Sukkerfri granola

Granola kan gjørast både sunn og usunn. Det blir vel stort sett laga med sukker, men kan lagast sukkerfri ved bruk av Sukrin. Denne gjorde mitt daglege, faste måltid med cottage cheese og bær til ein enda større nytelse. Det er heilt sinnsjukt godt altså!

Sunn og sukkerfri GRANOLA 

img_0483

Ingredienser: Havregryn, Sukrin Gold, kanel

Framgangsmåte: Smelt Sukrin Gold i steikepanna, bland deretter havregryn oppi. Strø alt utover bakepapir, dryss over kanel og steik i ovnen på 180 grader i 10 min eller meir. Dei skal bli gyldne. Desse var inni i 15 minutter, og blei litt for godt stekt, men det var likevel nydelig godt ilag med bær og cottage cheese!

Du kan bruke så mykje havregryn du vil, eg brukte 50 gram her. Eg heiv oppi ein slump med Sukrin Gold, prøv deg fram.

Du kan og tilsette oppkutta mandlar eller andre nøtter, rosiner, tørka frukt, ja det du måtte ønske.

Eg bruker Walden Farms Chocolate Syrup over, det er ein sukkerfri og heilt kalorifri (!) sjokoladesaus. Det finnast så mykje godt der ute, som kan vere fantastiske alternativ til den meir kaloririke maten, og denne sausen er heilt genial. Saman med granola blir dette eit festmåltid i for smakssansen, både søtt, crunchy og supergodt!

Om du har lyst å sjå meir av dette på INSTAGRAM, så er det bare å køyre på 😉

Eg kan og anbefale havrebrød, som eit perfekt sunt alternativ, dei finner du HER.


Følg meg gjerne på Snapchat: Neeten 🙂 Eg legger ofte ut bilder og oppskrifter der og.

Love yourself enough to live a healthy lifestyle –