ei ekstra fin kake med fondant-mikrofon og trykte stjerner.

IMG_2952

Kreativiteten auka nokre hakk i går, ilag med mestringsfølelsen, og på slutten stod både eg og min mann og pynta kake. Han fiksa mikrofonen og hjalp meg å legge på fondanten over heile kaka, mens eg stod for baking og resten av pyntinga. Vi liker å lage kaker ilag, noko vi gjør til barnas bursdager, og denne vart vi meget fornøgde med.

IMG_2954

Inni kaka er det sjokoladekake i langpanne (eg brukte denne oppskrifta og dette var ei kjempegod sjokoladekake!) og sukkerbrød/bløtkakebunn, ilag med smørkrem med og utan sjokolade (eg brukte denne oppskrifta til sjokolade-smørkrem og den kvite smørkremen er kun første del av samme oppskrifta, før melkesjokoladen tilsetjast).

IMG_2983

Planlegginga er allerede i gang for kommande bursdager i sommer, vi må vel til å eksperimentere då og.

IMG_2945

Følg meg gjerne vidare på Instagram, der det stort sett er mykje sunnare variantar enn dette. Men balance is key, right? Om du heller har lyst å teste nokre sunne snacksvariantar og mellommåltid istaden, kan du jo trykke deg inn HER 🙂

Klem fra Anita