Veke 28: BIKINIFITNESS

Working hard for something we don´t care about is called stress. Working hard for something we love is called passion. 

Resultatene mine kjem saaaaakte, men sikkert for tida. Det er egentlig greit, bare eg finner tilbake til min rytme eg hadde i 6 måneder i fjor. Og eg begynner å kjenne at det går bedre og bedre. Desember blei vanskeligere enn forventa, men skal dette bli ei endring for livet, er det ok at det går litt opp og ned, og litt tregt, innimellom. Eg har trent mindre enn 4-5 økter enn eg egentlig skal no siste vekene, men no jobber eg meg oppover igjen, istaden for å begynne for hardt ut. Kostholdet er bra, eg koser meg med dietten, der det går mykje i sjokoladegrøt (havregryn med proteinpulver, kanel og vatn) til frokost og cottage cheese med tilbehør til kveldsmat, i tillegg til ulike middager, lunsj og mellommåltid.

img_0924

Det skal ikkje vere stress å gjere det man liker. Og det er ikkje det heller når man elsker det man gjer. Eg elsker alt som har med helse, trening og fitness å gjere, og eg gjer alt eg kan for å endre gamle uvaner til bedre, sunnare vaner, fordi eg ønsker at det skal vere ein del av meg. Heile livet. Eg har det best når kroppen har det bra.

Det å jobbe hardt for det man elsker, det er givande, motiverande og gøy. Så klart kan man ikkje kvar dag vere like motivert og ha den juhu-følelsen, men eg føler meg så utrulig heldig som har funne alt det eg ønsker i dette livet. Eg har funne fitness som skal halde meg sunn og frisk, eg har funne drømmejobben der eg får utvikla meg sjølv og hjelpe andre, eg bur på drømmeplassen og har min familie som eg ikkje ville vore foruten. Eg jobber hardt med både min fitnessreise, det å få trening og sunn kost til å bli ein del av livet, og med jobben min for å gi familien min muligheten til å reise meir og ha økonomisk trygghet. Men alt tar tid. Det er så viktig å vite når man legger ut på ei ny reise.

 img_1043

Bestem deg eksakt for kva du ønsker deg og vil jobbe for på kver arena i ditt liv. Det har eg gjort. Eg veit eksakt kva eg ønsker meg. Innen både fitness, businessen og familielivet. Du kan ikkje treffe målet om du ikkje veit kor du skal skyte!

img_0728

Det er viktig at du finn ut kva du kan gjere mykje av for å komme dit du vil, og det må jo vere ting du liker å gjere. Eit tips til å finne ut av det er å:

– Lag ei liste over ting som gjer deg glad.

– Lag ei liste over ting du gjer kvar dag.

– Samanlikne listene.

 – Juster deretter.

img_7738

Eg kjenner på følelsen av å vere takknemlig, heldig og velsigna kvar dag. Og det unner alle andre. Slutt å bare vere i live, lev livet med utfordringer, mestringsfølelse, glede og takknemlighet.

Denne veka gjekk eg forresten kun ned 200 gram og faktisk opp eit par centimeter. Det skulle heller vore omvendt. Jaja, som sagt, eg jobber meg tilbake dit eg var, og det er greit. Eg tar tida til hjelp. Kanskje eg trur eg har så god tid, fordi eg ikkje har planer om å stille før til høsten? Jaja, Anita, du lurer deg sjølv 😉 Men eg gjer det eg kan. Bare litt saktere enn sist. Eg nekter å gå opp igjen desse kiloane eg mister, så det får heller gå litt tregare enn sist då. Då eg starta, ønska eg jo å vere der eg er no, 10 kg lettare er eg jo, og det er jo bra! Eg får heller tenke sånn, og det er jo det så mange synes er utfordrande; Å sjå det positive når det er litt negativt rundt det og. Men eg velger å sjå tilbake på at eg er superflink. Så det så 😉


PS. Gå inn på Instagram og bli med på GIVEAWAY i samarbeid med Elsaandrose.com, dei finaste bikiniene eg veit! Du kan få ein slik bikini, heilt gratis! 🙂

IMG_1113

Ha en superfin lørdag da!

Du finner meg og på Snapchat: Neeten 🙂