Veke 13: BIKINIFITNESS

Do not reward yourself with food. You’re not a dog. 

Den der er hard å svelge. Men som mange andre quotes, den tok meg. Eg har i mange år både trøstespist og belønna meg med mat og godsaker når eg har følt at det var riktig og velfortjent. Men kvifor skal eg belønne meg og kroppen min med noko som ikkje gjer kroppen noko godt? Hadde kroppen min kunne velge  hadde den ikkje valgt 200 grams sjokolade, ein burgermeny, ei stor skål med is eller ein chipspose i belønning for noko som helst. Hadde kroppen fått velge, hadde den valgt kvile og restitusjon, ei god natts søvn, eit oppkvikkande bad eller ei god bok under teppet i sofaen, levande lys og knitring fra peisen. Kanskje den hadde valgt ein fjelltur i skog og mark, ei treningsøkt eller ein venninekveld full i latter og glede. Eller ein fisketur med barna, teltur med kjæresten eller bare ein god, lang klem med oldemor.

Kva har det seg at ein skal belønnast med ting som går inn i munnen? Og enda verre, sukker og det som kroppen ikkje treng?

IMG_6269 IMG_6270

Eg har sjølv mykje å jobbe med der endå. Det å snu tankane etter lang tid med feil belønning. Ting tar tid, men det er då dei nye vanene har størst sjanse for å bli varige. Korleis lære seg å belønne seg med andre ting enn godsaker og eit heftig, usunt måltid når ein har vore flink?

IMG_6244 IMG_6252

Når eg planlegger og skriv ned mine mål, skriv eg opp ein premie. Ei belønning. Men det skal ikkje vere spiselig.

  • Når dette halve året i Team La Lifestyle er over skal belønninga mi vere at eg skal fortsette på min tatovering på armen, ikkje før.
  • Når 2016 er over og om eg har gjort ein god nok innsats i jobben min belønnast eg med tur til Dubai i 2017.
  • Om eg får til så mange treningsøkter som eg har planlagt i juli, har eg lyst på eit nytt par sneakers til trening.IMG_6253 IMG_6246
    Det finnast så mykje vi kan finne på som belønning som ikkje innebærer mat. Og det finnast mykje sunn mat ein kan bruke som belønning om ein likevel vil det. Men vi må prøve å snu tankegangen vår når det gjelder mat og godis som belønning. Er dere ikkje enig? Og endå viktigare, gjere det for barna våre. Dei treng ikkje godteri i belønning for å ha vore flinke! Den tid er over. Kva med ein kinokveld aleine med mor, ei ny tegnebok eller eit brettspel? Eg håper vi sakte, men sikkert kan snu vanene våre og på den måten hjelpe barna våre til ei sunnare oppvekst med vaner som dei seinare lærer vidare til sine barn.

Over til vekas resultat. 13 veker på bikinifitness-dietten er fullført. Dei 2 forrige vekene gjekk det så radigt nedover at eg hadde absolutt ikkje forventa noko anna enn ein liten stopp no.

Bryst: -0,0

Midje: -0,5

Mage: +0,8

Hofte: -0,0

Rumpe: +0,5

Lår: -0,0

Arm: -0,0

Totalt gjekk eg opp 1,1 cm denne veka. Tsss, ingenting å tenke på eingong.

Vekt: + 0,7 kg.

Null stress, later som det er muskler 😉 Og om det ikkje skulle vere det er det heilt ok. Vi kan ikkje gå ned kvar einaste veke, det er heilt normalt med litt stopp og litt opp igjen og så litt ned igjen og så vidare. Fint er det at det stabiliserer seg litt etter litt, så det er trygg og stabil vektnedgang. Og framleis spiser eg MASSE. Kjenner eg allerede er svolten etter lunsjen, kanskje eg må begynne på tacoen! Barna mine elsker taco! Det blir taco fra bunnen av i dag. Eg skal mekke ihop heimelaga salsa, heimelaga tacokrydder og speltlompeskjell. Oppskrift kan eg ordne her seinare om det er ønskelig. Deilig fredagstaco, heilt sukkerfritt og supersunt. Det blir digg!

PS. Eg har lyst å informere dere om at eg har i heile juli valgt å dele av mitt overskudd med Dyrebeskyttelsen Sogn og Fjordane, så eg blir utrulig glad for bestillinger akkurat denne måneden!

Gå inn her: MIN NETTBUTIKK for å kikke. Du kan lage deg kundekonto, sjå priser, og bestille det du måtte ønske.

Eg sender over heile Norge.

IMG_8347 IMG_8257


Ønsker dere ei fantastisk helg, nyt den, slapp av og lad opp batteriene 🙂

Snapchat: Neeten

Instagram: ptanitaveberg

IMG_6239