Veke 23: BIKINIFITNESS

The fact that you aren´t where you want to be, should be enough motivation. 

Da er vi offisielt i gang med LA LIFESTYLE BIKINIAKADEMIET. For meg er dette runde 2 med Team LA Lifestyle, og eg er så glad og takknemlig for at eg fekk vere med! Grunnen til at skriv veke 23 i overskrifta, og ikkje veke 1, er fordi det var der i veke 22 eg slutta av å skrive forrige gong, og fordi eg ser på dette som ein fortsettelse, ikkje som ein heilt ny start. Dette blir veke 23 i min bikinifitness-reise, men med 2 månadar opphold midt i. Det oppholdet skal eg kome tilbake til i seinare innlegg, det er ikkje noko å skryte av akkurat.

img_9620

Forrige bikinifitnessrunde var vi 15 stk. Vi hadde 6 månadar saman og hadde eit tett samhold. Eg gjekk ALL IN og det var så gøy og inspirerande. Eg følte det var enkelt og eg følte aldri at eg gjekk glipp av noko eller savna noko. April til oktober 2016. Eg gjekk ned 15,1 kg og mista 66,7  cm. For ein transformasjon, både i kropp og sinn. Eg følte meg så bra som eg ALDRI har gjort før! Det er ein magisk følelse det!

img_9177

Denne gongen er vi 35 jenter som vil endre livene våre til det bedre. Vi har og fleire coacher med Lene Alexandra i spissen, og LA-ambassadører og fadrar. Fra 1. desember og 4 månadar fram, til konkurransar i mars-april skal vi gutse på saman.

img_9180

Planen min var å gå all in fra start denne gongen og, så klart, men eg har faktisk ikkje komt 100% i gong enda. Eg prøver å finne ut kvifor, så eg kan fikse innstillinga mi. I mellomtida gjer eg mitt beste. Eg spiser nesten eksakt det eg skal kvar dag, og eg trenar. Men eg har ikkje fått trent så ofte som eg skal, så eg må gire opp eit hakk eller to. Eller fem. Eg trur det kan ha med desse 2 månedane der eg ikkje har vore på diett å gjere. Treningane har det vore mindre av og, og eg kom inn i eit dårlegare spor. Eg er veldig glad for at Bikiniakademiet og dietten starta no i desember, slik at eg gjer ein mykje bedre innsats og klarer å vere forholdsvis sunn i denne månaden i året der vi kosar oss mest. Eg kjem iallefall ikkje til gå opp i vekt, slik eg har gjort i nesten alle tidlegare julemånedar.

Skal eg klare å nå målet mitt må eg starte no, ikkje utsetje og tru at det kan lett fiksast over nyttår eller endå seinare. Lets do this! Now! Men når det er sagt. 2.januar skal eg og fleire ta Helvetesuka. Vi har laga facebook-gruppe der vi skal støtte kvarandre, pushe og motivere. Helvetesuka er noko eg anbefalar alle som vil vokse mentalt å ta. Eg tok den sjølv i fjor og det er ikkje utan grunn at eg ønsker å gjennomføre den atter ein gong.  Eg gleder meg til den råaste start på 2017, for DET blir det! Vil du vite meir om Helvetesuka, kan du Google det, og lese boka til Erik Bertrand Larsen «Helvetesuka». Bli med i gruppa og, der blir det meir info etterkvart. Ta kontakt med meg, så legg eg deg til.

img_9553


Om du vil at 2017 skal bli DITT år; 

Ikkje ligg på sofaen og vent på at det skal skje noko.

Kom deg ut.

Gjør ei endring.

Smil meir.

Vær begeistra.

Gjer nye ting.

Kast unna det du har rota til.

Slutt å følge negative menneske på sosiale media.

Legg deg tidleg.

Stå opp tidleg.

Vær fryktløs.

Kutt ut sladder. Vis meir takknemlighet.

Gjer ting som utfordrer deg.

Vær modig. 

img_9552

Read this one to! 🙂 Vil du endre noko i livet ditt, må hodet endrast. LES BØKER. UTVIKLE DEG SJØLV. Det er mitt beste tips.

PS. I morgon skal eg skrive om Bikiniakademiet på http://www.lenealexandra.com for dere som vil vite meir om det og kva vi gjer der 🙂


instagram: ptanitaveberg

Snapchat: Neeten