Veke 18: BIKINIFITNESS

Medicine is not healthcare. Food is healthcare. Medicine is sickcare. Let’s all get this straight, for a change.

IMG_6922 IMG_6930

I tillegg til alle timane eg legg ned i jobb foran pcen, prate med teamet mitt og planlegge kommande eventer har eg denne veka sett fleire dokumentarar. Den eine såg eg 2 dagar etter kvarandre. Og eg såg ein som eg har sett tidlegare. Eg anbefalar alle å setje seg litt meir inn i kva ein kan gjere for helsa si og for barna si helse. Og ved å sjå desse dokumentarane får ein mykje informasjon og kanskje, som eg får, ein iver til å gjere gode, sunne endringar:

– Food matters

– Fed Up

– Fat, sick & nearly dead 1 & 2

Har dere fleire dokumentarar på Netflix i samme sjanger, blir eg KJEMPEGLAD for å få vite dei!

Dette er utrulig viktig for meg, og med tanke på at eg har ei jente med diabetes type 1 er det endå viktigare at vi bryr oss om kva vi putter i munnen. Eg ønsker at jenta mi blir glad i den sunne maten, glad i mykje frukt og grønt, og at det blir heilt naturlig for ho å ha dette i kosten sin. Dette ønsker eg og for mine 2 små gutar, og mammahjertet fryder seg når eg ikkje får ha matboksene mine med mandler, spinat og brokkoli i fred, fordi mellomstemann vil smake kvar gong.

Gjer rett ifrå start av. La det bli ein vane å ha grønt på middagstallerkenen, og om dei ikkje vil spise, så er det bare å fortsetje med å legge det på tallerkenen, kvar gong, kanskje kutte opp gulrøtter i bitar, gjere det litt spennande. Eg er sikker på at det vil gå til slutt. Ikkje gi opp.

IMG_6288


Denne veka har eg hatt knallgode økter og eg har virkelig kosa meg på trening. Eg kjenner at eg føler meg bedre og eg blir sterkare. Framleis nyter eg maten og synast ikkje at eg går glipp av noko som helst. It’s all about the mindset, som eg har sagt mykje i det siste.

Mål og vekt:

Bryst: -0,4 cm

Midje: -0,1 cm

Mage: -0,2 cm

Rumpe: -0,0 cm

Lår: -0,0 cm

Arm: -0,0 cm

Eg har gått inn 53,8 cm på 4 månadar, og eg priser meg lykkelig for det. Har langt igjen endå, men det gjer ingenting fordi alt fungerer så fint oppe i hodet mitt.

På vekta gjekk eg ned 0,2 gram, og det er jo nedgang. Det begynner å ta lengre tid å gå ned i vekt enn dei 3 første månedane, sjølv om eg har mykje igjen. Men hallo. Eg spiser MYKJE mat og eg trener mykje styrketrening. Så musklene skal jo ha sin plass under fettet dei og. Eg veit at eg kjem dit eg vil ein gong, og det at eg elsker reisa dit er avgjørande for at eg skal greie å nå målet mitt. Og eg veit ikkje sikkert kva for ei vekt eg ønsker å ha som mål heller, fordi vekta definerer meg ikkje som person og eg ønsker jo å ha mykje muskler som då veg mykje og. Eg er glad eg har lært. Eg sa det til min mann i dag at eg er nok ikkje meint for å vere nede på 50-60 kg, slik unge meg så gjerne ønska. Om mesteparten av fettet renner vekk little by little, kjem eg nok likevel ikkje til å bli så lett som eg då som ungdom trudde eg ville vere. Eg vil ha ein kropp som er sterk, men feminin. Ein sterk kropp som holder meg oppe når eg blir gammal og grå. Ein sunn kropp eg kan leve lenge med utan for mykje plagar og sjukdommar. Og eg VEIT at min trening og sunne kosthald vil vere den beste medisin og terapi for meg heilt til eg dør. Eg vil aldri slutte med denne livsstilen, og eg vil at mine barn skal ha mora si sunn og frisk så lenge som overhodet mulig. Eg vil at mine barn skal lære sine barn sunn kost og trening. Matindustrien bryr seg ikkje om at dei selger alt det som er dårleg for oss. Dei vil bare tjene penger. Vi må ta dette i egne hender. Helsa er viktigst. Kva har du igjen av livet å nyte, om du ikkje har helsa? Kva trur du dei som er sjuke og dårleg helse ønsker mest av alt i denne verden? Ikkje ein ny bil eller ei reise iallefall. Det er ei god helse det.

IMG_6915 IMG_6892

No er eg igang med pakking, i helga blir det teamtreff for bikinifitness-gjengen! Det blir så gøy! Måtte dere alle få ei fantastisk helg og nyt den med mykje grønt på tallerkenene med dine kjære 🙂


Følg meg på TEAMFITSNAP i morgen for å vere med bak kulissene i bikinifitness-gjengen og følg meg på min egen snap NEETEN der eg deler søndagen saman med Team La Lifestyle og ellers mine dagar med trening, sunn mat, jobb heimefra og familien. Bikinifitness-jentene kan dere og følte på Snapchat: TEAMLALIFESTYLE.

IMG_6903 IMG_1432 IMG_7781

ptanitaveberg