Veke 21: BIKINIFITNESS

«You can’t achieve your goal without discipline.»

Som mange kanskje veit og forstår så ELSKER eg quotes. Dei motiverer meg veldig. Ein scroll på min Pinterest-side kan gi meg masse motivasjon. På samme måte som YouTube-videoer. Angåande disiplin for å nå sine mål. Disiplin kjem du ikkje utenom. Ein er nødt å gidde, ofre, gjere. Action. Sette av tid. Eg er i gang med ein 90-dagers periode i min business som gjer at eg kjem til å setje av så mykje tid som overhodet mulig til den. Eg har gitt beskjed til min kjære at dette er nødvendig for meg og min bedrift, og eg gjer det for oss. For bedre økonomi og fleire muligheter fram i tid. Eg ser for meg den sjekken på scena i Dubai i april, og eg veit eksakt kva eg skal med den sjekken. Den sjekken er ein «13.månedsutbetaling» og er ein stor sum som kjem veldig godt med. Det skal holde hardt, for eg har kun ut året, men sidan eg velger disiplin, fokus og full arbeidsinnsats foran «nei, eg tar det i morgon» eller å glo på Netflix heile lørdagskveldane framover, så skal eg klare den sjekken! Eg skal gjere alt eg kan, og meir til. Det betyr så mykje for meg, fordi eg veit eksakt kva dei pengane på den sjekken skal gå til!

IMG_4297  IMG_4255

Slik er det med det å bli fit og. Vi klarer ikkje å nå våre mål og vår drømmekropp utan disiplin. Eg klarer ikkje å komme dit eg ønsker utan å disiplinere meg sjølv. Eg er nødt å ete sunt og eg er nødt å få trent. Om vi så faller av lasset 1 dag eller 10, så må vi bare komme oss opp igjen på hesten. Og då føler vi oss flinke igjen. Vi er nødt å føle mestring. Vi er nødt å finne ut av kvifor vi kjem til å, eller kan, falle ut av rutinene. For meg personleg veit eg, etter mykje prat kvar veke med min PT Ingvild, at eg kan falle totalt av om eg ein dag spiser mindre enn eg skal. Det kan vere at eg ikkje kjem på trening på 2 dagar, som gjer at eg kan la vere å gå i 1 veke. Om eg ikkje har treningstøyet klart kvar morgon kan det hende at eg ikkje orker stresset med å leite alt fram den morgonen, og då kan det skli ut den dagen og ende med fleire dagars fravær. Eg har lært meg så godt å kjenne etterkvart, at eg ofte forstår kor det kan gå gale. Om eg spiser for lite, kan eg automatisk tenke at då kan eg la vere å trene, sidan eg er likevel i underskudd. Det er sååå mykje som spelar inn. Eg har lært at eg MÅ ha eit strengt regime for å ikkje skli ut. Og over ein lengre periode MÅ det vere sånn, for at eg skal få inn vanene. Tenk over kva det er som gjer at DU sklir ut og kan falle av. Del det gjerne med meg i kommentarfeltet eller på PM! Det blir eg kjempeglad for 🙂

IMG_6246 IMG_6269 IMG_8232

Ellers har denne veka på bikinifitness-dietten stått heilt stille på vekta. Og det er bra, fordi eg har rast ned 2 kg på 2-3 veker. Så bra med stabilisering! På cm er det likevel litt ned, noko som er jo veldig kjekt.

Så framleis er eg på 14,1 kg ned. 0 kg ned denne veka, men totalt altså 14,1 kg ned på 21 veker.

På cm har eg minka 3 cm denne veka, og totalt 63,7 cm på 21 veker.

Eg har og økt i styrke, og det er så gøy! Getting stronger AND leaner, hurra 😀

IMG_2841

Det blir eit raskt bikinifitness-innlegg i dag. Eg har så mykje å gjere på mitt heimekontor i dag, ei lang liste over gjeremål! Eg priser meg lykkelig over at eg har denne jobben, og at den er så lystbetont og gir meg så mykje glede. Som eg fortalte på helsekvelden min der eg feira 2 år som sjølvstendig grunder på onsdag (meir om den kvelden i eit anna innlegg), denne jobben og skattekista er min 4.baby!

Om DU vil jobbe slik eg gjer, og med meg, så må du ikkje nøle med å ta kontakt, du kan få den gøyaste hausten nokonsinne! Full opplæring vil bli gitt 🙂

Mail: ptanitaveberg@hotmail.com 

Instagram: https://www.instagram.com/ptanitaveberg/

Snapchat: Neeten (her legg eg ut mykje trening og kost, men og mykje om min business, så følg meg gjerne om det er av interesse)