Veke 15: BIKINIFITNESS

If you have a dream you have a responsibility to yourself to chase it because if you don’t you’re just a dreamer. 

Digger vårt nye treningsprogram! Øvelser eg digger! Sidehev, YTW, hammercurl, markløft (hurra!) og så vidare. Underkroppsøktene er grusomme, men følelsen etterpå er uslåelig. Overkroppsøktene er bare gøy! No når barna har sommerferie er det fint å komme heim etter trening, og ha heile resten av dagen ilag med dei.

Forrige veke var eg nesten ikkje på min egen snap, då eg overtok bikinifitness-teamet sin snap. Veldig kjekt at så mange følger oss og prosessen på Snapchat. Men no er eg tilbake på min egen, og det var litt godt det og. Legg meg gjerne til: Neeten. Teamet følger du på Teamlalifestyle.

IMG_6511

På torsdag tok vi dagstur til Grotlesanden. For ein fantastisk dag og for ei fenomenal strand. Barna kunne gå langt ut og vasse, bade og kose seg i mjuk sand. Eg fekk sole meg, bada med barna, og vi kosa oss med kvalitetstid. Bare det å køyre fra Førde og ut mot kysten var så deilig. Det å sjå korleis landskapet endra seg dess nærmere kysten vi kom. Kosa meg skikkelig heile dagen. Eg skal fortelle dere ein ting. Det er ikkje meir enn 3-4 år sidan eg satt påkledd på stranda. Eg ville egentlig ikkje vere med på stranda på dei tider, men eg blei med nokre få gonger for jentungen sin del. Og eg satt der i svarte klede og svetten pipla. Eg kokte meg sjølv, fordi eg ikkje turde å vise litt naken hud.Det er ganske åpenbarende for meg å endelig kunne bruke badedrakt. Det følast utrulig, men sant for meg å endeleg kunne oppføre meg normalt, eller kva eg skal seie, på stranda.

 

Ta tida til hjelp, spis mykje sunn og god mat og hold dere i aktivitet. Men be om hjelp om det er behov for det. Det er mykje å setje seg inn i, dere kan få hjelp til både store og små endringer. Spør ein PT, ein kostholdsrådgiver eller nokon andre som har peiling. Det er så verdt investeringa av tid og penger.

   IMG_6553 IMG_6555

Ellers går det i masse DIGG mat her hos meg. Eg har det meget fint på diett, og eg nyter maten min. Spesielt kveldsmåltidet som er cottage cheese med jordbær og kalorifri sjokoladesaus. Hadde glatt valgt det måltidet istadenfor kake. Iallefall no når eg lever inne i min bikinifitness-boks. Det blir gjerne litt slik når ein er på ein streng diett. Eg føler eg lever litt i mi eiga fitness-boble. Den dagen i oktober når Team LA Lifestyle er på Norway Open og mange i teamet skal stille, fy søren som eg gleder meg til det. Eg har lengta etter å ha vore med på eit slikt event i nokre år no. Eg har sett på det livestream mange gonger, og no blir det endelig realitet. Mest fordi eg endeleg har nokon å oppleve det med! Mitt kjære bikinifitness-team.

Følg meg gjerne på Instagram: ptanitaveberg

Og på nettbutikken min deler eg av mitt overskudd med Dyrebeskyttelsen denne måneden: MIN NETTBUTIKK

Ønsker dere ei vidunderlig fin veke 🙂