Veke 22: BIKINIFITNESS

The day you start believing in yourself is the day when everything will go your way. 

Nokon uenige? Dess fleire gonger du mestrer noko, dess meir trua på deg sjølv får du. Dess meir du stiger ut av den trygge komfortsona og faktisk overlever det du gjorde, dess tryggare på deg sjølv blir du. Elsker du i tillegg det du driv med, og veit kva det gir deg, kva det betyr for deg, og kva det  kan lønne av seg seinare, dess meir tør du. Og dess meir du tør, dess tøffare blir du. Til slutt sit du der med sjølvtillit, mestringsfølelse og ein «eg kan klare alt»-innstilling.

  img_7887 img_7888

Men er det å vere høg på pæra, arrogant eller innbilsk? Hell no! Eg er ikkje innbilsk sjølv om eg føler meg fantastisk etter å ha vore supersterk på det indre plan, rutinert på dietten min og gått ned 14,5 kg sida i vår. Eg er heller ikkje arrogant sjølv om eg veit eg skal klare alt eg bestemmer meg for. Eg har bare fått trua på meg sjølv. Og det følast heilt magisk. For ein følelse. Eg er ikkje høg på meg sjølv, eg er høg på livet.

img_7839

Du må stole på deg sjølv. Tru på deg sjølv. Men du må gjere ting du ikkje er vant til å gjere, for å bli noko du ikkje har vore før. Kven skulle trudd for 4 år sidan at eg skulle vere ferdig utdanna personleg trenar, med i eit bikinifitness-team med nydelige Lene Alexandra Øien i spissen, og ha min egen heimebedrift?! Ikkje eg iallefall! Men eg fekk trua på meg sjølv. Plutselig kunne eg klare alt! Eg samanliknar ikkje meg sjølv med nokon andre, og eg starta med eit elendig utgangspunkt, og eg går endå vegen. Gir meg aldri. Er alt dette flaks? Nope, det er engasjement, vilje, dedikasjon og styrke. Eg er ikkje arrogant sjølv om eg har utsagn som «U just watch my smoke». Det er bare slik eg føler meg. Er eg innbilsk no? Haha..

img_7851 img_7856

Eg tenker STORT. Kva trur dere alle som har hatt suksess i noko gjer? Tenkt smått? Come on! Dei visualiserer livet og omstendighetene mange år fram i tid, og fokuserer på målet. Dei gjer. Dei seier ikkje bare. Dei gjer.

img_7823

Eg er kjempestolt over innsatsen min desse 22 bikinifitness-vekene. Altfor kort tid igjen. Iiik, må det ta slutt?!

Dagens resultat på mål og vekt er

– 1,4 cm og totalt 65,1 cm 

– 0,4 kg og totalt 14,5 kg 

Dette er så gøy!!!

The beginning is always tough, but once I’m in it I become unstoppable.


Følg meg gjerne på Instagram 😀

img_7814