Veke 7: BIKINIFITNESS

Small disciplines repeated with consistency every day lead to great achievements gained slowly over time. 

IMG_4884 IMG_4905 IMG_4811

Framleis går det utrulig bra, og eg nyter å vere så snill med kroppen min. Mykje god og rein mat og aktivitet. Det følast godt å vere snill mot kroppen sin 🙂

IMG_4929 IMG_4926 IMG_4859

 

Etter 7 veker på bikinifitness-diett blei dagens målinger slik:

Bryst: -0,0 cm

Midje: -0,3 cm

Mage: -0,5 cm

Hofte: -0,0 cm

Rumpe: -0,0 cm

Lår: -0,2 cm

Overarm: -0,0 cm

Minus 1 cm totalt i veke 7 😉 Etter ei så god veke forrige veke er det bare bra at det går litt seinare denne gongen.

Vekt: + 0,3 kg

Vekta tar eg (nesten) med eit smil. Det eg tenker er at tidlegare når eg har gått ned i vekt har eg gjort det så fort som overhodet mulig. Denne gangen går det jo vidunderlig fort og, derfor er det bra når kroppen stopper opp litt. Dei gangene man kjem på eit platå (ikkje at eg trur eg er på eit platå no), burde man tenke at det er heilt greit. Det er heilt greit fordi då blir kroppen og vekta stabilisert på den nye vekta, i staden for det gamle talet som var høgare. Dess lengre du står fast på eit platå dess meir seier kroppen at her vil den vere. Men etter ei stund er vekta på vei nedover igjen. Det som har skjedd då, om man skulle gå opp igjen i vekt seinare, av diverse grunner, så vil kroppen stoppe litt akkurat der det var platå. Det er jo litt greit då. Men om det då ikkje blir tatt tak i, vil så klart vekta auke igjen. Men dess fleire platå og  stopp i vektnedgang desto bedre er det. Så klart er det jo ein viss disiplin som må til når man føler motgang, men om man då ikkje tenker på det som motgang? Då blir det så mykje enklare.

Enten vil eg ha ei ganske god veke neste veke, og viss ikkje vil dietten justerast til litt mindre kalorier.

Eg gledar meg til kvar veke, og kvar målingsfredag. No startar veke 8! Juhu! LETS DO THIS 🙂