Supersosial og sånn..

Det er fredag og helg, det er 1. februar, og eg gjer meg klar for Jentepust!

 

Det er ein kveld med 4 foredrag, bobler i glasset, goodiebags og småsnacks, og rett og slett ein inspirerande, koselig kveld for jenter som treng eit pust i bakken. Det er jo utruleg deilig å bli varta opp. Og eg som ELSKER foredrag!

 

Eg kunne gjerne fått eit ekstra foredrag i pausa og eg! For vi skal jo ha 40 minutt pause.. Og det er det eg liker minst med slike sosiale eventer. Vi er jo supersosiale fra før av… Trengs det virkelig så lang pause?

For det går nokolunde greit når eg er komt på plass i setet mitt klar for at eventet skal starte, og kan bare sitte der og lytte. Men så må vi opp og gå etter ei stund.. Då er det pause. Som innebærer at vi må mingle… stå i kø.. smile… småprate.. Eg hadde lett klart meg med 3 minutt tissepause eit par gonger i løpet av dei 4 timane eg, og valgfritt «bevege på beina»-pause, med underholdning i pausa. Det hadde passa meg ypperlig.

 

Eg gledar meg jo og, for eg veit det kjem til å bli koselig. Og så elsker eg følelsen når eg på veg heim igjen, for då har eg «bestått prøva»! Det å då, som ei skreiv til meg i dag, kunne hive på seg slåbroken, la puppane henge fritt og slenge seg i godstolen, det er gull det! Då har eg så god samvittighet etter å ha vore supersosial lenge. Men og ganske utmatta. Etter slike eventer skulle eg gjerne hatt ein dag fri etterpå for å lade opp til 100% igjen. Men det går jo ikkje i morra, for då er det lørdag, og eg har lørdagshandelen og familien å ta meg av. Men det skal gå fint likevel. Det er jo bare sånt som må gå. Uansett korleis det går. Dessutan så elsker eg jo familien min, uansett kor travelt det følast der og då.

 

Men dei 3 andre damene eg skal med på Jentepust i kveld, som eg har kjent heile livet, gjer alltid dagen fin. Med dei koser eg meg alltid. Så eg ser fram til å dele dette med dei; Ein supersosial fredagskveld med foredrag for 4 fine frøkner + maaaange til 🙂

 

GOD HELG OG NYT DEN!

 

Klem frå Anita